Viser innlegg med etiketten photoscape. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten photoscape. Vis alle innlegg

mandag 27. mai 2013

Bloggteknisk: Få knapper til bloggen

Då eg var heilt ferskis i bloggverda lot eg meg fascinere av alle som hadde knappar på sida si som linka til diverse rom i huset. Etter ei stund fann eg ut at det er jo faktisk ikkje hokus pokus, og det klarer både du og eg! Einaste det er avhengig av er at du legg til etiketter på innlegga dine: eks stove, kjøkken, bloggteknisk, diy osv.
 1) Gå inn på Utforming --> Legg til gadget --> Bilde
2) Last opp eit bilete frå datamaskinen din
(eg har berre skreve tekst i Photoscape og lagra det som eit bilete)
3) Under innlegga kjem etikettane du har merka innlegget med opp.
Trykk på etiketten du vil linke til, eks: bloggteknisk.
4) Kopier linken frå sida som viser alle innlegg merka med etiketten (i mitt døme: bloggteknisk)
5) Lagre biletet og plasser det i sidefanen der du vil ha det.
No fungerer det som ein link, og alle innlegg du merker med same etikett seinare vil komme opp her!

Lykke til!
---
For fleire bloggtekniske innlegg, sjå her!

søndag 19. mai 2013

Bloggteknisk: få store bilete utan å bruke opp all plass

Etter at eg byrja blogge har eg lært mykje. Eg har og blitt meir kresen og selektiv på kva eg viser fram. Ein av dei er bileta mine. Før publiserte eg gjerne mange små bilete, no kanskje nokre få store.

Eg har også lært eit par ting:
* dersom ein lastar opp bileta rett frå kamera tek desse stor plass.
Til slutt blir plassen i blogger brukt opp, og ein må betale for meir plass
* dersom ein på førehand vel kor store bileta skal vere,
så kan ein få bileta heilt ut i sidekanten på bloggen.

Eg skal vise korleis du enkelt gjer det i PhotoScape:

1) Opne biletet i PhotoScape --> Rediger
2) Velg: Ny størrelse
3) I ruta som kjem opp velger du kor mange pixlar biletet skal vere. Min blogg tåler opp til 650 pixlar. I alle NIB utfordringar ynskjer dei bilete på meir enn 600 pixlar. Det er lurt å huke av: Behold størrelseforhold om du ynskjer same proporsjonar i biletet som du har.
4) I innleggsvindauget i Blogger, sett inn biletet på vanleg måte
5) Marker biletet slik at det blir blått --> velg Opprinnelig størrelse

Brukar du denne framgongsmåten unngår du å bruke for mykje plass i Blogger, og du slepp då å kjøpe meir plass. Samstundes vil bloggen din ta mindre tid å laste ned i nettlesaren. Ein annan positiv ting er at denne måten viser bileta større enn om du huker av for Ekstra stor (eg er fan av store bilete!).

Lykke til!
---
Dersom du vil sjå fleire bloggtekniske innlegg, trykk her!






onsdag 15. mai 2013

Bloggteknisk: bildestørrelse på facebook

Etter mykje om og men har eg no endeleg funne ut kor store bileta på forsidebiletet på facebook skal vera. På den private profilen min har eg ikkje brydd meg noko serleg om dette, men på bloggfacebooksida har eg ønska at den skal ha samme header som bloggen! 
For å sikre at biletet vises slik du vil bestemmer du altså proporsjonane sjølv: 850 px i lengde og 315 px høg. Profilbiletet er kvadratisk (men denne er jo igrunn ikkje vanskeleg).
I PhotoScape gjer du det slik:
Velg: Ny størrelse, og så endrar du proporsjonane til det du vil.

Håpar dette var til hjelp for nokon. Fleire bloggtips ser du her!
---
No står middagsoppvasken for tur i bloggeheimen. Alt for ikkje å lese til eksamen;) O fagre mai, med alt du har med av festdagar og tilhøyrande plikter og eksamenar!

tirsdag 20. november 2012

Redigering: takkekort og julekort i PhotoScape

Oj, heise for ei lang overskrift! 
Likevel, du forstod det kanskje? 

Eg vil nemleg vise korleis du enkelt kan redigere julekortene dine sjølv i PhotoScape, utan at dei blir uklare når dei kjem i frå trykk!
 PhotoScape er eit gratis nedlastingsprogram som er superenkelt i bruk. Det einaste ein må passe på når ein skal ha noko ut på papir er at oppløysningen er god nok. Denne bestemmer du til høgre i menyen under knappane Lagre og Rediger.

Hos meg står der no 3000 x 3000. Dette betyr at det er 3000 pixlar. Det tilsvarer ca 25 cm med 300 pixlar oppløysning (pixlar per tomme i bilete). Når ein skal trykke noko på papir kreves det fleire pixlar enn når ein skal bruke det på til dømes blogg.


Vidare vel du den malen du vil bruke i høgre meny, og set inn bilete fra venstre meny. Eg har valt ut bilete av finaste Emilie som eg får vere "liksomtante" til. 

Emilie vil ha ei blank rute i midten på takkekortet sitt. Denne har eg laga enkelt i paint. Eit tomt dokument som er heilt kvitt (kunne også laga det i andre fargar)

No kan det vere lurt å lagre før du går vidare. Vel høgaste kvalitet.

Skriv så inn valgfri tekst. Emilie her har valt same blåfarge som i smykke ho har på seg frå oldemor.

Lagre dokumentet når du er fornøyd.

Vips! Då skulle du kunne laste opp takkekortet/julekortet og få det tilbake ferdig trykt med god kvalitet!

Forståeleg?

mandag 16. april 2012

Redigering: PicMonkey

Eg testar ut redigering i eit nytt program. 
Kvitveisane frå ein av lufteturane med hunden i helga som var er prøvekaniner.
(Utruleg nok ser dei ut til å overleve både snø, vind, hagl, regn og sol desse dagane)
Foto: Vidunderleg
Programmet heiter PicMonkey og er heilt gratis. Eg fann det tilfeldig for nokre dagar sidan, og no ser eg det allereie er i bruk på bloggfronten. Kjekk og enkel redigering av bileter. 
Prøv det ut! Kva syns du!?