Det er nemleg det dette er. Livet står liksom litt på pause, samstundes som det går framover akkurat som det pleier. Eg har nemleg fått beskjed om å berre “ruge” framover. Kan ha forholdsvis normal aktivitet, bortsett frå at eg ikkje skal både det eine og det andre. Dermed vert det litt begrensa kva eg egentlig kan gjer. I tillegg kan eg ikkje fly, og skal ikkje vera lenger vekke frå næraste sjukehus enn max 2 timar. Altså vert det ikkje den store feriesommaren i år, men hytta ligg berre 50 min frå sjukehus, så dit kan eg i alle fall reise.
Eg har funne ut at dette er ein glimrande anleding til å lime bilete inn i album, så alle scrappesakene er henta ned frå loftet (ikkje av meg), og håpet er at til knøttet gjer sin entre`har frk dings og storebror fått sine eigne album. Det er jo lov og håpe……..;)
Ha ein flott sommar. Eg kryssar fingrar for at sola snart dukkar opp, slik at eg får følelsen av at det faktisk ER sommar…
