Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg

søndag 10. april 2011

Varg Veum....

......har du sett siste filmen frå den kanten, Dødens drabanter??
Den som hadde première no før helga?
Kan ikkje akkurat sei at eg er ein ivrig kinogjengar, men no berre MÅTTE eg ta meg ut..................(ilag med bonden, sjølvsagt).
Deler av filmen er nemleg innspelt i heimbygda mi......... "min barndoms dal"..........Angedalen.
På dette bildet ser du garden der det skjedde eit dobbeltdrap, og omtrent midt i bildet (bak ein haug) er garden der eg er oppvaksen.
Var merkeleg å sitje der å sjå heimbygda mi på film, og når i tillegg ein av brørne mine var statist, vart det heile endå meir spesielt.Ser at filmen ikkje har fått den beste kritikken (særleg  i Osloavisene), men for meg vart den svært spesiell.
Varg veum........alias Trond Espen Seim.

I dag har me hatt bursdagsfeiring for  yngstemann..."Oslostudenten", med nesten heile familien samla, ein god dag!
Og ute har det vore fantastisk vårvèr.....nesten 20 gr. pluss.
Då er me klar for ei ny veke.....og snart er det påske!!
Ha det so bra!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...