fredag 24. april 2015
Nokon kosar seg
torsdag 5. februar 2015
Rosa
Eg har meir av dette garnet liggjande, berre i anna fargar, for eg har vore på fabrikkutsalg og kjøpt billig ;) Men eg har teke meg ein pause i sokkestrikkinga no. Kanskje ikkje så lang, men i alle fall ein pause.
Dette paret er lagt oppi kassen som er berekna til Mottaket i Hå når det nærmar seg jul att... Lysten til å ha dei sjølve var der, for eg likte fargen så godt, men det er det sikkert nokon som vil gjere på Mottaket også..
Eg har rota i garnlageret, og funnet fram noko Fritidsgarn. Det er kjekt, for strikkinga går fortare med tjukkare garn.
I dag har eg førebudd Morsdagen, på sundag. Eg har handla heim Brownies-mix, og minstemann var kjapp med å seie seg villig til å baka; det er hans favorittkake.
Ønskjer deg ein fin start på ny helg!'
Siri
fredag 23. januar 2015
Fortsatt sokkar…..og litt til
Føreløpig siste par ut – sokkar i str 42/43, strikka i Labbetuss frå Europris.
Eg er ikkje så flink til å berekna kor mykje garn som går med, og strikkar kanskje ikkje dei høgaste ribbane…. Ca 15 cm høge..
Restegarnet tek aldri slutt her i huset, same kor mykje eg brukar virker det som..
Så eg har strikka eit par små karer. Det kan hende dei finn ein plass dei vil bu, men inntil vidare bur dei på skrivepulten min.
Enkel strikk i eit stykke, sydd saman og laga detaljer på til slutt.
Siri
søndag 18. januar 2015
Av restegarn kan ein lage….
Her er eit par sokkar til, og eg kan ikkje anna enn å kryssa fingrane for at du ikkje vert lei av å sjå sokkar framover… Eg veit ikkje heilt om det er for restegarn å kalla når eg har rett i underkant av 2 heile nøster garn, men eg tenkjer iallefall det. For å drøye garnet ein smule, brukte eg pittelitt kvitt til nokre striper, berre for å vere på den sikre sida… Størrelse??? hmmm, eg trur 28-29. Strikka på pinne nr 3,5.
Så har eg lyst å visa gåva eg pakka inn til mi syster.. Ho fyller året 6. januar, og eg har ikkje lyst å la gåva virka som ein ‘ettersleng’ av jula… Rosarutete papir og blå-grønt bånd. Eg pynta med ein hekla blome, med ein hekla knappeblome i midten. På baksida har eg festa ei sikkerhetsnål, så den kan festast kor ho måtte ønskje å bruke den..
Gåva har ho fått, så eg kan fortelje om innhaldet òg ~ boka eg har illustrert + 2 klutar og 4 renseklutar.
Kanskje eg til slut skal gje deg nok ein jærsk fun-fact; garn på jærsk heiter gàd’n
Her skin sola, og dagen lokkar med ein liten tur. Ønskjer deg òg ein flott dag!
Siri
tirsdag 6. januar 2015
Om Hå Mottakssenter
Klikk på biletet, så kjem du inn på facebooksida til Hå Mottakssenter. Her kan du lese litt om staden eg kjem til å levera mine ullsokkar når det nærmar seg jul att….
mandag 5. januar 2015
1. par sokkar
Det første paret med ullsokkar er ferdige, og nyttårsforsettet mitt er igang. Her er det brukt restegarn, og etter fargane å døma kunne dei mest vore tekne rett ut av fargerike sportsdesign?
Størrelse herresokkar – trur det må vera rundt str 42, strikka på pinnar 3,5.
For å vera sikkar på at eg hadde nok garn slik at begge sokkane vart identiske, strikka eg på begge to, frå garnnøstets begge trådendar. Fordelen med dette var òg at eg vart ikkje så lei av å strikka dei, for som regel vegrar eg å byrja på med sokk nr 2, men her vart den ferdig samstundes med nr 1, og det likar me
Eg har byrja på 2. sokkepar, men må innrømme at dei er i størrelse 1-2 år…
Det gleda meg å treffa vener og bekjente som kunne meddela at dei òg ville hiva seg med i sokkestrikk til bebuarane på asylmottaket i hå ♥
Siri