De få ha ei fin helg. Kanskje kjem det oppdatering neste helg, då resten av innventaret på badet er på plass.Eller noko anna spennande stoff å skrive om.
fredag 28. november 2008
Bad igjen!
Brått vart det helg igjen!. Det har no skjedd litt denne veka i samband med badet. Golvet er no ferdig. Alt er fuga. Taket og døra er på plass.Og ikkje minst: vi kan gå på do. Vi har ikkje holdt oss i ein mnd om nokon trur det.No ligg listene og herdar seg på stovegolvet.Det skal bli ei lukke å gå normalt her i huset om ei tid. Julegardinene på stova er faktisk kome opp idag. Staken og adventslysa likeså. Effektiv kjerring må eg sei. Dagen i mårå går med til nominasjonsmøte på Skei(rai rai). Søndag skal siste innpurt gjerast før eg reiser til Bergen på måndag og blir der ut veka. Skal faktisk ikkje ha med datamaskina. Jau, du las rett.IKKJE HA MED!
onsdag 19. november 2008
Status Bad
Er det nokon som har imot fargen på golvet? hahaha
Slapp av, det er berre Membran. Golvflisane ligg klar.
Vi reiser til Ålesund og døyper vesle(store) Johann i helga. Det blir spennande å komme heim søndag til eit ferdig fliselagt golv. Men først skal vi shoppe oss ferdige til jul, og "meske" oss på hotell alle 5. God helg til alle som kom innom.
Slapp av, det er berre Membran. Golvflisane ligg klar.
Vi reiser til Ålesund og døyper vesle(store) Johann i helga. Det blir spennande å komme heim søndag til eit ferdig fliselagt golv. Men først skal vi shoppe oss ferdige til jul, og "meske" oss på hotell alle 5. God helg til alle som kom innom.
søndag 16. november 2008
laurdag 15. november 2008
Ja sånn går no dagan!
Hei, det ser ut som vi har gått i vinterlagring vi og, men det stemmer ikkje.Det er/har vore travle dagar og då lyt ein prioritere. Helgane har vore oppbooka sidan tidleg i november. Arbeidet med badet held fram, legg inn eit bilete der flisane er kome på veggen. Neste veke blir golvet ferdig med flisar. Ineriøret er på plass med røyrleggar.Dørene er og komt. Så det går på fram, utan at vi er "dønn sletne". Vi har berre administrert og rydda dann og vann. Så vi har mykje energi til masse anna.T.d scrapping av julekort.Skal legge inn bilder av årets opplag. Kjem om ikkje så brått.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)