Viser innlegg med etiketten Nettbutikkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nettbutikkar. Vis alle innlegg

onsdag 30. mai 2012

Fine fuglar på veggen

Ein kveld denne veka
talde eg åtteogfemti svaler
som sat bortetter telefonledningen.
Eg trur dei hadde noko viktig å snakke om.

Då eg fann desse fine fuglane på epla.no tenkte eg: Hmm - dei er då ikkje so vanskelege å lage sjølv? Seinare i kveld skal eg gjere eit forsøk. 




Vil du også ha fine fuglar på veggen, men ikkje orkar å styre med det sjølv, finn du desse hjå renna deluxe sin eplabutikk. Der er forresten også mykje anna fint, som til dømes puter med trykk av ein sommarfugl eller ei bille.

lørdag 5. mai 2012

Gåve til konfirmanten (eller nokon heilt andre)

... som kan like ein god latter!
Sigmund Falch står bak tidenes mest morosame bøker. Eg har ledd så tårane trilla. Lenge!

  Alvorlege 50-talsbilete
+ Nynorske bilettekstar (UTAN samanheng whatsoever)
= Fantastisk underhaldning!



I nettbutikken til Ivar Aasen-tunet er det no råd å få tak i tre av desse bøkene til kr. 119,- Boka Redlight Setesdal har eg funne billegast hjå adlibris.com, kr 202,- Her kan du også "bla i boka" - og berre gje deg ende over...

torsdag 19. januar 2012

Når lista vert lang...

...kan den jo også vera kul!?!

Eg har enno ikkje fått opp noko wallsticker på veggane, og no er det vel ikkje lenge til at det er "so 2010", eller noko slikt!

Men denne knase stickeren er jo både kul OG skikkeleg praktisk, så den MÅ jo berre overleve slikt snakk?


Dansk kvalitetsdesign frå ... ja, sjølvsagt:

onsdag 2. november 2011

Dansk paddehat





I Noreg har me sopp,
og i Sverige har dei svampar.

Personleg likar eg best den danske varianten,
paddehat!

Desse fargerike variantane er frå House Doctor og har allereie kome på ynskjelista til jul...

mandag 17. oktober 2011

Sjarmerande kort og julehelsingar på epla.no

Systera mi står bak den nostalgiske butikken SteinSaksPapir på epla.no, og her sel ho dei nydelegaste gåveeskar og kreative kort.

Ho vil sjølvsagt ikkje skryte av produkta sine sjølv - men det vil eg!!! Sjå berre her:

Lys opp kvardagen til ein god ven med eit telyskort

Fine kort har ein ALLTID bruk for
   
Og sidan det (faktisk) nærmar seg jul, kan du jo tenkje på å gje ei slik lita helsing til naboen i år:

Til jul er det sjølvsagt ekstra stas å kveikje ljosa med

- eller kanskje lage ein samlealbum med bilete av den årlege juletregangen
Ha ei god veke!

fredag 9. september 2011

Coffe Bean Bag

Fantastisk! Er det ikkje?

Ein Coffe Bean Bag som faktisk fungerer som,
ja, nettopp ein Bean Bag!

Denne er laga av åtte gjenbrukte kaffisekkar og trykket vil variere alt etter kva typar kaffi som vert nytt på kafèar i Stockholm! Kor kult er ikkje det!?!

Nettbutikken Wilma & friends sender enkelte produkt til Noreg. Det fekk eg vite då eg trudde dei ikkje sendte hit og ynskte å bestille plastmatta Anna frå innlegget nedanfor.

Korleis det er med Bean Bagen, veit eg ikkje, men det går jo an å spørje...

fredag 22. juli 2011

Keep calm and carry on

Det er berre å bite tennene saman! Sola kjem sikkert snart...

Så langt har sommaren vore temmeleg våt, sjølv ikkje under mitt faste opphald i Kragerø-området var det særleg sommarstemning slik ver-messig. MEN kva gjer det når ein har Panduro...? Eg stakk innom der for ikkje så lenge sidan, og kjøpte med meg ein type decopage-lakk som kan brukast til å overføre bilete til "allslags ting". Ulempa er at ein må kunne ta laserutskrift for å få dette til å funke, men har du det, blir det skikkelig bra! Sjå berre her:


Bilete overført til blikkboks
Den bulkete boksen eg har strikkepinnar oppi vart straks litt meir fjong!

Bilete overført til glas
Og på det nye vaskerommet skal eg henge opp denne gamle loppis-ramma med nytt innhald (berre hyller og skap kjem på plass).

Illustrasjonsfoto frå Panduro: Bilete overført til lerret
Klikk på biletet over, så kjem du direkte til produktsida hjå Panduro. Dei har også brosjyrer på framgangsmåte og elles det ein måtte trenge av utstyr til prosjektet.

God helg!

mandag 4. juli 2011

Sjekkliste for late dagar

Solkrem - check
Solbriller - check
Bikini - check
Lektyre for late dagar - check

Ahhh! Strandliv og late dagar kan begynne...

Klikk på biletet så kan du også få tak i denne boka!
Eg tek ein pause frå blogg og andre kvardagslege aktivitetar og reiser på tur med Kajsa Ingemannson si bok Små sitroner gule.

Kanskje den er noko for deg også:

Morsomt og sjarmerende om småbyjenta Agnes som flytter fra småbyen til Stockholm og åpner egen restaurant! Med én fot i Stockholm og én i barndommens trygge småby står Agnes støtt. Hun har en familie som stiller opp, en bra jobb i restaurantbransjen, en kjæreste som elsker henne og en bestevenninne som hun kjenner ut og inn. Eller gjør hun det? Én etter én raser byggesteinene i Agnes' liv. Kjæresten Tobias forlater henne til fordel for en blond babe med store pupper og piercing, og hun får sparken av Gérard, som eier restauranten der hun jobber. Kanskje tiden er inne for å gjøre noen valg? Skape sitt eget liv? Følge en gammel drøm? Snart ser restauranten «Små sitroner gule» dagen lys ...Små sitroner gule er en usedvanlig varm og sjarmerende bok om å finne seg selv, om kjærlighet og vennskap, om å ta sjanser og våge å velge (frå capris.no).

God sommar alle saman!

tirsdag 28. juni 2011

Chandelier til begjær!

Har du sett på maken?
Noko so nydeleg...

Klikk på biletet for å kome til Etsy:
Three Tier Wedding Cake -
Ball Mason Jar Hanging Swag Chandelier -
Eco Friendly Event Accessories
 Ein liten tur inne på etsy.com i dag har gjeve meg hjartesår og magesorg. BootsNGus sender nemlig ikkje varer til Europa. Snakk om hjarteskjærande oppførsel!


MEEEN det går kanskje an å låne ideen....

Etter runde i kjellaren på jakt etter gamle norgesglas, og ein svipptur til Clas Ohlson, skulle vel dei fleste komponentane kunne vera på plass.

mandag 27. juni 2011

Feiande flott!

O'lala - no skal rusk og rask fjernast 
frå golvet med
stil!

Klikk her så kjem du direkte til produktsida
Om ikkje lenge kjem dette sjarmerande kost og brett-settet i posten til meg. Det er handlaga av syns- og hørselshemma, og består av skaft i tre, brett i stål og bust av tagl.

Eg fann det ein gong i fjor hjå nettbutikken Gammelhuset, men då var det utseld. No er det attende i hylla, og eg har altså sikra meg eit eksemplar. Spar på straumen og lat støvsugaren stå - og få ein smule trim på kjøpet...

Svisj-svusj!

 ... Og forresten, er du allereie innpå nettsida, kan du jo alltids anskaffe deg ei ny toalettveske også. Sjå berre på desse nyyydelige variantane!
Klikk her så kjem du direkte til produktsida

søndag 12. juni 2011

PROSJEKT: BAD

No er PROSJEKT: BAD endelig i fullføringsfasen, og eg har endelig kunne henge opp den gamle badedrakta eg kjøpte på Armstrongs i Edinburgh for 7-8 år sidan. Den gongen drømte eg om å kunne henge opp badedrakta "når eg ein gong får eit bad som passar"... Og no har eg det! Hurra!

Badedrakta er produsert i USA, og har ei nydeleg lita stupedame på hoftekanten!

Eit brodert bilete som eg fekk tak i på ein liten loppemarknad i Langesund i fjor sommar får også vera med.

Det er litt mørkt inne i dusjnisja fordi lampen der enno ikkje er montert - men eg håpar den kjem opp til veka - og DÅ er faktisk badet FERDIG!

Føl med - snart kjem bilete av resten av rommet!

tirsdag 7. juni 2011

Handleboka

Nett som ho bestemor har eg ei eiga handlebok som eg bruker til å skrive opp ting som trengs i heimen. I tillegg noterer eg ned diverse ting eg måtte kome på - anten eit morosamt ord som dukkar opp, eller raske idèskisser av for eksempel eit søtt kosedyr i ein butikk. 

Det er veldig greit å ha noko å notere på i farta, og ei bok har det stort sett med å bli verande i veska (i motsetnad til små lappar som stort sett havnar uleste i vaskemaskina).

No er det berre eit par sider igjen i handleboka mi, så det er på tide med eit innkjøp av ei ny. Har sett at det er ein del fine notatbøker i bokbutikkane for tida, men papernation.co.uk har også eit artig utval:
  
  

Anglofil som eg er, er favoritten sjølvsagt denne:


onsdag 18. mai 2011

Blogglotteri hjå eingulknapp

Klikk på biletet og finn ut korleis du også kan vera med!
Den kjekke bloggen ein gul knapp inviterer til lotteri!

Denne gongen er premien er eit herleg sykkeltrekk frå Sykkelpikene.

(For ein nydelig butikk - eg har fått ein ny favoritt! Dersom eg ikkje vinn i lotteriet, har eg allereie sett meg ut nokre setetrekk som er komne høgt på ynskjelista. I tillegg til eit par sykkelkorger, sjølvsagt!)