Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!
Viser innlegg med etiketten beite. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten beite. Vis alle innlegg

onsdag 31. juli 2013

Kveldstur på stølen :)

Heimestølen Langehaugen er eit eldorado av eit turområde,
om eg vil ha kort eller lang tur,
flatt eller bratt :)
Om eg vil på "kosetur" eller jobbetur
(mangt ein kan gjere mens ein er på tur som er nyttig :)
 
I kveld var det berre tusletur for å sjå etter kyrne :)
Sidan eg ikkje hadde fyllt opp hendene med redskap vart det ein del bilder :)
 
Avlsoksen Vetleguten ville helse på :)
Spent på kor mykje han sper på kontoen med om ein månads tid:)

mandag 29. juli 2013

Kalvedans

 
Alltid artig å flytte storfea frå eit beite til eit anna,
då skal dei danse og sprette og springe på vegen
-så det er berre å ta seg tid til det, la dei kose seg og nyte synet :)

fredag 7. juni 2013

Sauene på vårbeite

Det har jammen vore ein trist vår, som kom øye seint.
Og når våren først kom så var mykje av graset daudt.
Så vårbeitet til sauene har ikkje vore noke å snakke om.
Blir spennande å sjå til hausten når lamma skal slaktast
kor mykje det har hatt å sei for tilveksten på lamma.
 
 
 
Her jaga eg sauene og lamma opp på Rabbane,
i liane vert det fortare grønt enn nede på flatmarka.
Det er fordi snøen smeltar fortare her, kan du tenke deg koffor?
Fersk blåbærlyng er snacks:)