Tenk om pepperkakehuset mitt hadde sett slik ut...............Har sett at det er mange flinke pepperkakebakere i blogglandia, og eg har så lyst på eit skikkeleg fint pepperkake hus. Og det er ikkje det at eg ikkje har prøvd!!!!!!

For nokre år sidan, såg eg eit nydeleg pepperkakehus i Allers. Det fulgte med oppskrift, og malar, så eg tenkte : Kor vanskeleg kan det vera?????? Dette kan eg klara! I dei dagar budde eg heime hjå foreldra mine ( no har eg jo flytta laaaangt vekk. Heilt på hi sida av veggen, hi,hi ), og ein dag dei skulle på bytur, og eg hadde fri rigga eg meg til. Pepperkakedeigen vart laga, malane skorne ut, og eg sette i gong. Deigen vart seig og fin, og eg kjevla lukkeleg medan julemusikken tona ut i rommet. Dette var då ingen sak tenkte eg, la på malane og skar ut. Då var det berre å løfta dei over på bakeplata. Svupp sa det i det eg letta dei opp frå bordet, og dei fine, beine veggene var brått skeive, og mykje mindre enn dei var i stad. Eg beit tenna saman og fortsette. For kvar del eg letta frå bordplata, var det mindre og mindre som minna om eit pepperkakehus.
Blodtrykket steig til svimlande høgder, og deigem stod i fare for å enda i veggen opp til fleire gonger. Julemusikken vart mindre og mindre koseleg etterkvart som temperaturen steig i rommet. Til slutt var det lite som minna om julestemning på kjøkenet : &%¤#"&&%¤%#### pepperkaker!!!!!

Til slutt gav eg opp å prøve å få beine vegger og tak. Her var det berre å bite tennene saman og prøve å redde stumpane. Likna det på ein vegg fekk det halda!! Delene vart steikte, huset limt saman, og pynta etter alle kunstens reglar, utan at det hjalp særleg på sluttresultatet. Huset var ubeskriveleg skeivt og stygt. Eg sette det på eit brett ut i gangen og tok fatt på oppryddinga. Seinare på dagen kom niesa mi innom, ho var vel då ca 6 år, og den brutalt ærlege komentaren hennar var: "Da e da styggaste pepperkakehuset eg har sett! Kim e da so har laga da????" Tanto måtte jo berre innrømma at det var ho som var syndaren. Huset havna på loftet til det var tid for å hiva det. Etter dette har pepperakehusa hos meg vorte innkjøpt frå Rema, og så legg me heller hjarte og sjel i pyntinga. Men kanskje ein gong skal eg prøve igjen. Må berre sørge for at ungane er ute av huset, for eg garanterer ikkje for barnevenleg atmosfære under prosessen;)
Ha ein flott dag, og kos dykk med juleforbereiingane:0)
Bileta har eg lånt frå google.