Viser innlegg med etiketten gibort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gibort. Vis alle innlegg

tirsdag 20. mars 2012

Heldig vinnar

Då var det bestemt kven som er så heldig å få gjera nokon glad. Altså, denne muligheten har me sjølvsagt kvar dag, men nokre gonger dukkar det opp ein ekstra mulighet. Eg snakkar om give awayen frå Claire Kids. Ein nydeleg matrosdress har funne vegen til den som skal vera dens eigar! Trekninga skulle sjølvsagt funne stad i går, men måtte vike til fordel for ein spontan tur til London. 
The lucky number denne gong var nummer 17 av totalt 100 lodd. Lodd nummer 17 tilhøyrer Vivvi med bloggen Vivvi's verden. Eg tenkjer Vivvi har eit gull som kjem til å sjå strålandes ut i dette antrekket. 

Takk til Claire Kids som ville dele ut denne fine dressen. Dei har no fått inn hårpynt frå prikken over i'en som eg kjenner mange mødrer som har venta på. Lik sida deira på facebook her, så ser du fleire flotte nyhender dei har fått inn!

mandag 19. mars 2012

Som ein sebra

er den vakre nye vasen min frå Kähler
Gleda var stor då eg fann ut at dei var i salg på Hødnebø her i Haugesund.
Striper er kult. Og eg likar kontrasten mellom mørkt og lyst.
Foto: Vidunderleg
 I helga har eg opplevd våren i London, og då eg kom heim var det vår i stova også. 
Fint!

I London vart det også handla inn andre typar sebrastriper. 
Gleder meg til å kle sofaen med puter frå HM Home. Det dryppa sjølvsagt noko sebrastriper på både mann og kone også. Striper betyr vår, så no er både hus og folk klare!
(og sjølv om eg i fjor bestemte meg for at eg var ferdig med stripene, er det no på han igjen..!)
Glede!

Foto: Vidunderleg
I dag er siste sjans for å vinna ein herleg matrosdress/kjole frå Claire Kids. Har du enno ikkje teke lodd må du skynte deg! Vinnaren vert nok ikkje trekt før i morgon kveld, sidan Londonturen var litt spontan og oppgåvene står i kø. Sleng deg med her!

onsdag 7. mars 2012

Gode råd til prinsen

Det er så kjekt å få gode råd! Giveawayen eg har for Claire Kids på Amanda gir meg så mykje inspirasjon. Inspirasjon til å glede andre. Du er hjerteleg til velkommen til å få inspirasjon du også. Og til å delta.

I helga traff me ein prins. Og ikkje kven som helst prins. Prins Magnus. Ikkje prins Sverre Magnus altså, men ikkje så langt i fra. Heilt fersk er han, berre to veker gammal.
Denne gongen vart det innhandla pakke frå Claire Kids på gåvebordet. Ei tøff (og behageleg) skjorte og eit kosedyr. Neste gong lurar eg på om det blir kombinert med noko heimalaga. Kanskje.


tirsdag 28. februar 2012

Gibort: Ville du ha denne?

Trekning vart foretatt i går. 
Spenningen stod i taket.

Alt i alt vart det teke 68 lodd.
Ved hjelp av random.org fekk eg hjelp til å trekkja ut den heldige. 
Denne gongen lønna det seg å vera tidleg ute. Lodd nummer to vart trukke ut, og det vart då Silje med bloggen Min sin blogg som stakk av med den fine premien (som du ser her.)

Gratulerer Silje!

Til alle andre: det gledar eit vestlandshjerta at så mange ville bli med. 
Det er stas!

Takk til Fru Dagmar & Me som sponsa.
Om du enno ikkje har vore på facebooksida deira for å sjå dei fine tingene dei sel så er det ikkje for seint å bli inspirert. Bur du i området vil eg absolutt anbefala ein tur innom.

Vant du ikkje denne gongen? 
Fortvil ikkje, her kan du vinna noko som du kan gje vidare til eit sjarmtroll!


tirsdag 21. februar 2012

Giveaway: Kven vil du gjera glad?

I helga fekk me ein gledeleg beskjed.
Paret me besøkte i den nye heimen sin for litt sidan er blitt foreldre.
To er blitt til tre.
Ein skjønn prins skal oppdaga verda, og håpefulle foreldre skal bli kjent med ein ny sjef.
Foto: Vidunderleg
Som nybakte foreldre tenkjer eg det er kjekt å få ei gåve. 
Denne gåva skal jo helst vera noko som ein skal kunne bruka, og eg vil helst at den skal vera spesiell. Eg vil at (i alle fall mor) skal finne fram gåva frå oss, og tenkje på at ho/dei sette pris på den.
Foto: Vidunderleg
 Kva gir ein til heilt ferske prinsar og prinsesser? 
Kva blir foreldra glade for? 
Sjølv har eg ingen born, og eg har mange gonger gitt det eg trur eg ville blitt glad for sjølv. 
Nemleg: sko.
Eg er nemleg svært glad i sko.
Foto: Vidunderleg
I seinare tid har eg fått litt hjelp i mi jakt etter ei gåve til små håpefulle. Det er nemleg komme ein ny butikk. Den heiter Claire kids og held til på Amanda i Haugesund. Barneklede med det lille ekstra. Eg tenkjer at om hadde vore mor så ønskt meg gåver herfrå, fordi eg kanskje ikkje alltid hadde tatt meg råd til det sjølv. Og så har dei ofte same type klede til søsken opp til 12 år. Kjekt at det matchar. I alle fall om ein skal fotograferast.. ;)
Derfor har eg gått til denne butikken.
Det gjorde eg også i går.
Foto: Vidunderleg
Om eg skulle starta butikk sjølv ville eg vore med desse jentene. 
Her får ein med ein snopeting på kjøpet, enten det er til storsøster eller lillebror. 
Dei sel heimehekla sko, til dei av oss som enno ikkje er flinke nok til å få det til sjølv.
 (og ja, eg har prøvt, og om eg skulle prist mine ville det vore langt meir enn 149,-)
Dei sel flotte kort. Scrappa.
Dei har det lille ekstra, eller prikken over i'en. 
Sistnemte er eit av merkene dei skal ta inn. 
Forutan sel dei MyCinnamonGirl, Jean Paul, Chill Norway, PepeJeans, Twins, Emilie et Rose og mange fleire.

Eg vil jo gjerne vise fram den fine gåva eg kjøpte med heim, men det går jo ikkje. 
Derfor viser eg fram noko som du kan få med deg heim.
Foto: Vidunderleg
Du kan få med deg ein fin matrosdress/kjole frå Claire Kids. 
Matrosdressen/kjolen går frå str 62-98.
Perfekt til vårens festligheter med 17. mai, konfirmasjonar, bryllup og andre festligheter.


Reglar for deltakelse er som følger:
1: Lik sida til Claire Kids Haugesund på facebook - 3 lodd
2: Følg Vidunderleg - 1 lodd
3: Link til give away'en på blogg/facebook- 1 lodd
(totalt 5 lodd)


Skriv i kommentarfeltetet under kven du vil gjera glad. 
Er det eigne håpefulle? 
Eller andre sine håpefulle? 
Eg kan jo også trenge tips til kva du blir glad for å få av gåver til søte små. 
Går du helst for basisklede, eller for det litt meir spesielle?

Husk å skrive kor mange lodd du tek (oppgi også ønsket størrelse). 
Alle kan delta. Husk berre å oppgi mailadresse om du ikkje har eigen blogg.
Frist for deltagelse: 19. mars.

*tvitvi*

Alle bilete over er teke frå gårdsdagens shoppingrunde hos Claire Kids.

tirsdag 7. februar 2012

Vil du ha denne?

Som lova: her kjem ein ting til deg!
Eit lekkert sinkfat frå IB LAURSEN og ei velduftande såpe. Dette står og ventar på sin rette eigar. Gåva fekk eg med meg på bloggtreffet for å gi vidare. Kanskje til deg?

Gåva kjem frå ein søt butikk i Vedavågen på Karmøy. Den heiter Fru Dagmar & Me og har litt av kvart i sitt sortiment. Klær til liten og stor, interiørartiklar, kunst og ikkje minst ein søt liten cafè.

For å få denne skjønne gåva må du ta "lodd" i kommentarfeltet. Du kan ta totalt 3 lodd.
(Om du ikkje har blogg sjølv, oppgi mail!)

1 lodd for å like sida til Fru Dagmar & Me på facebook her
1 lodd for å linke vidare til vidunderleg på bloggen din/facebook
(Bruk gjerne biletet over)
1 lodd for å følge Vidunderleg

Trekning 27. februar.

*tvitvi*