Viser innlegg med etiketten Sitat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sitat. Vis alle innlegg

søndag 12. februar 2012

*kjærlig

Print: Laga av Vidunderleg
I dag er alle mødrers dag. Dagen då alle mødrer bør få sove lenge og vakne opp til fersk kaffi og nybakte rundstykker. 
Fin dag i grunn. 

Eg har laga eit print til mammaen min. 
Eit print med fine ord. Fine ord til mammen min.
Og sikkert fine ord for andre sine mammaer også.

Kva gir du til di mor?
Kva set du mest pris på å få sjølv?

*fin og kjærlig morsdag!

mandag 9. januar 2012

Lyset

I dag var det lyst når eg kom heim i frå jobb.
Energien strøymer på!
Det er ingen hemmelighet at lyset påverkar psykisk, og derfor er det så godt å tenkje på at me no er på veg mot lysare tider og mykje nytt å sjå fram til! Eg gler meg!

Håpar vekestarten har behandla deg godt!

tirsdag 3. januar 2012

Nye muligheter

Nytt år, mykje spanande i vente!
Me gler oss til alt som skal skje!

God overstått jul til alle kjende, her i heimen har me hatt datafri sone med fokus på å ha kvalitetstid saman! Det er herlegt med jul, og med alt den bringer med. Denne jula har eg verkeleg fått fundera over kvar eg vil ha fokus, og kva det gjer med meg. 

Eg las ein plass at jula er eit forstørrelsesglas for kjenslene våre, og dette er nok bra for dei aller fleste av oss. Det er også då viktig å tenka på dei som opplever dette negativt, som ikkje har ein god familie eller nokon å feira jul i saman med.

I det nye året ynskjer eg å ta enno betre vare på dei vidunderlege tingene i kvardagen! Vidunderlege ting som den fine Orkidèen min fantastiske mann kom heim med rett før jul. 
Gleder i kvardagen.

fredag 9. desember 2011

Å velge glede

På tirsdag var eg på kurs med jobben. Eit kurs som eigentleg omhandla det meste. Eg trur det er bra å senda sine ansatte på kurs.
For å bli inspirert.
For å gjera ein betre jobb.
For å bli glade.

Me var på kurs med ein danske. Han var svært glad. Han minna oss på dei nyforelska som kunne vera vakne heile natta lang uten å klage over kor lite søvn dei hadde fått dagen etter. Heller tvert imot.
Me lærte at det faktisk er me som bestemmer om me vil la lite søvn prega dagen vår positiv eller negativt.
Biletet er henta fra etsy.com
Han minna meg på at glede kan vera eit val!

God helg!

onsdag 9. november 2011

Genial på fine ting

Dagens og gårsdagens prosjekt:
- læra seg ein song med tre grep på gitar.

I 8.klasse er dette eit krav for å bestå i musikk.
Vidundermannen kan ikkje anna enn å le,
han syns eg er håplaus!

Det verkar som om 
orda som kjem ut av munnen 
ikkje vil arbeida i takt 
med handa som skal opp
og ned
på gitaren.

På skulen eg jobbar på har me i dag snakka om
styrken i å vera 
forskjellige.

Alle er geniale,
men på kvar sine områder.

Eg er ikkje genial på gitarspeling,
men på fine ting.

Bjørkelyset på biletet har eg to av,
og det er genialt å ha på dagar der det er blitt mørkt før eg er heime frå jobb.

torsdag 3. november 2011

DIY: Stjerne av pinnar

Sjå på stjernene.
Sjå korleis dei skin for deg.


Fine ord.
Fin stjerne også.
Den har eg surra saman sjølv:
-5 pinnar
- litt hyssing

Nokre stakkarslege pinnar som låg på bakken.
Dei har nok logge der ei stund.
Eg har sett dei før.
No har dei fått bli me meg heim.
Dei har fått nytt liv som stjerne,
og minnar meg dagleg om at eg også har stjerner som skin for meg.

Stjernene skin for deg også!

lørdag 8. oktober 2011

Optimist og smil

I have never seen a smiling face 
that 
was 
not 

beautiful!
I dag fann eg, 
midt mellom alle dei visna sumarblomane mine,
ein optimist!
Ein som strekkjer seg mot haustsola,
sjølv alle andre har gjeve opp.
Optimistar som dette gir meg smil om munnen!

fredag 7. oktober 2011

Soul


Friske blomster frå London og helga som var.
No: Ny helg og nye opplevingar!

God helg til deg!!

mandag 30. mai 2011

Kjære måndag


Sitat henta herfrå
 Ny veka og nye eksamensinnleveringar!
Likevell er det med bankande hjarta eg ser at regnet har letta og sola kikkar såvidt ned mellom skydekket. Sumaren kjem nok snart!

Sjarmøren med den fine tanngarden er min kjære nevø i Stavanger. Han er mitt førebilete med tanke på at han aldri har ein dårleg dag, alltid er like optimistisk og aldri tek sorgene på forskudd. Han er i tillegg snill som eit lam og dum som eit brød. Han vart storebror til ein såkalla "nakenhund" (dvs menneskebaby) i september, og eg kryssar fingrane for at me får treffa dei i helga!

God måndag, og god start på veka!

torsdag 26. mai 2011

Nytt liv blømer til

Litt filosofering i eksamensmaset.
Omkring det fine som tek form utanfor husveggane.
Noko som spirer fram, strekkjer seg opp og vitnar om optimisme og lykke.
Om å leva livet her og no.

Tankar omkring det gamle som er forbi. 
Det som er forlatt, og ingen syns er fint lenger.
Det som står og er glemt.

Men så viser det seg at det har ein skjønnhet likevell.
Små barn veit ikkje kva dei skal frykta, og små spirer veit ikkje at ved å bløma til på sine utvalte stader får dei det gamle slitte til å bli fint igjen.


Det blir nytt liv.

Eg syns det er så mykje fint der ute!
Eg skal minna meg sjølv på å opna augene opp enno meir.
Setja pris på det nye.


Min skjønne svigerfar minna oss om eit sitat som han hadde sett på ein reklame i går som han synest var så fin:

"Alla dessa dagar som kom och gick
inte visste jag att de var livet."

Stig Johansson 

Tatt fra samlingen "Den kapsejsade himlen" som kom i 1984

mandag 9. mai 2011

Spirer

Eksamenspensum med Søren Kirkegaard:
"Livet kan bare forstås baklengs, 
men det må leves forlengs."

Derfor har eg laga meg ei lista for dagane framover:
- nyt dagane som er, dei kan berre opplevast no
- lær å prioriter, alt arbeidet som tyngar skuldrene no, er kanskje ikkje så viktig i det lange perspektiv
- utnytt dei tingene i livet som gir glede (våren gir meg stor glede)
- våg å ta sjansar, våg og lev livet. 
- livet er her og no.


søndag 8. mai 2011

Griseri

"Alle dyr, bortsett fra mennesket, vet at den eneste meningen med livet er å nyte det."
 Samuel Butler





Desse grisane sjarmerte meg stort då eg var innom ein gård her forleden. Så utruleg herlege, rosa og sjarmerande. 
Dei ser så ufatteleg dumme ut, men samstundes har dei eit uttrykk som rører ved hjarta.

Eg trur eg kunne likt å hatt ein gris. 

onsdag 27. april 2011

Livet

Livet er ikke alltid det dyreste.
Henrik Ibsen
No skal eg og min firbeinte venn gå ned til byn for å henta bøker på biblioteket. Me er spreke!!
(Ikkje få panik, bilen er på verksted. Dessutan har eg og mannen konkurranse om kven som går flest skritt om dagen, og i dag har eg tenkt å vinna!!) 

Ha ein nydeleg dag i solskinnet!! 

onsdag 13. april 2011

SøøøøT

skål med fugl på.


Frå (fantastiske) Søstrene Grene
Kjøpt i DK.
Frakta heim i kufjerten innpakka i serviettar.
Innvia med taxfree snop.



No tom skål på bordet.
Ved sidan av ein blømande husfred.
Korleis ta avleggjar av slike?

og korleis tørke lyng?
Eg syns å hugsa mamma hadde lyng ståande i kjellartrappa heile året, men mine berre visnar.
Både inne og ute.. 

aldri så gale


 at det ikkje er god for noko.

Sår i halsen = ein gyllen anledning til å breska seg med finaste tekoppen.
Finaste tekoppen som for inntil to veker sidan fungerte som blomsterpotte (blomster har det kun godt estetisk hos meg, diverre er ikkje dette nok for å overleva. Sjølv for blomster).


Ein dæsj svart te.
Ein dæsj ekte lynghonning.
Ein dæsj frisk Heidi til i morgon.
 Og forhåpentlegvis,
ein dæsj ferdig heimeeksamen.


Serleg godt smakar jo teen med ei vakker tesil med krystall på toppen.
I love.

Medan eg syns synd på meg sjølv så tillater eg meg å surfa litt i bloggosfæren. Då finn eg alltid så mange kjekke bloggar at det som oftast tek lang tid å komma tilbake til opprinneleg aktivitet (nemleg heimeeksamen). I kveld kom eg innom denne bloggen
(som attpåtil skal gi bort ei flott vimpelrekke!).

Vil ha!

torsdag 17. mars 2011

Litt redd