Siste fra Instagram

Viser innlegg med etiketten Før/Etter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Før/Etter. Vis alle innlegg

søndag 18. juli 2010

Ein gammel krakk får eit nytt liv.. før/etter ;-)

Denne fortapte gamle krakken fant eg på gjenbruk i Bergen sist eg var innom byen. Den sto godt bortgøymt inni ein krok og venta på meg... ;-)
Eg tok den med meg heim, og malte den kvit. Så vart den så god som ny.
Krakken kjem til å brukast like mykje inne som ute, så derfor fekk den kvit utemaling, før den vart pynta med voksduk tilslutt...
Denne vakre sommerlige voksduken fra Au Maison har eg festa med møbelstifter på baksida..
No har ein gammel krakk fått eit nytt liv.. og eg har fått meg ein ny krakk ;-) (Eg trur idèen bak krakken er henta fra Tilda-bøkene, men eg husker å ha sett det inne hos Hulda også ;-)

Kanskje du også har ein gammel krakk, som trenger sårt ein liten oppussing? ;-)

Godklem fra

lørdag 29. mai 2010

Ein liten titt!

Her kjem ein liten smakebit av den lille yttergangen vår ;-)
Det meste har blitt kvitt, både krakken og fuglehuset vart nymalt denne våren.. ;-)
Også skodden er blitt kvit.. Fant to slike på gjenbruk ;-) yppelig til å henge pynt på ;-)
Det vakre termometeret fekk ein knekk i flyttinga.. No heng det til pynt.. framleis like vakkert... ;-)
...også det minste fuglehuset har blitt kvit ;-)
Desse lekre lyshusa fekk bli med meg heim fra Bergen...
Bak står ei oppslagstavle, som er kjempefin til å henge opp diverse stæsj i.. Lett å lage om du har litt hønsenetting og ei ramme ;-)
Frå ei hylle henger paraplyer og støv(tør)karen min..
Eit par bilder av oss... ;-)
Desse lysestakene var i messing, men vips, så vart dei også kvite ;-) Maling er ein herlig oppfinnelse! Slik såg dei ut før. Den vakre steinhella har vi fått i gave fra Hilde, søster til Einar. Ho er så flink å male! Tusen takk! :-)
Ønsker alle ei kjempe herlig helg med massevis av finvêr! Godklem fra

fredag 21. mai 2010

Eit nydelig bokstativ - før/etter-bilder

I fjor fant eg dette flotte bokstativet på ein bruktbutikk i Bergen.
Slik såg det ut når eg fant det..
Etter ein malingdusj vart bokstativet sjåande slik ut...
Foten har fått lekkert organza-band..
Det samme har også desse bladholdarane fått.. her har eg brukt mørk streng som kontrast..
Passer fint å bruke til kokebøker når ein lager mat...
...eller ein kan pynte med ei gammel bok og litt perler.. 
...synest det ser lekkert ut...
...trur eg har ein forkjærligheit til perler og blonder.. ;-)
Her har eg kun malt stativet ein gang, for å kunne skimte det mørke igjennom.. Det har eit nydelig mønster..
Må innrømme at dette bokstativet står mest til pynt, akkurat no.. ;-)
No skal eg ut å plante meir under blå, blå himmel.. og nyte ein fridag. Skal jobbe i helga, så skal nyte livet fullt ut i dag ;-) Ha ein vakker dag, alle sammen! God vårklem fra