Viser innlegg med etiketten puter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten puter. Vis alle innlegg

torsdag 27. juni 2013

DIY: Putetrekk

Nyrenovert stol krever puter som matcher. 
Ikkje sant?
Det måtte liksom til. Nye putetrekk som passa til stolen. Denne gong ville eg sleppe å si for hand den siste biten, så eg googla meg fram til konvoluttopning/lukking. Si eg ikkje fann ei forklaring eg var nøgd med, bestemte eg meg for å lage ei sjølv. 
Eg trur kanskje det er eit lærarfenomen. Me forklarer det ofte best sjølv ;)
  1. Mål opp 3 bitar stoff. Mi pute er 50X50cm, så eg målte opp eit stykke 52x52cm (framside) og to stykker 40x40cm (til baksida)
  2. Brett inn kant på ca.2.4 cm på begge baksidestykkene. Stryk over bretten med strykejern.
  3. Sy over kantetn (valgfritt)
  4. Legg alle tre stykkene med vrangsida ut (puta skal vrengast etterpå)
  5. Fest med knappenåler slik at det blir beint.
  6. Sy rundt heile puta.
  7. For å gjere hjørnene fine: klipp av slik biletet viser
  8. Vreng puta. Legg inn innmat. Legg puta i sofaen.
  9. Nyt synet!


Fine puter til den fine skåla frå Wiik og Walsøe som blei med heim frå bloggtreffet. Den har det treffande namnet Leve. Det treff meg midt i hjarta i desse sumardagane. Det er fint med ei skål som kan minne meg på det. Nett no har den fått selskap av ein fin Rhododendron frå hagen. 

Her er forresten linselusa mi. Samson gjer det lite lett å gjere noko som helst om dagen. Eg seier deg: løpetid i gata skal ikkje vere lett for ein yr hanhund.
---
Ha ein god dag! Våryr eller ei ;)

fredag 10. mai 2013

På slang til mormorkopp

I dag er fridag. 
Fridag betyr lengre morgontur med hunden. 
Morgontur på ein fridag betyr eigentleg rundt lunsjtider.
 Dagens morgontur bragte med seg eit pit-stop hos naboen for ein kaffitår og litt livsnyting. 
På veg heim i frå naboen viste det seg at naboen hadde ein nabo med kvitveis i hekken sin.
 Erfaren dame på blomsterslang som eg er så kikka eg raskt rundt meg før eg tilfeldigvis raska med meg nokre knoppar heim. Den fine mormorkoppen har venta på dette augneblinket lenge.
 Mormorkoppen er ein av tre som har komme i hus. Dei er sjølvsagt kjøpt brukt, og no er me (eg) på jakt etter fleire.
Mormorkoppen er så fin og ven at den har fått stå framme til pynt på kjøkkenet i all si levetid hos oss. Den vart sjølvsagt svært så glad når den også fekk innpass i stova som blomstervase.
Kvitveisen gjer seg så godt i mormorkoppen (mormor har slike koppar, derav namnet) at eg klarer ikkje ha dårleg samvit for at eg kanskje ikkje spurte om lov før eg forsynte meg. Derimot har eg bestemt meg for at eit av sommarens hageprosjekt må vere å plante denne vakre blomsten. Går det an mon tru?
---
Helga her skal brukast til å byggje terrasse og lese til eksamen. Forhåpentlegvis får me gjort litt også! 
Lag deg ei god helg du også! 
(denne fruen har nemleg vore på kurs og lært nye uttrykk!)

søndag 17. mars 2013

Mamma har strikka

to fine mariusputer
 på bestilling sjølvsagt
 Fargane valde ho ut sjølv.
Flink
No ligg dei så fint i sofaen og ventar på 
VÅR
PÅSKE
og
FLYTTING
(og det gjer eg og!)

--

new pillows
made by my mom
I love the colors