Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg

tirsdag 27. mars 2012

Kjøkken: Lampe

Bestillingstid er lik ventetid.
Og ventetid er lik gooood tid
... til mellom anna å finne ein lampe til å ha over bordet på det nye kjøkkenet.

Åhlens: Fargeglad favoritt. Enn so lenge...
NorthernLighting: Sart porselen som gjev nydeleg lys.
Åhlens: Fin i formen.

Men altså - tid er ikkje alltid nok... Ein må jo klare å bestemme seg også! Planen er å ha kvitt bord med gamle trestolar rundt. Bordet vert kanskje Norden frå IKEA, men er enno litt usikker på det. Det kan også hende at det vert eit gamalt trebord.

Hovud-hovudbryet for tida er kva lampe som skal henge over kjøkkenbordet.

Den må jo gje lys - men ikkje for mykje. (Det skal jo vera kosleg på kjøkkenet!) Og den må ha ei form som eg likar. Og så kan den godt vera litt "kjekk" på ein eller annan måte. Men det er så mange som er kjekke, knase og kule. Til og med ellos.no har diverse lampar som freistar:

Denne gjengen med skjermlause lampar er jo berre knas. Men gjev litt for mykje lys, kanskje? Og så sjå på denne svarte - med stoffledning. Og det likar eg. For ikkje å snakke om denne her: Skjerm med print av ein rosa sykkel. Passe urban til eit landleg kjøkken!

Argh! Dette er faktisk umulig...

fredag 16. mars 2012

Kjøkken: Retrotapet

... KAN vera veldig kult og sjarmerande,

og så KAN det vera temmeleg LITE kult og sjarmerande.


Tapeten som var på samtlege fire veggar på kjøkkenet vårt før eg fjerna den for omlag 10 år sidan, var av ein slik estetisk kvalitet at eg heldgvis IKKJE saknar den.



Under rivinga av kjøkkenet støtte me stadig på små og store bitar av tapet: Ein liten rest bak ein ledning, ei list eller ein ljosbrytar kikka fram på oss. Og då veggskapet over kjøkkenbenken vart rive ned, kom DEN digre tapetflata fram. Det var som om den nekta å gje opp...


Det skal seiast at eg KAN ( iallefall nesten) få til å sjå at også denne tapeten kan vera både kul og sjarmerande I SMÅ DOSAR, men for å unngå sinnslidande tilstandar i heimen er eg glad for at den ikkje lenger heng på veggen!

fredag 9. mars 2012

Eventyret om den travle elektrikaren som ikkje kunne seie nei (med ein gong!)

Det var ein gong ein elektrikar. Han hadde blå arbeidsklede og ein kvit kassebil med mykje utsyr. Og han var travel, nett som alle andre eletrikarar.

Ein dag fekk eletrikaren ein telefon. Det var ein kar som budde i eit gamal hus i ein lang dal som ringde. Elektrikaren hadde tidlegare vore å ordna ein del i det gamle huset, og hadde framleis noko arbeid att. Karen som budde i det gamle huset i ein lang dal spurde elektrikaren om han kunne leggje inn straum til ein keramikkovn som skulle setjast opp i kjellaren, sidan han likevel måtte kome innom å gjere ferdig arbeidet frå sommaren 2011. "Jau", varte elektrikaren, "det skal no late seg gjere".

Nokre veker gjekk, og eletrikaren fekk nok ein telefon. Og så denne gongen var det karen som budde i eit gamal hus i ein lang dal som ringde. Denne gongen spurde han om elektrikaren også kunne leggje opp nye ledningar på eit kjøkken som var under oppussing, sidan han likevel måtte kome innom å gjere ferdig arbeidet frå sommaren 2011 og leggje inn straum til ein keramikkovn som skulle setjast opp i kjellaren. "Jau", varte elektrikaren, "det skal no late seg gjere".

Så gjekk enno nokre veker, og elektrikaren var ute og køyrde i den lange dalen. Litt etter middagstid kom han til det gamle huset i den lange dalen. "Eg får inn å gjere ferdig det arbeidet eg starta på sommaren 2011. Men, åkk!", stønna eletrikaren. "Det er så mange som spør om eg kan gjere arbeid for dei. Og eg ligg så langt bakom skjema. Eg kan ikkje ta på meg meir arbeid no", sa han til seg sjølv.

Og det elektrikaren også til dei som budde i det gamle huset i den lange dalen då dei kom heim frå arbeid, enno dei hadde fått lovnad om at han skulle kome innom i løpet av nokre veker å stelle i stand både ledningar til det nye kjøkkenet og straum til keramikkomnen.

Dei som budde i det gamle huset i den lange dalen vart svært overraska, for dei hadde lyst å snart få byrje å bruke det nye kjøkkenet sitt, og det var ikkje så lett å få tak i andre elektrikarar som kunne stille på så kort varsel. Dei som budde i det gamle huset i den lange dalen vart oppgitte og lei seg, og har dei ikkje fått fat i ein annan elektrikar, så er dei nok oppgitte og lei seg enno.

Og SLIK gjekk det altså til at me kanskje må vente leeenge før det nye kjøkkenet vert ferdig til bruk.

Men me kryssar fingrar og tær for at ein annan elektrikar med blå arbeidsklede og kvit kassebil med mykje utsyr har tid til å hjelpe oss om ikkje så alt for lenge!

tirsdag 28. februar 2012

Kjøkken: Eit golv kjem til syne - Igjen!

Sist var det stovegolvet som kom fram i dagen - denne gongen er det på kjøkkenet det skjer!

Vinterferien har kome og gått, og ei heil veke med effektivt arbeid gjer at me no har kome halvegs i kjøkkenvølinga. Håpet er at det desentraliserte kjøkkenet er historie om eit par veker.


Det vart mykje trekkjing av spikar og riving, bløyting, skrubbing og skraping på gamalt golvbelegg. Det kunne sjå ut som at under to linoleumsbelegg, var det nederste golvbelegget var eit lag med ei slags avrettingsmasse med lasering oppå (bilete til høgre). Eg tippar det var draumen om "eit eksotisk tregolv" som låg der - og som no er borte...


Pappa har sett opp ein lettvegg og bytt rotne golvplank. Eg har (med tungt hjarte og stort brekkjarn) rive kråskapet under skråtaket. Katten Sofia var sjølvsagt med på all moroa!

No skal veggar malast, vindauge bytast og innreiing monterast. Det ferdige resultatet gjenstår enno å vise fram, men enn so lenge har me i allefall eit bert plankegolv å gå på!

søndag 19. februar 2012

Kjøkken: Desentralisering i heimen

...er ikkje spøk. Sæleg ikkje når det gjeld husets hjarte: Kjøkkenet!

Det gamle kjøkkenet er på veg ned, og nytt skal opp. Dei neste vekene må me difor gå mellom badet, vaskerommet og stova for å lage mat. Litt mat her og litt mat der - og oppvask ein heilt annan stad. Brød- og påleggsstasjon i ein skuff på skrivebordet og dei to kjøleskapa plassert i ulike rom. Gurimalla, so praktisk!

Nokre ting er likevel som dei skal vera. Med sjarmerande fillerye på golvet og eggjekorga på plass, så skal det nok gå greit "å leike hytteur" for ei stund!





Håpet er sjølvsagt at det om ikkje so lenge skal verte betre enn det var i utgangspunktet. Until then nynnar me lystig i heimen:

 "Hit eit steg og dit eit steg..."

fredag 9. desember 2011

Frå gamalt til nytt


Halleluja! No i helga vert andre tredjedel av stovegolvet heilt ferdig.

I går spurt-mala eg strok nr. 2 mellom to straumbrot, og vart akkurat ferdig til andre mørkleggjing... Hovudlykta låg klar i tilfelle eg ikkje skulle rekkje det. Slik gjer me det på landet!

Om ikkje lenge forsvinn alle spor av sliten linoleum, og den milde, fine fargen til Jotun, Demring, tek over.

Den vassbaserte golvmalinga frå Trestjerner har verkeleg levd opp til sitt gode rykte - i allefall til no (- men eg har jo ikkje brukt den enno). Malinga er god å arbeide med, luktar lite og gjev eit blankt og fint resultat! Kan anbefalast til alle som har eit golv eller to å male før jul!

God førjulshelg!

mandag 5. desember 2011

EIT GOLV kjem til syne

Å oppdatere stovegolvet er ikkje ein enkel operasjon når ein samstundes skal bruke stova!

Ein tredjedel av stovegolvet er no kvitt sitt lilla teppebelegg og er forvandla til ein lysegrå draum av eit golv. Desse bileta viser andre tredjedel si forvandling frå slitent golvbelegg frå 70-talet til maleklar flate:

Det opphavelege stovegolvet var rustraudt og lite tiltrekkjande
(på anna enn støv).

Takk og lov! Linoleumen var ikkje limt fast, men låg laust oppå
eit lag med papp.

Avduking! Spennande å sjå kva som gøymer seg under pappen!

Ja, eg veit! Det ER ganske synd å male slikt
eit autentisk og sjarmerande tregolv.
Men eg orkar berre ikkje at vaskefilla skal
henge fast i treflisar kvar gong det skal vaskast...

Eg håpar inderleg at heile golvet vert ferdig før jul. Elles går me for plan B: Mørklagd stove med KUN stearinljos! Så ser ein ikkje kor gale det eigentleg er...

(PS! Orsakar dei nokså dårlege bileta...)

onsdag 16. november 2011

A happy goodbye!

Om ikkje lenge er det lilla teppegolvet historie!

 Rivinga er no unnagjort...


... og det er ikkje berre EG som gler meg til å male!

Purr-purr!

søndag 9. oktober 2011

Sol er energi!

Melisdrysset av snjo kom på fjelltoppane denne veka, og eg burde sikkert ha sett kor nydeleg og poetisk naturen er, men det gjorde eg ikkje. Eg tenkte berre på at førre vinter var alt for kald og alt for lang, og at grøn er min absolutte yndlingsfarge!

Men så, i går KOM SOLA! Og med sola kom humøret. Og energien...

FØR
I gangen stod ein kommode som ved eit uhell fekk eit skyll med lut over seg for nokre månader sidan, så den var både skjoldete, frynsete og skakk. Ei lita oppdatering av heimen sitt fyrsteinntrykk var ganske so fristande å ta i ferd med...
ETTER
Ein nymala kommode kjøpt på loppis i vår har (endeleg!) fått nye knottar og passa fint under vindauget. Ei lita samanplanting av sukkulentar vart flytta frå stova og fekk ny potte i same slengen!

John Cleese sin karakter frå Ministry of Silly Walks får sjølvsagt lov til å henge oppe framleis, og den observante lesar vil sjå at den same, ustrokne duken kom på igjen. Ein kan då ikkje overdrive oppdateringa, heller! *knis*




Eit par mjølkeglas med sjølvhekla trekk er fargeklattar i vindauget, og når mørkret senka seg om kvelden vart det svært så stemningsfullt med lys i!



søndag 12. juni 2011

PROSJEKT: BAD

No er PROSJEKT: BAD endelig i fullføringsfasen, og eg har endelig kunne henge opp den gamle badedrakta eg kjøpte på Armstrongs i Edinburgh for 7-8 år sidan. Den gongen drømte eg om å kunne henge opp badedrakta "når eg ein gong får eit bad som passar"... Og no har eg det! Hurra!

Badedrakta er produsert i USA, og har ei nydeleg lita stupedame på hoftekanten!

Eit brodert bilete som eg fekk tak i på ein liten loppemarknad i Langesund i fjor sommar får også vera med.

Det er litt mørkt inne i dusjnisja fordi lampen der enno ikkje er montert - men eg håpar den kjem opp til veka - og DÅ er faktisk badet FERDIG!

Føl med - snart kjem bilete av resten av rommet!

tirsdag 31. mai 2011

LAVENDEL i gangen

 
Berre eitt strøk maling gav stor forandring - og forbetring! Den turkise malinga er Jotun sin farge LAVENDEL
- ein av mine absolutte favorittfargar. Klar, fin og rein i tonen - og akkurat passeleg spenstig!

No har eg også malt panelveggen under trappa kvit, og heile gangen føles mykje lysare og reinare. Syns eigentleg det var ganske fint med trekvit vegg under trappa som på øverste bilete, men gjort er gjort!

No er det snart golvet som står for tur. Det går nokre veker før eg kan setje i gong med det, men fortsettelse følger...

fredag 27. mai 2011

Male, eller ikkje male? Det er spørsmålet.

Pussepapiret står klart. No skal den gusjebrune malinga i trappa pussast og vaskast med salmiakkvatn før overmaling. Fargen kjem på bilete sidan.


Spørsmålet er berre:
Skal tømmerveggane også malast?
Alle, nokre, eller berre ein?
Eller skal dei få vera som dei alltid har vore - tømmerfarga?
Fleire av veggane har skjemmande striper etter vasslekkasjar, og er ikkje særleg fine. Vaskbare er dei heller ikkje. Meeen, så sitt det litt langt inne å ta steget å male dei, for då er det liksom gjort. For alltid!

Er det nokon som har synspunkt i saka?
Tankar om saka vert motteke med stor takk!

torsdag 26. mai 2011

Prosjekt BAD: Hjartesukk

"Jau, det kan jo gå. På eit vis", sa snekkaren. "Men heilt som det skal vera, vert det jo ikkje!".

Så viser det seg altså at IKEA-benkeskapet ikkje passar samen med Gustavsberg-vasken som skulle nedfellast i Norema-benkeplata som eg har veeeenta på i sju lange og sju breie. Vasslåsen vert for låg slik at skuffene må sagast sund, benkeskapet er litt for lite djupt så det må forast ut bak, og vasken kjem uansett for langt bak mot veggen i forhold til framkanten...

"Det kan gå an å lure det til", forklarte snekkaren, "men då vil det verte foringar og greier som gjer at det ikkje vert heilt som det eigentleg skal. Det vil nok sjå litt provisorisk ut".

Javel - provisorisk? Etter å ha venta i åtte månader på å få ferdig badet, nøyer eg meg ikkje med provisorisk! Med lite midlar att på budsjettet kan eg ikkje berre slå på stortromma og handle baderomsinnreiing til mange tusen.

Eg er skeptisk til kvaliteten, men har altså bestemt meg for å krype den lange vegen til korset og kjøpe ein IKEA-vask som passar til IKEA-benkeskapet.

Moral her er at det er like greit å handle hjå ein forhandlar - så veit ein at ting passar saman.

Sukk!