onsdag 26. august 2009

Sykkeltur til Aspeneset

I dag var det strålande sykkelver, og då set vi ikkje heime.
Mulen
Hjellen, dette huset budde oldemora mi i. Ho fekk 12 born. Bestemora mi kom til Igland.
Fyret på Aspeneset

Klar til retur.

Barndomsheimen min

Barndomsheimen min på Svarstad blir kalla Mathisstova. Den skal bli ny. Mykje godt arbeid er langt ned, og i vente.


laurdag 22. august 2009

Kalvåghelg og Valkampopning.

Valet nærmar seg med stormskritt anten ein bryr seg eller ikkje.Denne helga hadde vi valkampopning saman med Vågsøy og Flora Ap. Eg og Espen leigde Nødsetbua heile helga. Det var stille og roleg, noko som vi set pris på.Det er uturleg god mat på Knutholmen og god service av Fossen. Laurdag smaka vi på havets festbord som dei er kjende for. Det var ein del folk denne kvelden.
Her er det flott å nye både utsikt og flytande føde.
Utsikt frå verandaen
Båtlivet er ikkje over for sommaren
Lady og Landstrykaren på Holmen
Svanhild kom til kai på Holmen laurdag kveld

laurdag 8. august 2009

Bryllaup nr 2.

Då var vi komt heim, og snart ferdig med feriekjensla for i år. Stine skal flytte til Bergen for å studere ved UIB(sosiologi). Vi skal køyre ho nedover på Måndag. Det skal vel handlast litt og. Blir ikkje så lei det. Thor Kristian er traust mot sognebygda og tek eit nytt år ved HISF.(det sjette).
I dag skal vi i bryllaup igjen denne gang til Tore og Aud Marit. Veret kunne vore betre, men når ikkje Tore klarer å gjere noko med det så er det vel ikkje så mange som kan. Finkleda heng klar og flagget er kome opp. De får ha ei fortreffeleg helg alle i hop.

tysdag 4. august 2009

Fisketur i Ryssfjøra

I Ryssfjøra er det ei fin kai å fiske frå. Vi var aleine når vi kom, etter kvart kom det 5 ungdomar som og skulle fiske, og 2 gutar og ein far som skulle bade.Ja, ja klokka var no berre 21.30. Espen sat i bilen og las, men kom utan bilen i 5 min og tok nokre bilete. Eg lurer på om faren har drept fiskegleda i barndomen. Det vart berre ein liten fisk på kroken som fekk sleppe fri.
På veg heim var sola illraud når ho gjekk bakom fjellet.

Sykkeltur

I dag sykla vi opp på snuplassen der vi går opp til Ryssdalshornet. 31 minutt opp og 16 minutt ned.


måndag 3. august 2009

Arbeidslysta er til stades.

E det nåke å vente med seier Raymond, og brått var dei i gang.
Stig: det er dugnad kl 1500 idag , dei har eit forslag.

Vi kan gå tørrskodde over til Møre

Det gode liv i BUKTA

Ups, tok nokre dagar før eg blogga gitt. Vi kom til Sandane Torsdag. Etter vi hadde fått på plass vogna såg vi behov for ein vask.Etterpå fekk vi opp teltet.Så alt gjekk rimeleg kjapt denne dagen. Fredag auka det på med folk. Laurdag hadde vi ein felles koseleg grillfest.
Pompel og Pilt fekk vise fram dei nye t skjortene sine. Eg og Anne synest det er greit å få klar beskjed kor tid vi kan vere noko utrygge.



Fluffy kosar seg og. Skal du ikkje køyre snart Rune? Ungane er utolmodige,men mannjen har rimeleg god tid

Etiketter