Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg

tirsdag 3. juni 2014

Garden party

Norske interiørblogger inviterer bloggarar til å vise gjenbruk i uterommet. 
Ein utfordring etter mitt hjerta.
Metervare i lin frå stoff og stil fungerer som duk over det styggfine bordet og stolane som stod igjen frå forrige eigar av leiligheten me budde i gjer seg fint under ein skinnfell, kombinert med ein av nyare dato,
 Tallerkane er kjøpt brukt på facebook og korga er funne på brukbutikk, det same med fatet. 
 Flaskene har tidlegare vore fylt med sviskesaft for niese Maria og er praktiske som både drikkeflasker og vasar. Med etikettar på tar ein hvertfall ikkje feil.
 Frå eg reiste til Grimstad på søndag til eg kom heim i går hadde dei fine blå blomstrane fått tid til å bløme. Dessverre hadde den eine knekt og måtte reddast frå å visne.
Med til historien høyrer det at etter eg, klok av skade, hadde smørt meg med solkrem forsvann sola og hageselskapet måtte flyttast inn *rettetungelittleitsmilefjes*
--
For fleire uterom og meir gjenbruk: sjå her!

søndag 26. mai 2013

Inspirasjon drivhus

Eg blir inspirert av andre sin kreativitet.

I det nygamle huset vårt står det eit gammalt drivhus i hagen. Først ville eg gi det vekk. Eg synstest ikkje det var noko fint. No står der likevel frø som spirer og sekkar med mold er kjøpt inn. Prosjekt drivhus har starta!
Dette fine drivhuset vitja eg i går då me var i bryllup på FjørSilkeBris (smak på det fine ordet!). Tenk om eg er glad for at me har beholdt drivhuset!
Å sitje i ein gyngestol, omgitt av grøne planter gir meg ro i sjela. Eg ser meg nødt til å lage ein gyngestolkrok i mitt eige drivhus. Det må det berre bli plass til.
Urtene frå dette drivhuset fekk me servert til forrett saman med lokal fetaost og sprø spekesinke. Ei smaksoppleving!

Eg var blitt spurt av brudeparet om eg kunne fotografere litt under festen, men allereie før brudeparet kom (dei var vel og merke forsinka) hadde eg brukt opp batteriet på bilete av lokalet innvendig. Det du ser her er derfor elendig kvalitet frå min trufaste iphone 4 (som og vart svart etterrelativt kort tid. Planlegging på det sterkaste)

---

Om du undrar deg over mine ukritiske val av bilder og dårlege bildekvalitet skuldast det min store bloggetrong og behovet for inspirasjonsdeling i kombinasjon med knapphet av tid ved lesing til eksamen. Eg lover å komme sterkt tilbake etter onsdag;)

(Eksamen= iPad-blogging. Vil du prøve kan du lese meir om det her!)

 

fredag 10. mai 2013

På slang til mormorkopp

I dag er fridag. 
Fridag betyr lengre morgontur med hunden. 
Morgontur på ein fridag betyr eigentleg rundt lunsjtider.
 Dagens morgontur bragte med seg eit pit-stop hos naboen for ein kaffitår og litt livsnyting. 
På veg heim i frå naboen viste det seg at naboen hadde ein nabo med kvitveis i hekken sin.
 Erfaren dame på blomsterslang som eg er så kikka eg raskt rundt meg før eg tilfeldigvis raska med meg nokre knoppar heim. Den fine mormorkoppen har venta på dette augneblinket lenge.
 Mormorkoppen er ein av tre som har komme i hus. Dei er sjølvsagt kjøpt brukt, og no er me (eg) på jakt etter fleire.
Mormorkoppen er så fin og ven at den har fått stå framme til pynt på kjøkkenet i all si levetid hos oss. Den vart sjølvsagt svært så glad når den også fekk innpass i stova som blomstervase.
Kvitveisen gjer seg så godt i mormorkoppen (mormor har slike koppar, derav namnet) at eg klarer ikkje ha dårleg samvit for at eg kanskje ikkje spurte om lov før eg forsynte meg. Derimot har eg bestemt meg for at eit av sommarens hageprosjekt må vere å plante denne vakre blomsten. Går det an mon tru?
---
Helga her skal brukast til å byggje terrasse og lese til eksamen. Forhåpentlegvis får me gjort litt også! 
Lag deg ei god helg du også! 
(denne fruen har nemleg vore på kurs og lært nye uttrykk!)

mandag 1. april 2013

O, store snøklokkeglede

 Kvart einaste år, heilt si eg var lita jente, har eg plukka naboens snøklokker. Snøklokker som ikkje var mine, men som eg kunne ta likevel, fordi eg ikkje visste betre.
No er eg vorten voksen. No veit eg at det ikkje er lov å gå inn i andre sine hagar å stele snøklokker uten lov. Der eg budde før påske hadde naboen ei heller snøklokker.

Etter hektiske flyttedagar denne påsken oppdaga eg her ein dag til min store glede at det faktisk no er meg som er den heldige naboen med snøklokker. 
Minn meg berre på at når huasten kjem skal eg plante nokre fleire løkar.

---
1.april her i heimen gjekk forresten stille for seg. Ingen lurte, og ingen vart lurt. Likte IKEA sin spøk der dei tilbakekalte venstrehente ubrakonøklar. hihi!