Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg

fredag 11. april 2014

Solstråler til frukost

Når ikkje sola er UTE,
må ein lokke den fram INNE!


Kok opp 1 dl store havregryn og 3-4 dl vatn. Lat det koke i omlag 10 minutt.

Legg hasselnet i ein bolle og hell den varme grauten over. Legg ei skei smør i midten og strø over med sukker og kanel. Vent i fem minutt til grauten er passe varm.

Lag solstråler med smøret, og smil litt for deg sjølv.

Dette vert ein god dag!

tirsdag 3. september 2013

Enkel foccacia

Leite - leite - leite
KVAR er den?

Verdas beste
foccacia-oppskrift!


For nokre år sidan fann eg denne oppskrifta på bloggen somminedagerer.blogspot.com. No er bloggen kun tilgjengeleg for inviterte lesarar, og eg trudde oppskrifta var vekke for alltid... HELDIGVIS dukka den etter litt målretta nettsøking opp igjen.

1 kg mel

20 gram salt

1 pakke fersk gjær

1 liter lunkent vann

Bland alt saman, og lat det heve på ein lunt stad i cirka 30 minutter.
Hell deretter deigen over i ei stor langpanne med bakepapir.
Fordel deigen jamnt utover. Tøm deretter ei liten mengde med olivenolje her og der over deigen. Strø til slutt over med grovt havsalt eller maldonsalt.
Sett direkte inn i varm ovn på 250 grader. Steik i 25 minutter til overflata er gyllen.

Det enkle
ER verkeleg
ofte det beste!

fredag 17. august 2012

Gode naboar

... attende frå ferie,
kom i dag brune og blide
med "noko lite til deg!"

Kva passar vel betre til eit nyoppussa kjøkken enn ei knallstilig, og veldig, veldig smart strikka zalostrømpe?!? Denne var det endåtil far i nabohuset som hadde funne i ein butikk i Skudeneshavn.

Kan du strikke betre enn meg, tenkjer eg du lett finn ut korleis zalostrømpa er laga. (Billa Blå, tek du utfordringa?) Det kan sjå ut som at den er strikka som ein tube med innfelling i toppen. Ikkje noko hokus-pokus, skulle eg tru.  Ein fin, hekla blom finn du oppskrift på her.
 Snakk om snedden sommarpresang...

Eg er aldeles sjarmert!

tirsdag 27. mars 2012

Kjøkken: Lampe

Bestillingstid er lik ventetid.
Og ventetid er lik gooood tid
... til mellom anna å finne ein lampe til å ha over bordet på det nye kjøkkenet.

Åhlens: Fargeglad favoritt. Enn so lenge...
NorthernLighting: Sart porselen som gjev nydeleg lys.
Åhlens: Fin i formen.

Men altså - tid er ikkje alltid nok... Ein må jo klare å bestemme seg også! Planen er å ha kvitt bord med gamle trestolar rundt. Bordet vert kanskje Norden frå IKEA, men er enno litt usikker på det. Det kan også hende at det vert eit gamalt trebord.

Hovud-hovudbryet for tida er kva lampe som skal henge over kjøkkenbordet.

Den må jo gje lys - men ikkje for mykje. (Det skal jo vera kosleg på kjøkkenet!) Og den må ha ei form som eg likar. Og så kan den godt vera litt "kjekk" på ein eller annan måte. Men det er så mange som er kjekke, knase og kule. Til og med ellos.no har diverse lampar som freistar:

Denne gjengen med skjermlause lampar er jo berre knas. Men gjev litt for mykje lys, kanskje? Og så sjå på denne svarte - med stoffledning. Og det likar eg. For ikkje å snakke om denne her: Skjerm med print av ein rosa sykkel. Passe urban til eit landleg kjøkken!

Argh! Dette er faktisk umulig...

fredag 16. mars 2012

Kjøkken: Retrotapet

... KAN vera veldig kult og sjarmerande,

og så KAN det vera temmeleg LITE kult og sjarmerande.


Tapeten som var på samtlege fire veggar på kjøkkenet vårt før eg fjerna den for omlag 10 år sidan, var av ein slik estetisk kvalitet at eg heldgvis IKKJE saknar den.



Under rivinga av kjøkkenet støtte me stadig på små og store bitar av tapet: Ein liten rest bak ein ledning, ei list eller ein ljosbrytar kikka fram på oss. Og då veggskapet over kjøkkenbenken vart rive ned, kom DEN digre tapetflata fram. Det var som om den nekta å gje opp...


Det skal seiast at eg KAN ( iallefall nesten) få til å sjå at også denne tapeten kan vera både kul og sjarmerande I SMÅ DOSAR, men for å unngå sinnslidande tilstandar i heimen er eg glad for at den ikkje lenger heng på veggen!

fredag 9. mars 2012

Eventyret om den travle elektrikaren som ikkje kunne seie nei (med ein gong!)

Det var ein gong ein elektrikar. Han hadde blå arbeidsklede og ein kvit kassebil med mykje utsyr. Og han var travel, nett som alle andre eletrikarar.

Ein dag fekk eletrikaren ein telefon. Det var ein kar som budde i eit gamal hus i ein lang dal som ringde. Elektrikaren hadde tidlegare vore å ordna ein del i det gamle huset, og hadde framleis noko arbeid att. Karen som budde i det gamle huset i ein lang dal spurde elektrikaren om han kunne leggje inn straum til ein keramikkovn som skulle setjast opp i kjellaren, sidan han likevel måtte kome innom å gjere ferdig arbeidet frå sommaren 2011. "Jau", varte elektrikaren, "det skal no late seg gjere".

Nokre veker gjekk, og eletrikaren fekk nok ein telefon. Og så denne gongen var det karen som budde i eit gamal hus i ein lang dal som ringde. Denne gongen spurde han om elektrikaren også kunne leggje opp nye ledningar på eit kjøkken som var under oppussing, sidan han likevel måtte kome innom å gjere ferdig arbeidet frå sommaren 2011 og leggje inn straum til ein keramikkovn som skulle setjast opp i kjellaren. "Jau", varte elektrikaren, "det skal no late seg gjere".

Så gjekk enno nokre veker, og elektrikaren var ute og køyrde i den lange dalen. Litt etter middagstid kom han til det gamle huset i den lange dalen. "Eg får inn å gjere ferdig det arbeidet eg starta på sommaren 2011. Men, åkk!", stønna eletrikaren. "Det er så mange som spør om eg kan gjere arbeid for dei. Og eg ligg så langt bakom skjema. Eg kan ikkje ta på meg meir arbeid no", sa han til seg sjølv.

Og det elektrikaren også til dei som budde i det gamle huset i den lange dalen då dei kom heim frå arbeid, enno dei hadde fått lovnad om at han skulle kome innom i løpet av nokre veker å stelle i stand både ledningar til det nye kjøkkenet og straum til keramikkomnen.

Dei som budde i det gamle huset i den lange dalen vart svært overraska, for dei hadde lyst å snart få byrje å bruke det nye kjøkkenet sitt, og det var ikkje så lett å få tak i andre elektrikarar som kunne stille på så kort varsel. Dei som budde i det gamle huset i den lange dalen vart oppgitte og lei seg, og har dei ikkje fått fat i ein annan elektrikar, så er dei nok oppgitte og lei seg enno.

Og SLIK gjekk det altså til at me kanskje må vente leeenge før det nye kjøkkenet vert ferdig til bruk.

Men me kryssar fingrar og tær for at ein annan elektrikar med blå arbeidsklede og kvit kassebil med mykje utsyr har tid til å hjelpe oss om ikkje så alt for lenge!

tirsdag 28. februar 2012

Kjøkken: Eit golv kjem til syne - Igjen!

Sist var det stovegolvet som kom fram i dagen - denne gongen er det på kjøkkenet det skjer!

Vinterferien har kome og gått, og ei heil veke med effektivt arbeid gjer at me no har kome halvegs i kjøkkenvølinga. Håpet er at det desentraliserte kjøkkenet er historie om eit par veker.


Det vart mykje trekkjing av spikar og riving, bløyting, skrubbing og skraping på gamalt golvbelegg. Det kunne sjå ut som at under to linoleumsbelegg, var det nederste golvbelegget var eit lag med ei slags avrettingsmasse med lasering oppå (bilete til høgre). Eg tippar det var draumen om "eit eksotisk tregolv" som låg der - og som no er borte...


Pappa har sett opp ein lettvegg og bytt rotne golvplank. Eg har (med tungt hjarte og stort brekkjarn) rive kråskapet under skråtaket. Katten Sofia var sjølvsagt med på all moroa!

No skal veggar malast, vindauge bytast og innreiing monterast. Det ferdige resultatet gjenstår enno å vise fram, men enn so lenge har me i allefall eit bert plankegolv å gå på!

søndag 19. februar 2012

Kjøkken: Desentralisering i heimen

...er ikkje spøk. Sæleg ikkje når det gjeld husets hjarte: Kjøkkenet!

Det gamle kjøkkenet er på veg ned, og nytt skal opp. Dei neste vekene må me difor gå mellom badet, vaskerommet og stova for å lage mat. Litt mat her og litt mat der - og oppvask ein heilt annan stad. Brød- og påleggsstasjon i ein skuff på skrivebordet og dei to kjøleskapa plassert i ulike rom. Gurimalla, so praktisk!

Nokre ting er likevel som dei skal vera. Med sjarmerande fillerye på golvet og eggjekorga på plass, så skal det nok gå greit "å leike hytteur" for ei stund!





Håpet er sjølvsagt at det om ikkje so lenge skal verte betre enn det var i utgangspunktet. Until then nynnar me lystig i heimen:

 "Hit eit steg og dit eit steg..."

onsdag 7. september 2011

Suksess på kakefatet!

Av og til
er det godt med noko søtt
og av og til
er det søtt med noko godt.

I dag føler eg for å finne fram den gamle mandelkverna, Mouli-Julienne, eg fann i ein av kjøkkenskuffene her i Gamlehuset og setje i gong med ei suksessterte!


Det er då torsdag... Prøv du også!

Botn:
6 eggekviter
1 dl sukrin, fruktose eller sukker

250 g knuste hasselnøt og mandler
Krem til toppen:
5 eggeplommer
1 dl kremfløyte
1 dl sukrin, fruktose eller sukkerukrin
1 ts vaniljesukker
150 g meierismør

Pisk eggekvitene og sukrin til blandinga er stiv, tilset så de knuste nøtene. Vend forsiktig inn nøtene slik ikkje eggekvitekremen fell saman. Klypp til bakepapir til form (24 cm). Steik på 160 grader nederst i omnen, i 35-40 minutter.

Ha eggeplommene, fløyten, sukrin og vaniljesukker i ei panne på svak varme. Rør rundt heilt til blandinga boblar litt. Ta panna til side. Avkjøl nokre minutt og rør inn meierismøret. Set gjerne fyllet i kjøleskapet til kremen er høveleg tjukk til å smøre på kaka.

Ynskjer du pynt, kan du gjerne rive over 70% sjokolade.

Og så er det berre å setje over kaffien!

lørdag 18. juni 2011

Verdas beste foccacia

Foccacia er eit fantastisk bakverk - kjapt å lage og passar til alt. Særleg i desse salat - og grilltider! På bloggen Som mine dager er har eg funne det eg trur må vera


Brødet smakar himmelsk, og er utruleg lett å lage!

Her er kortversjonen av oppskrifta:

50 gr fersk gjær
1 ltr vatn
20 gr salt
1 kg kveitemjøl



 Bland fyrst gjær og lunka vatn. Ha i saltet.
Rør i mjølet. Blandinga skal vera veldig klissete!
Legg over plastfolie, og lat stå til heving i 30 minutt.
Deigen hevar seg MYKJE, så bruk ein stor bolle!

Brei det heile jamnt ut over ei langpanne med bakepapir i.
Sprinkle over med olje, og strø på 1 ss med grovt salt.
Steik i 25 minutt på 250 grader.

Lukke til!