Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!
Viser innlegg med etiketten jakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jakt. Vis alle innlegg

tirsdag 12. oktober 2010

Rim på pungen




Ja no har han endeleg fått rim på pungen - bukken altso:)
Det seiast at får bukken rim på pungen - då byrjar brølinga! Og det er ein sann fryd å høyre på!

Altso - kanskje eg skal begynne litt på "skrætsj" her - for byfolket som kanskje berre høyrer brøling frå bilar og sånn:)

Det er hjortebukken eg snakkar om - pappa hjort :)

Staselege karar! Dette bildet er frå i fjord vinter - detta var min nærmaste nabo som eg sa god morgen til kver morning, han og han luringen bak i skogen der. Ser de han og?? Dei er gode å kamuflere seg!

Det er no på hausten det er brunsttid/paringstid for hjorten - no skal dei lage baby hehe!
Då brølar bukkane for å lokke til seg damer (koller) og for å skremme vekk andre bukkar. Og så slest karane så det skrallar i horna (eller hodni som me seier her:) !!!
Det er berre sooooooo fasinerande å høyre på.

Kan stå ute i timesvis i kalde kveldar i mørket under stjernene, mellom dei høge fjella og høyre det brølar gjennom heile dalen.
Og så sprer dei brunstlukt - det kan ein få kjøpt på boks og vist :D Og badar i gjørmeholder og sprer om seg med mannelukt og forteller at her er det eg som rår - og "parfymen" skal lokke til seg damene den og!
(men ikkje ta feil mellom aftershaven og brunstluktboksen når du skal på byn kar! :)


I dag fekk eg brundalukt på meg og:) Stas - men stinker:) Det vart plutselig liv i leiren her i ettermiddag. Kamuflasjekledde damer og menn var plutselig på plass i skogen - spenninga på walkien var til å ta og føle på - var dessa halvslitne 50 åringane raske nok - kvert minutt teller - det vert alt for fort mørkt.....


Dei klarte det! Dei vert jo spreke som ungfolar når det er hjort dei spring etter - vertfall når den har noko meir på hove enn berre øyrer :)

I dag var det denna sprekingen som tok an :)

Berre for å sei det så vart eg svett og, for på trimtur på skogen med hunden for å leike jakt :) 
Då er det ho som trimmar meg for å sei det sånn. 
Og så hjalp me med å dra hjorten ned att:) 

Ellers var eg berre walkie observatør og fekk spenninga frå bilen:) 
Kjempemorro å vere sidejegar og skal eg sei deg!

 Observatørar får berre halde når det er tid for slakting :) 
Mamsen vert lokka i skogen og no når bukken brølar til ho :)


Me tok ein praktisk naturfag time - mange små og store barn fekk være med på slaktinga. 
Her strevar eg og Susanne med å sage av horna så vi kan ta ein kik på hjernen. 
Det var tungt gitt :) 


Tja er vel ikkje anna å sei enn blerk! 
Men må nesten være tøff framfor ungane når eg skal lære dei å være tøffe :)


Alle som tørr får kjenne på! :) 
Eg sjølv syns lungene har ein koseligare konsistens å ta på. 
Vi prøvde å blåse luft i luftrøyret og lungene for å få dei til å brøle 
- men det gjekk ikkje i kveld. 


No har jammen hjorten overskugga resten av den fantastiske overenergiske livlige kjekke dagen i skyggesida (ser sola på andre sida av fjorden og lengtar til Vetlefjorden:)

Men er no bra på skuggesida og! :) Har ein fantastisk jobb med varierte oppgåver - denne veka er det beiterydding som står på planen. Utruleg deilig i flott haustvær! Stortrivast! Og så får eg selskap av ungdommen som har ferie! Morro å sjå entusiasmen og iveren i arbeidet :) Jada Erlend! Kjempeglad i deg og du er såååå flink! Gledar meg til å sprette til skogs klokka 8 i mårra :)
Hmmmm for 16 år sida på denna tida her var me i lag og - men då var det bleieskift, foring og eit helsikens strev med å få deg til å sove :) ......"eg hogsa når du var sooooooo liten"..... sukk! :) 

Nei no er det lydar utanfor huset eg må høyre på før eg tek kvelden! ;)