Viser innlegg med etiketten Haugakos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Haugakos. Vis alle innlegg

torsdag 27. juni 2013

DIY: Putetrekk

Nyrenovert stol krever puter som matcher. 
Ikkje sant?
Det måtte liksom til. Nye putetrekk som passa til stolen. Denne gong ville eg sleppe å si for hand den siste biten, så eg googla meg fram til konvoluttopning/lukking. Si eg ikkje fann ei forklaring eg var nøgd med, bestemte eg meg for å lage ei sjølv. 
Eg trur kanskje det er eit lærarfenomen. Me forklarer det ofte best sjølv ;)
  1. Mål opp 3 bitar stoff. Mi pute er 50X50cm, så eg målte opp eit stykke 52x52cm (framside) og to stykker 40x40cm (til baksida)
  2. Brett inn kant på ca.2.4 cm på begge baksidestykkene. Stryk over bretten med strykejern.
  3. Sy over kantetn (valgfritt)
  4. Legg alle tre stykkene med vrangsida ut (puta skal vrengast etterpå)
  5. Fest med knappenåler slik at det blir beint.
  6. Sy rundt heile puta.
  7. For å gjere hjørnene fine: klipp av slik biletet viser
  8. Vreng puta. Legg inn innmat. Legg puta i sofaen.
  9. Nyt synet!


Fine puter til den fine skåla frå Wiik og Walsøe som blei med heim frå bloggtreffet. Den har det treffande namnet Leve. Det treff meg midt i hjarta i desse sumardagane. Det er fint med ei skål som kan minne meg på det. Nett no har den fått selskap av ein fin Rhododendron frå hagen. 

Her er forresten linselusa mi. Samson gjer det lite lett å gjere noko som helst om dagen. Eg seier deg: løpetid i gata skal ikkje vere lett for ein yr hanhund.
---
Ha ein god dag! Våryr eller ei ;)

mandag 10. juni 2013

Kjøkkentilbehør

I min streben etter å gjere kjøkkenet i vårt nygamle hus til mitt vårt har det no komt inn ein fjong skiferstein frå hagen. Ganske kult, syns eg.
 Steinen er ein av fleire som vart til overs når den flinke mannen min (smiske, smiske, les du bloggen min husbond?) lagar terrasse til meg. Terrassen blir tre gongar så stor som den som var når me kjøpte huset.
 Amundsen spesial sponsa bloggtreffet med fantastiske produkt frå Jamie Oliver: Jme. Pesto, Olivenolje og Oliven vart med heim i posen. Like fantastiske på smak som dei er i design. Amundsen har vore min favoritt si dei opna her i Haugesund, og no har dei fått nettbutikk!
Tavla du skimtar i bakgrunnen skal liksom hjelpe oss med å planlegge middagana. Ikkje så veldig vellukka prosjekt. Først skreiv me dag for dag. Det gjekk ei stund, men så passa det ikkje å lage kjøttkaker den dagen for då hadde me ikkje tid. Eg byrja derfor skrive opp alt me hadde av ingredienser til middag, men me er ikkje noko serlig betre på det.. Nokon betre forslag?
--
I dag er det hvertfall måndag. Måndag skal vere sunn dag. Starte veka godt;)
God vekestart til deg.

tirsdag 4. juni 2013

Ugras på bordet

 Eg har vore i blomsterbeda og plukka ugras. Utanfor mitt nygamle hus er det nemleg eit lite sammensurium av planter som veks litt vilt og uhemma. Innimellom det eg har funne av mellom anna kusummre, liljekonval og litt lyng er der og komme opp ei heil røys med strå.
Mannen berre ristar på hovudet når eg stolt viser kor fine dei var i den kvite Uashmama posen me fekk av Brun'o interiør på bloggtreffet. Vakkert syns eg. 

Endeleg har eg også fått i hus eit duftlys eg ikkje blir kvalm av. Dette var det Hedda frå Crush consept som sponsa. Lyset kan brenna sjølv med små babyar til stades. Eg er kanskje litt sær når det kjem til dufter, men vanlege duftlys luktar så sterkt at eg må slukke dei med ein gong. For ikkje å snakke om gamle damer på bussen som har drukna i parfymeflaska.
Pleddet frå som Skeidar hadde gitt til bloggtreffet er no rulla fint saman i påvente av at mannen skal bli ferdig med snekkerarbeidet på terrassen og sommarkveldane skal nytast der.

Eg ser at kusumrane i mormorkoppen må byttast ut snart. Om eg er heldig finn eg enno nokon fleire i den kjekke hagen min. Fordelen med å kjøpe eit nygammalt hus er absolutt alle overraskingane som dukkar opp etter kvart som sommaren sakte men sikkert brer om seg.
---
No er det dags for litt retting her i gården. Det gjer ingenting, for snart er det ferietid! Ynskjer deg ein vakker ettermiddag!

søndag 2. juni 2013

Dagen derpå Haugakos

 ..er det tid for å sortere tankar og nye bekjentskaper. 
Godsaker frå fleire proppfulle goodiebags er delvis rydda på plass. Sjal frå Kristine Vikse og Barfot er allereie prøvd ut. Teppet frå Skeidar kom godt med i nordavinden i går. Fantastisk instant te frå Amundsen spesial kjem godt med i dag. Varm te er ikkje feil når halsen gir beskjed om at det muligens vart litt vel blåst i går.
Bolig pluss og Henne låg på bordet då me sette oss. No som eg endeleg er ferdig med eksamen og kan unne meg ein "frisøndag" er dette kjært lesestoff. Har ein heil haug faktisk med blader eg skal kose meg med forutan desse. Det kallast egentid *smil*

På treffet som vart arrangert av skjønne Maia (fabelaktig) og nydelege Karianne (MittSitt) må seiast å vere noko av det kjekkaste eg har fått vore med på på lenge. 50 bloggerinar i sin finaste stas og vakraste smil. 
 I dag er eg berre heilt overvelda. Sååå glad for å ha fått eit ansikt på mange av dei flotte bloggane som finst der ute. Skulle berre hatt enno lengre tid til å få snakka med enno fleire! Håpar på fleire slike treff!
Som den rutinerte vimsen eg er så hadde eg sjølvsagt med kamera. Batteriet var fullada. Eg hadde jo lært av mine feil frå bryllupet sist helg. Einaste eg hadde gløymt no var minnekortet! *ler*
Fine bilete frå treffet kan du sjå her. Der kan du også lese om dyktige Kristine Vikse, Bryllupsplanlegger Cathrine og dei flotte menneska bak Amundsen Spesial som alle inspirerte oss på kvar sin måte.
---
Ha ein god søndag!!