Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

tirsdag 3. september 2013

Enkel foccacia

Leite - leite - leite
KVAR er den?

Verdas beste
foccacia-oppskrift!


For nokre år sidan fann eg denne oppskrifta på bloggen somminedagerer.blogspot.com. No er bloggen kun tilgjengeleg for inviterte lesarar, og eg trudde oppskrifta var vekke for alltid... HELDIGVIS dukka den etter litt målretta nettsøking opp igjen.

1 kg mel

20 gram salt

1 pakke fersk gjær

1 liter lunkent vann

Bland alt saman, og lat det heve på ein lunt stad i cirka 30 minutter.
Hell deretter deigen over i ei stor langpanne med bakepapir.
Fordel deigen jamnt utover. Tøm deretter ei liten mengde med olivenolje her og der over deigen. Strø til slutt over med grovt havsalt eller maldonsalt.
Sett direkte inn i varm ovn på 250 grader. Steik i 25 minutter til overflata er gyllen.

Det enkle
ER verkeleg
ofte det beste!

søndag 18. august 2013

Roser er raude

Det vil seie dei eg brukte 
var rosa!
Og dei lukta... HIMMELSK!

Etter laaang bloggturke kan eg difor endeleg skrive om at eg i dag laga rosevatn. Eg fann ei enkel og svært-lett-å-følgje-og-forstå-oppskrift på bloggen smågodt.

Som forklara der treng du:

1 stor panne
1 pannelok
2 skåler
kaldt vatn eller isbitar

Gode bilete og resten av framgangsmten finn du på bloggen.

Etter at rosevatnet var avkjøla, hadde eg litt av det over på ei sprayflaske for umiddelbar bruk, og så hadde eg resten i ein isbitepose slik at eg kan forsyne meg i frysa kvar gong eg lengtar etter sommarens herlege dufter...



fredag 17. august 2012

Gode naboar

... attende frå ferie,
kom i dag brune og blide
med "noko lite til deg!"

Kva passar vel betre til eit nyoppussa kjøkken enn ei knallstilig, og veldig, veldig smart strikka zalostrømpe?!? Denne var det endåtil far i nabohuset som hadde funne i ein butikk i Skudeneshavn.

Kan du strikke betre enn meg, tenkjer eg du lett finn ut korleis zalostrømpa er laga. (Billa Blå, tek du utfordringa?) Det kan sjå ut som at den er strikka som ein tube med innfelling i toppen. Ikkje noko hokus-pokus, skulle eg tru.  Ein fin, hekla blom finn du oppskrift på her.
 Snakk om snedden sommarpresang...

Eg er aldeles sjarmert!

tirsdag 7. august 2012

Kor er trillebåra?

... har eg ofte spurd.
Og så har eg leita, leita og leita.
Men NO skal det bli slutt på det!




 




Planen er nemlig å lage til ei trillebår som eg veit at ingen andre enn EG kjem til å bruke. Eg ser rett og slett ikkje for meg at ein kar med kjeledress og støvlar nokonsinne ville trille rundt på noko slikt (men heilt sikker er eg ikkje):


No har eg berre eit problem som må løysast før eg kan trille avgarde. Eg fekk nemlig med feil bøylar og understell då eg var stad å kjøpte trillebåra. So eg lyt dermed køyre eit par timar for å byte til meg dei rette delane før eg kan få mekka saman vindunderet!

Dette med trillebår SKAL liksom ikkje vera so lett...

tirsdag 17. juli 2012

Jordbær-is i to variantar

Når sola kjem er det best å vera budd:
Lag din eigen herlege jorbær-is!

 
SAFTIS: Rens bæra og kutt i bitar. Ha i ei spiseskei sukker og litt vaniljesukker per 2 dl bær. Mos med stavmiksar. Ha jorbærmassa i isformer, og vent tolmodig... (Det tek nok i allefall 3-4 timar før isen er ferdig.)


FLØYTEIS: I siste nummer av Lev landleg fann eg også denne oppskrifta. Svært så rask og enkel! (Faktisk so rask at eg ikkje fekk teke bileter av prosessen...) Resultatet står no i frysen og er klar om nokre timar. Her er oppskrifta så du kan prøve sjølv!

onsdag 6. juni 2012

Truser til tørk

 ... til ære for alle forbipasserande!


Her om dagen laga eg eit oppheng truser-sokkar-og-anna-smått. Kjekt å hengje ut i sola - eller berre på snora på vaskerommet.

Kanskje ein gåveidè til venninna "som har alt"?
(Kan då sjølvsagt supplerast med ei snasen truse og eit par søte strømper...)

Du treng:
ein gamal kleshengjar, helst av tre
augekrokar (oddetal)
hyssing
  • Fordel antal augekrokar ut over klehengjaren. Start med den i midten. Det er lov å bruke augnemålet... Skru i krokane.
  • Klipp ei lang og god lengd med hyssing. Start å feste hyssingenden i ein augekrok i enden av klehengjaren. Tre hyssingen gjennom holet i kleklype-fjøra og lat klypa henge ned medan du festar hyssingen i augekrok nr. to. Eg tilpassa høgda på kleklypene slik at dei vart hengjande i nokolunde lik høgd.
  • Fest til slutt hyssingenden i den siste augekroken.
  • Det kan nok vera ein fordel å bøye kroken på hengjaren litt meir saman - det gjorde ikkje eg med det same, og oppdaga at det ikkje skulle så mykje vind til før opphenget blas ned frå greina då det hang ute.

onsdag 30. mai 2012

Fine fuglar på veggen

Ein kveld denne veka
talde eg åtteogfemti svaler
som sat bortetter telefonledningen.
Eg trur dei hadde noko viktig å snakke om.

Då eg fann desse fine fuglane på epla.no tenkte eg: Hmm - dei er då ikkje so vanskelege å lage sjølv? Seinare i kveld skal eg gjere eit forsøk. 




Vil du også ha fine fuglar på veggen, men ikkje orkar å styre med det sjølv, finn du desse hjå renna deluxe sin eplabutikk. Der er forresten også mykje anna fint, som til dømes puter med trykk av ein sommarfugl eller ei bille.

søndag 20. mai 2012

Om sol, filleryer og vimplar

Det er lenge sidan sist.
Lenge sidan sola har vist seg.
Og lenge sidan eg har blogga.
Kan hende er eg ein sol-bloggar?


For no er sola her - og no er eg her. Og endeleg kan filleryene hengast ut til lufting. Vimplane tykkjer det er stas med selskap. Ser du godt etter, kan du sjå at dei smiler!


Har du også lyst å hekle slike fine, fargerike vimplar, finn du oppskrifta (på dansk - men lett forståeleg) hjå Karen Klarbæk. I oppskrifta er vimplane berre tredd på ei snor. Eg har hekla vimplane saman, men det gjer du som du vil med.

Og du... Nyt sola!

tirsdag 3. april 2012

Påskestemning i ein kopp

Du har sikkert oppdaga det, du også:
Sola varmar, bekken klukkar og fuglane syng.
Når våren sprett er det godt å vera til!


Førre helg tok eg inn nokre tynne, små påskeliljespirer og tenkte at eg kanskje fekk blomar til påske... Og JAMMEN! Det tok berre fire dagar før den fyrste blomen opna seg.

Gå ut i hagen (eller parken...) og hent inn nokre stilkar, du også. Og gjer det NO - så har du "sjølvlaga" påskestemning på bordet til påskehelga!

Porselenskoppen som blomane står i laga eg for nokre år sidan. I løpet av våren håpar eg at keramikkrommet i kjellaren vert klart slik at eg kan produsere litt igjen. *fingers crossed*

lørdag 31. mars 2012

Påskestemning med hekla lykt

Og slik vart den...

Det hekla trekket har eg teke utanpå eit peanøttsmør-glas. Desse glasa er fine fordi dei er så rette i forma. Og så går slike STORE telys oppi dei!

Eg måtte nett prøve meg fram for å finne ut kvar lykta skulle stå. Førebels står den ved sida av vasen med kvistar fordi det vart liksom mest påskete.



fredag 30. mars 2012

Påskestemning

... kan kjøpast på Nille:
Enkelt, billeg og greit.

Men påskesteming kan ein også lage sjølv:
Like enkelt, kanskje billegare og mykje koselegare!

Eg har eit påskeinspirert hekleprosjekt på gang: Sennepsgult trekk til mjølkeglas til å ha telys oppi. Kveldane ER ljosare no, men levande lys på ein ha likevel!

Eg har inga ordentleg oppskrift, men har du hekla litt tidlegare kan du gjere som følgjer:

1. omg:Hekle luftmasker og set i ring som høver til glaset du skal ha trekket på.
2. omg: *Hekle 3 dobbeltstavar ned i luftmasker i ringen, hekle 1 luftmaske og hopp over ei maske i ringen* gjenta til du kjem rundt ringen
3. omg - og vidare så langt du treng: Hekle etter bestemorrute-prinsippet. Sjå biletet så forstår du kanskje.

Ja, ja, dette var truleg verdas minst forståelege hekleoppskrift... Men det var godt meint! Er du lysten på litt meir profesjonelle oppskrifter finn du mange kjekke prosjekt på desse nettsidene:

DROPS Påskeverksted 2012: Hekle og strikkeoppskrifter
Studio Slyter: Trådegg til oppheng på kvist
Min gamle blogg: Eggekyllingar med karsehår

Ha ei nydeleg og prydeleg
palmehelg!

mandag 19. mars 2012

Stopp ein sokk - eller to!

FØR I TIDA gjorde alle det
no har me IKKJE TID

Me KJØPER NYE labbar i staden
og er godt nøgde med å vera nøgde med det

Men enkelte labbepar er FOR GODE
til å gå i boset

Då kan KUNSTEN Å STOPPE sokkar
vera god å ha i fingrane


TIPS
Del gjerne tråden før du startar, då vert ikkje det stoppa området så tjukt og klumpete å gå på.
Sy fyrst ein ring eller firkant rundt det slitte området. Fyll deretter ut ved å sy først eine vegen - og så den andre. Tett-i-tett! Prøv å "veve" trådane under og over kvarandre heile tida. Festing av tråd er ikkje naudsynt.


Og når ein fyrst har fått ut fingeren, kvifor då ikkje stoppe sokkane med ein KONTRASTFARGE? Elles VISAR det jo ikkje...

Ha ei fin-fin veke!

torsdag 2. februar 2012

MONSTER-torsdag

Som kunst og handverks-lærar hender det at det dukkar opp uventa gullkorn på ein heilt vanleg dag.

Dette er resultatet av "teikne elipseform"-øvingar med elevar på mellomtrinnet. På eleven sitt eige initiativ vart elipsane plutseleg til rampete monster!


Kor knast kunne det ikkje vore med ein slik "broket forsamling" på
t-skjorta, som bokbind, eller rett og slett...
i gull og rame på veggen?

fredag 6. januar 2012

Eg synest det er så fantastisk mange kreative og effektive bloggarar der ute!

Folk med travle dagar fylt med jobb og ungar, matlaging, trening, og køyring hit og dit ser ut til å ha allverdas tid til å gjere "alt mulig" kult og knast. Eg har ikkje ungar og bur 300 meter frå der eg jobbar. Det hender eg også er kreativ - men effektiv? Nja...

Sjølve heklinga gjekk eigentleg som ein leik, men så var det å finne den rette knappen til å ha i midten, då!

Mor sin knappeeske vart saumfart, og ei rekkje kandidatar vart prøvd ut.


Før jul handla eg meg eit lite nøste med gult ullgarn på Patina, og i romjula leita eg i mor si bokhylle og fann oppskrift på korleis ein heklar blomar. No, ei lita veke utpå nyåret, har eg endeleg fullført prosjektet.


... Og slik vart det endelege resultatet. Eg gjekk for den litt søte stilen denne gongen.

Har du lyst på ein blom du også?           
DROPS si nettside finn du oppskrift på noko som liknar. 

God hekle-helg!

lørdag 19. november 2011

Samla kring bordet

Denne laurdagen inviterte eg og Mammo mi dei kjekke tanteungane mine på ein liten førjulsverkstad. (Litt tidleg å kalle det juleverkstad enno, tykkjer eg!) Ingrediensar som ei gamal bok, konglar, remser med strikk og auger på glas vart funne fram og saman med ein voksduk frå tidleg 70-tal var det skikkeleg stemning rundt bordet!

To flinke jenter og ein blid gut laga kule, skjønne og morosame ting medan dei storkoste seg kring bordet. Ein liten smakebit av produksjonen fylgjer:

 Ei gamal bok vart til fletta korger, symaskinsydde hjarter og anna "dinglepynt".

 Ein liten nisse med trekkspelarmar såg dagens ljos.
Og gjett om det er kjekt å snoke i kassane til Mormor!

Og jammen vart det tid til ein stor nisse også!
Slank og fin i fasongen no før julebordsesongen...

Tida flaug avgarde og plutseleg var det godt over leggjetid. Tre glade born og to trøytte vaksne var svært nøgde med dagens innsats!

søndag 23. oktober 2011

To søte søstre, skillingsbollar og sjarmerande bøker i Bergen

Sjarmerande Bergen har blitt enno meir sjarmerande!

Sist helg avslutta eg haustferien med overnatting i Bergen saman med sambuaren min. Me overnatta på To Søstre Gjestehus i Nedre Stølen, og brukte HEILE laurdagen på å rusle rundt i trange smau og gater.


Ein av Bergens nyare skattar er bokkafèen Krok og Krinkel i Lille Øvregaten. Ferske skillingsbollar og gamle bøker er ein fantastisk kombinasjo. Særleg på ein laurdag når ein har goood tid!

Vertskapet på kafèen har verkeleg sansen for å skape stemning i lokalet. Sjå berre på denne nydelege takpendelen! Kanskje ikkje so vanskeleg å lage sjølv, heller?
Og attpå ein heil dag med trasking og gode opplevingar i byen var det godt å kome inn på rommet i gjestehuset og berre slappe av. Og å kunne kvile augene på bergenske tak tett-i-tett! Litt til! 

søndag 18. september 2011

Ei god helg

Laurdag
besøk av Polo frå Equador, busett i London,  som vart "stunned" av høge fjell og djupe fjordar - og som også let seg imponere av små ting som utrekkbar skjærefjøl på kjøkkenet! Det er kjekt å ha besøk av folk med annan bakgrunn enn sin eigen, og slik sjå sin eigen kvardag med nye auger.

Sundag
godt plassert i sofaen med malande katt og hekletøy. Garnet er Mirasol frå Du Store Alpakka og skal bli til eit laaangt, stripete skjerf som skal halde meg varm til vinteren.

fredag 22. juli 2011

Keep calm and carry on

Det er berre å bite tennene saman! Sola kjem sikkert snart...

Så langt har sommaren vore temmeleg våt, sjølv ikkje under mitt faste opphald i Kragerø-området var det særleg sommarstemning slik ver-messig. MEN kva gjer det når ein har Panduro...? Eg stakk innom der for ikkje så lenge sidan, og kjøpte med meg ein type decopage-lakk som kan brukast til å overføre bilete til "allslags ting". Ulempa er at ein må kunne ta laserutskrift for å få dette til å funke, men har du det, blir det skikkelig bra! Sjå berre her:


Bilete overført til blikkboks
Den bulkete boksen eg har strikkepinnar oppi vart straks litt meir fjong!

Bilete overført til glas
Og på det nye vaskerommet skal eg henge opp denne gamle loppis-ramma med nytt innhald (berre hyller og skap kjem på plass).

Illustrasjonsfoto frå Panduro: Bilete overført til lerret
Klikk på biletet over, så kjem du direkte til produktsida hjå Panduro. Dei har også brosjyrer på framgangsmåte og elles det ein måtte trenge av utstyr til prosjektet.

God helg!

tirsdag 28. juni 2011

Chandelier til begjær!

Har du sett på maken?
Noko so nydeleg...

Klikk på biletet for å kome til Etsy:
Three Tier Wedding Cake -
Ball Mason Jar Hanging Swag Chandelier -
Eco Friendly Event Accessories
 Ein liten tur inne på etsy.com i dag har gjeve meg hjartesår og magesorg. BootsNGus sender nemlig ikkje varer til Europa. Snakk om hjarteskjærande oppførsel!


MEEEN det går kanskje an å låne ideen....

Etter runde i kjellaren på jakt etter gamle norgesglas, og ein svipptur til Clas Ohlson, skulle vel dei fleste komponentane kunne vera på plass.

lørdag 18. juni 2011

Verdas beste foccacia

Foccacia er eit fantastisk bakverk - kjapt å lage og passar til alt. Særleg i desse salat - og grilltider! På bloggen Som mine dager er har eg funne det eg trur må vera


Brødet smakar himmelsk, og er utruleg lett å lage!

Her er kortversjonen av oppskrifta:

50 gr fersk gjær
1 ltr vatn
20 gr salt
1 kg kveitemjøl



 Bland fyrst gjær og lunka vatn. Ha i saltet.
Rør i mjølet. Blandinga skal vera veldig klissete!
Legg over plastfolie, og lat stå til heving i 30 minutt.
Deigen hevar seg MYKJE, så bruk ein stor bolle!

Brei det heile jamnt ut over ei langpanne med bakepapir i.
Sprinkle over med olje, og strø på 1 ss med grovt salt.
Steik i 25 minutt på 250 grader.

Lukke til!