Siste fra Instagram

Viser innlegg med etiketten Yttergang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Yttergang. Vis alle innlegg

lørdag 30. mars 2013

Bursdag! ....og ein nydelig gave!

 I dag er det min dag! Sola skinner, og min kjære har servert deilig frukost på senga. Livet er herlig!
Bilder fra vår felles 30 års dag. Ein kjempekoslig fest med gode venner!
 Bursdagsgava frå min kjære, er denne fine skjenken som står i hallen vår.
 Eg fant den på finn.no, og sa på spøk til min kjære mann at det hadde vert ei koslig bursdagsgave. Han kasta seg rundt etter dagvakt på søndag og kjørte ned til Tønsberg (10 timer kjøring ein vei) og henta den til meg! Eg har verdens snillaste og beste mann! Perfekt! ;)
Så no står skjenken midlertidig her i hallen vår, til eg har funnet ein betre plass til den. 
Her skinner sola, og vi alle har fri, så det er berre å nyte! 
Ønsker deg ein fiiiin dag!

Godklem fra

fredag 30. desember 2011

Ei romjulshelsing frå hallen vår ♥

 Hallen vår har også fått litt julepynt. 
 Synest det er pent med litt rødt blant alt det kvite... 
Siden det er ein del som gjenstår akkurat her, har eg ikkje fått tatt så mykje bilder av rommet.
Også trappa har fått litt pynt, sjølv om ikkje alt er klart...
For jul blir det, sjølv om ikkje alt er som ein hadde tenkt.. 
Vi har hatt ei flott jul. Tusen takk for koslige besøk! I morgen er det siste dagen i dette året.. Kor blir dagane av? Får eg litt tid, kjem eg tilbake i morgen, viss ikkje, ønsker eg deg eit riktig godt nyttår!

Godklem fra


Tips; Hjerta er kjøpt på tilbud på Kid, men fjerna hyssingen som følgte med, og erstatta med silkeband, sløyfe, og bjeller i stadenfor. Lysestakene er funnet på gjenbruk. Kjøp eit par englevinger, og nokre bær, vips, lekker og enkel pynt. 

fredag 28. januar 2011

When heaven falls to earth it becomes a garden.. ♥

Denne flotte tallerkenhylla er eit av mine nyaste bruk-innkjøp. Den henger ute i gangen vår, med litt vårlig pynt på.. ♥ 
Kver dag nærmer vi oss våren, og snart vil det begynne å blomstre ute. Neste år, får eg kanskje sjå litt av min eigen hage blomstre.. ♥ Gleder meg! 
Ønsker alle dere ei herlig helg! Nyt dagane! ♥

Godklem fra



onsdag 1. september 2010

Liten engel i yttergangen..

I sommar vart det litt shopping, på ferieturen vår...

Eg fant plass i bilen, til denne vakre engelen..
No pryder han yttergangen, sammen med fleire lekre nye skatter...
To lekre pynteglass, passer perfekt til te-lys eller vakre blomster...
Sjølvsagt Lisbeth Dahl sine.. Ho lagar så mykje smakfullt!
Eit vakkert HOME-skilt vart med heim fra ein interiørbutikk i Sverige..
Denne flotte kanna er fra ein blomsterbutikk i Lofoten..
Med eit nydelig monogram...
Liker vakre detaljer..
Kanna kan brukast til pynt aleine...
...eller sammen med ein blomst eller ein bukett...
Denne vakre blomsten er så utrulig vakker...
Den vokser og vokser..
...og den blomstrer små søte rosa blomster...
Yttergangen blir vakker med slike skjønne detaljer..
...så hjertelig velkommen på besøk!

Godklem fra

tirsdag 20. juli 2010

Ein liten smak av nostalgi..

Før vi dro på ferie, såg eg igjennom nokre gamle bilder av bestemor og pappa sin familie...
Da kom eg over dette vakre bildet her. Bildet er av bestefar og bestemor, pappa og hans eldre bror, samt oldefar, ståande utanfor heimen sin, i Stamsund...
Det er eit veldig pent bilde, med mange nydelige detaljer, og ikkje minst, eit flott bilde av min flotte familie! 
Eg bestemte meg for å lage ei pute med dette bildet som bestemor skulle få då vi dro nordover. Så kunne bestemor få gleda av å sjå bildet igjen, samtidig få ei vakker pute som kan pryde den flotte sofaen hennes...
Så før vi pakka inn puta og tok den med nordover, så fekk eg knipsa eit par bilder av den ute i gangen vår...
Bestemor vart kjempeglad for puta.
Det er sant som dei seier, at den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad.. ;)
Det blir nok fleire slike puter etterkvert...
 ...då eg har funnet fleire vakre gamle motiv av kjære og nære.. 

 Det var ein liten smak av nostalgi i kveld.. :) God natt ;)

Godklem fra