Viser innlegg med etiketten Bryllup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllup. Vis alle innlegg

tirsdag 13. september 2011

Den perfekte dagen!

~Enkel bordpynt~
~Å halda handa til denne blomsterpiken var min brudebukett ~
~Kreativ brullups(kake)gåve~
~Bok med minneord frå gjestene klar for lesing~
~Brudeskoene endeleg av....~
Siri ~ lukkeleg nygift!

Til Rune

Du er som solen,- en majestet,
lysende skjønn og stor!
Jeg kretser om deg, snart kold snart het,
som en årtidsskiftende jord.
Vender jeg meg fra deg som jorden gjør,
da vintrer mitt hjerte til,
sangene tier og blomstene dør
fjernt fra din kjærlighets ild.
Men når jeg atter mot solen snur,
blir jeg en gjenfødt vår,
Mitt sinn blir en blomstrende allnatur
som glad mot din sommer går!
Fra Siri

onsdag 31. august 2011

Å finna balanse

Det siste året har ikkje kroppen min og eg vore heilt på bøljelengde. Eg som ikkje plar vera sjuk, har eigentleg fått det eg ikkje har hatt tidlegare.. Det er rart; akkurat som om kroppen ikkje er klar over at eg aldri har hatt det så godt før..

Då er det fint å ta ein pause, gå ut i naturen - eg er glad i denne skogen her..
Kikka seg rundt, og leggja merke til dei små tinga som rører seg...



Og kjenna roen som senkar seg over sjela når ein er omringa av nydelege, rolege grøntonar...


I går var min kjære og eg og snakka med presten, øva på gangen opp kyrkjegolvet; Nei, eg har aldri hatt det så godt før...


Siri


tirsdag 16. august 2011

Ikkje som fyrst tenkt..

..sjølv om eg er riktig så nøgd med resultatet her..

Garnet eg har brukt på denne 'Enkle Vest' frå Pickles, hadde eg tenkt å strikka volangskjerf av, som eg skulle ha på meg i bryllupet. Men då eg vart 40, fekk eg pengar i gåve, og brukte dei på eit nydeleg skjerf,med perler og hjarte i sylv.

Så håpet var å ha nok garn i Prinsessa's størrelse; 4 år.

Lys rosa, og knappane har eg klypt av ein kjole for lenge sidan.. Utruleg kva som kjem til nytte att... Dei er lys lilla, og eg synes dei passa fint til rosa.

Og garnet, det hadde eg nok av.. I utgangspunktet hadde eg 2 nøster Inca Alpakka og 2 nøster Alpaca Silk. Pinne nr 5,5 vart brukt, og ennå har eg over eit nøste av kvar att..
Prinsessa kjem neste tysdag, og eg gler meg til ho får sjå veste. Ho elskar at eg lagar noko til henne.

I dag har min kjære og eg prøvd gifteringar; tenk no er det ikkje lenge igjen...

Siri


torsdag 11. august 2011

Brudepikekjolen

Endeleg er brudepikekjolen til prinsessa ferdig! Det tok si tid, for eg ville ikkje risikera feiltelling under flytteturane. Sidan vart den liggjande på vent...

Som du ser, så er den ikkje dampa ennå, men det vil eg ta når dagen nærmar seg litt meir.
Blomane vart ikkje heilt etter oppskrifta, då den ikkje var å finna i Familien's oppskrifter. Eg fann fram ei hekleoppskrift på roser, og sette igang. Rosene er nok dobbelt så store som dei 'originale' som skulle vore på, men eg tykkjer dei gjer meir utav seg desse..



Litt nærare...


Kjolen er strikka i Mitu, og det er garantert ikkje siste gongen eg kjem til å bruka dette garnet.


Innbydelsane er også endeleg skrevne, og ventar berre å koma til mottakerane. Dei vart heller ikkje som eg tenkte i utgangspunktet; heimelaga, nydelege kort...

Eg tok ein tur på bokhandelen og handla inn støvrosa ark og konvoluttar.

Lys og serviettar er kjøpt, og rosene er plukka ut og klare til å bestillast. For dei som har greie på rosenamn, har me valgt ut 'Memory Lane'. Det skal ikkje vera nokre dyre dekorasjonar - me går for enkle roser i forskjellige glas, rosa telys på skiferplater og steiner og skjell frå mange av mine strandturer...


Siri

torsdag 26. mai 2011

Kryss i kalenderen



Forkjølelsen vil ikkje heilt gje slepp, så i dag skal eg avgårde til legen og få litt medisin.

Men sjølv om blogginga ikkje har vore den heilt store i det siste, så er bryllupsplanane godt i gang.


10. september gjer min kjære og eg kvarandre våres ~JA~


Her - på Kvassheim fyr - skal me feire saman med mennesker me set stor pris på. Og vèret kan berre gå berserk på dagen, for utsikta vil berre verta betre dess verre vèret blir....


Siri





tirsdag 17. mai 2011

Verdas lykkeligste!


Dette er vel ikkje heilt dagen å vera sjuk på, men no vart det no eingong sånn for meg. Så det vil bli ein roleg dag heime...
Men det gjer meg òg god tid til å setja meg ned med ein kopp kaffi, og tenkja tilbake på helgas utrulegheiter.

Fredagen byrja tidleg; opp klokka 5 for å gjera seg klar for jobb.
Vel heime att, etter ein liten kvil på sofaen, kom min kjæraste kjære inn døra med ein nydeleg bukett med raude roser... Fantastisk!

Planen for helga var konfirmasjon til tantejenta mi på laurdagen, noko me gleda oss til.
Men om morgonen hadde eg verkeleg mykje på hjarta, som eg gjorde mitt ytterste for å fortelja min kjære. Det var viktig for meg å gje uttrykk for kor mykje han betyr for meg... Vel, det heile endte med desse orda frå meg; 'Du? Vil du gifta deg med meg?'..... stillhet.....
Eg overraska meg sjølv like mykje som eg overraska min kjære... 'Ja!', svara han tilslutt. 'JA!'
Me ville ikkje seie noko til nokon den dagen, for det var jo konfirmanten sin dag. Så min kjære ba meg med på tur, og overnatting, på Byrkjedalstunet, for at me skulle kunne snakka og planleggja.


Me er enige om eit enkelt bryllup, feira saman med mennesker som betyr noko spesielt for oss.

Eg ønskjer å gjera dagen god for alle barna våres òg; me har 6 gutar og ei prinsesse til saman..


Min kjære har lyst prinsessa skal ha ein kjole som denne, mønster i Familien nr 10, i rosa Mitu-garn...


Eg er enig, for ei supersøt prinsesse må vel ha ein supersøt rosa kjole?! :)


Krims&Krans er ein god stad å handla, både garn og anna flott. No har eg sikra meg garn til kjolen, gode strikkepinnar, og på handleposen hang ein lapp med orda; 'Saman er ein god stad å vere!' Noko som er ein absolutt sannhet..


Eg gler meg til vidare planlegging, trur nok eg legg feiring av 40-årsdag på hylla, og konsentrerer meg om den viktigaste feiringa no; min kjære vil leva livet saman med meg!


Gratulera med dagen, alle saman!


Siri