Siste fra Instagram

Viser innlegg med etiketten St.hanstoppen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten St.hanstoppen. Vis alle innlegg

mandag 24. desember 2012

Eit juleeventyr fra Sthanstoppen ❤


 
 
 
 
Det var ein gang ein liten prins, frå kongeriket Sthanstoppen. Han stabba omkring mens han venta på julekvelden. Dagane fauk som små snøkrystaller, og prinsen dagdrømte om troll, små dansande alver og hobbitter som holdt til i Sthansskogen.
Det er nesten som historiene pappa leser til meg, tenkte gutten og krabba inn under senga, for å finne den store magiske eventyrboka, som hadde glidd ned fra kongens fang, i nokre søvnige sekund kvelden før. Med ivrige barnehender bladde prinsen fra side til side, for å sjå om han kunne finne eventyret om julekvelden. Han huska at dronninga sitt største ønske var ei kvit jul. Og det var nettopp dette prinsen ville gi henne. Men korleis kunne han lage ei kvit jul? Han titta lenge i boka, før han såg eit kjent bilde. Kongen hadde tidlegare kalt det snø, alt det kvite som låg så tungt og tett over eit lite hus djupt inne i skogen. Hadde ikkje han sett noko lignande tru…
Prinsen lista seg stille inn på kjøkkenet. Der lukta det ei blanding av nystekte julekaker og granbar. Han såg seg fort rundt, for å forsikre seg om at han var heilt aleine. Symaskina durte i veg, hørte han, så da var nok mamma opptatt med å lage noko hemmelig, som ho så fint kalla det. Det er nok julegave til meg det, tenkte prinsen lurt. Han visste godt at far hans var i langt inn i Sthanskogen for å hente ved. Han hadde nemlig sett kongen kle godt på seg, før han traske ut døra, med ei øks i eine handa. Storm hadde fulgt ivrig etter. Rask åpna prinsen den nederste kjøkkenskuffa. Med to sterke barnehender finn han akkurat det kvite han ser etter… og vips.. har han snudd mjølposen opp ned og det snør fint utover heile kjøkkengulvet til ho mor. Prinsen smiler lurt, og finner ein ny pose. Han lager hull i denne, mens han drar den etter seg inn i stova, der dronninga sitter å syr.
- Oi, seier mamma, kva gjer du på??
- Lager snø, svarer prinsen riktig så fornøgd, med eit stort smil. Lager snø til mamma. Kvit jul! Prinsen stopper litt opp, mens han skakker på hodet.. Mamma ser ikkje så fornøgd ut. Akkurat då kjem pappa og Storm inn døra med ein stor sekk ved.
- Har dere sett, seier pappa. Både prinsen og dronninga ser på kongen som står og kikker ut vinduet. Ute har det begynt å dale ørsmå snøkrystaller, tett i tett.. No må mamma smile, og pappa smiler tilbake. Den lille prinsen smiler bredt, mens han presser snuten mot vinduet og ser at heile kongsgården glitra. Så vart det kvit jul likevel.. 
❤  

Og kva passer betre enn at det akkurat no dalar ned vakre snøkrystaller utanfor vinduet vårt, akkurat på julafta...? 
Tusen tusen takk! Så fekk eg ønsket mitt oppfylt 

Ønsker deg og dine ei eventyrlig jul og eit herlig nyttår med store og små gleder!

Varme juleklemmer fra oss på Sthanstoppen 

lørdag 6. oktober 2012

Kjøkkenet mitt ♥

Når ein bygger hus, så tar ting ofte litt tid... 
 No har min kjære mann laga pyntehylle på kjøkkengruva vår...
 Mens eg har malt teksten over...
 Synest eigentlig at detaljene løfta heile kjøkkenet litt...
 Vart så fornøgd 
 Kva synest du? 

Nyt kvelden! Her har eg blitt kommandert inn i sofaen, til "skal vi danse", mens min kjære og ein kamerat har laga deeeilig taco på kjøkkenet. Ahhhh.. herlige lørdag!

Godklem fra

fredag 29. juni 2012

Varmepumpa blir eit flott avlastingsbord!

Vi har lenge fundert på kva vi skal gjere med varmepumpa vår. Varmepumper er ikkje så sjarmerande, så ved å lage utedelen om til eit avlastingsbord, synest eg det ser så meir kosligere ut utenfor hos oss.

Ideen til utseende fekk vi fra dama bak Grip dagen, ho har laga eit tilsvarande bord. Smart og lekkert på samme tid! Sånt liker vi!
Det er min kjære som har snekra det sammen, mens eg har tegna opp utskjæringer, malt det og kledd det med blonder. 
Alltid kjekt med eit avlastingsbord ute. Her bak huset blir det mykje grilla, så da passer det supert med eit avlastingsbord. 

Håper dere har det bra! God sommar!

Godklem fra

mandag 2. januar 2012

Årskavalkade 2011.

JANUAR
2011 starta med vakre tulipaner fra min kjære etter at jula var rydda ut 

FEBRUAR;
Her er vi på koslig hyttetur. På huset vårt har snekkaren begynt å legge takstein..
MARS;
Bursdagsfeiring med cupcakes!
APRIL;
Lager babyseng til lille prinsen som skal komme!
MAI;
Termin like rundt hjørnet. Maifrøet vart ein nydelig liten juniblomst! 

JUNI;
Det aller mest fantastiske har skjedd, eg er blitt mamma! 
JULI;
Vi har begynt å lage bad og kjøkken i huset vårt!
Vi tok turen til Bremanger for å hente ny båt, og til Loen for å helse på familie og venner.
AUGUST;
Første borddekkinga og festen i nyhuset vårt! Solgte Yaris, kjøpte Touran. 
SEPTEMBER;
Vakre solnedgangen, og vakre ungen vår! 
OKTOBER;
Magisk nordlys danser over himmelen vår. Vi nyter deilige soldagar.
NOVEMBER;
Vi koser oss heime!
DESEMBER;
Travle, lykkelige dagar før jul  Prinsen er allerede blitt eit halv år! Han synest det var kjempekjekt å vere med å pakke inn gaver! Og ikkje minst pakke OPP gaver ;-) Første julefeiringa vår i nytt hus! 
2011 
...har vert det mest innhaldsrike, lykkelige, fantastiske, søvnløse, spesielle, vidunderlige, herligaste året! Det å bli mamma var så utrulig! Og å få flytta inn i huset vårt var skikkelig stas. Er så takknemmelig og lykkelig for desse gavene som vi har fått! 
Så da gjenstår det berre å ønske dere alle 
eit kjempeflott og fantastisk nyttår! 
Alle gode ønsker og varme klemmer fra