Viser innlegg med etiketten tvstoge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tvstoge. Vis alle innlegg

torsdag 21. oktober 2010

Det snør,det snør!

Snoen dalar,men det var vist ikkje lett å sjå:)
Åå,dette har eg gleda meg til! Er som ein liten unge eg;)
Det er så kosleg når dei fyrste kvite flaka dalar ned frå oven.
Får jau jolesteming med ein gong( Fy til meg sjølv;)

 Det er jo så kosleg når ein kan ha det godt og varmt inne
og kose seg med ein varm kopp te...




 Nokon fleire bilete av sofagruppa som me kjøpte for litt sida,
bordet syns eg er litt for stort og passar liksom ikkje heilt inn,så det blir nok bytta ut på sikt...


 Sussi lurar på kva mamma driv med!  :)





 Hylla over tv`n.. Laga av ein av dei gamle plankane frå låveveggen...

Godt eg har samla all mosen eg skal ha..
blir ikkje like lett no framover:)
Enkel dekorering i ein gamal smørsmeltar,
som eg og min kjære svigerinne og venn
fant i ein bruktbutikk...


Ha ein fin haust/vinter?? -kveld :)

Tusen takk for besøket,
setter stor pris på det!

tirsdag 6. juli 2010

Eit lite bilete frå tvstoga

Tok litt fleire bilete her om dagen,sø då slenger eg likegodt ut nokon bilete frå stoga i andre etg. som er tv stoge. Dette var saman med soverom det fyrste me pussa opp,slik at me fekk ein plass me kunne slappe av og kose oss midt i oppussinga.
Er veldig fornøygd med veggfargen her i rommet som heiter kvit lin.Blei veldig fin her verfall!
Bordet består av understell(bein) frå eit bord me hadde, og innleggsplater frå eit bord som har vore på garden. Skal koma tilbake til bordet seinare:)
Golvet har me måla grått.

Grunnen til at det er litt mørke bilete er att det er montert stillasje rundt heile huset. Kjedleg prosess,men verdt det når me har fått nytt,tett teglsteinstak:)


Denne fine etasjeovnen stod her.Den varmar nok godt til vinteren.
Bordet fant me på eit loppemarked...
Som dykk ser manglar me litt på veggane,og hylla på veggen er ikkje kome opp enno:)


Ja då har eg fått sleng utpå nokon fleire bilete herfrå.
Då får eg kose meg vidare med tv titting:)


Ynskjer dykk alle ein fin kveld!

torsdag 7. januar 2010

Litt meir Tv stoge (Eldre innlegg frå tida vår på utsikten)

Legg ut nokon bilde av tv stoga i kjellaren. Syns det har blitt ein trivleg plass her no...vertfall blitt store forbedringar sidan me overtok i fjor:)

Her er eit bilde av tv stoga frå då me overtok(frå prospektet)
Før:              huff...seier bare eg...



Etter:






Den fine vegghylla har min mann laga av ein gammal planke som har blitt lagra på ein låve i mange år...
Syns det he blitt litt koslegare
Du verden så mykje det gjorde
når me fekk ut den stygge ovnen:)





mandag 4. januar 2010

Hurra for golvmåling:) (Eldre innlegg frå tida vår på utsikten)

 Den siste tida har me brukt til å måle golvet nede i tvstoga vår. Her er halve golvet måla.Så då viser me halve golvet på bildet:) Det blei sø mykje finare!
Har ikkje bilde av slik det var før, men det var gammalt tregolv,av ikkje det fine slaget. Var lakka,veldig "gult" og oppskrapa...Blei veldig bra å få lysna opp golvet også,sidan det er eit kjellarrom.
Har jammen måla mykje sidan me kjøpte huset:) Trur faktisk me he måla alle romma...Men no har me hatt ei lang pause, sø no var det greit å fram med penselen att:)

Blei veldig fornøyd altså!På veggen under hylla står det vanlegvis ei kommode,men den er ikkje komen inn igjen enno.Trengs eit strøk til!
------------------------------------------------------------

Me he benytta oss av det fine veret den siste tida til å gange på ski.Har ljosløype rett i nærheten,så det er bare å spenne på seg ski og gå frå huset,over eit jorde og rett i ljosløpa.Kjempekjekt!