Viser innlegg med etiketten sorg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sorg. Vis alle innlegg

mandag 16. mai 2016

Nokon



Noko å støtte seg på
Noko å kvile seg på
Nokon som er der for deg

inspirert av gamle ugle

TAKK FOR ALL OMSORG I EI VANSKELEG TID!

fredag 13. mai 2016

SKIPPER




SKIPPER PÅ EIGA SKUTE
DU HAR MØNSTRA AV
BÅRENE HAR STILNA
BRENNINGANE BRYT IKKJE LENGER

EG SER DEG STÅ VED RORET
TRYGG
DU VISSTE LEIA
DU KJENDE DEN SOM DI EIGA BUKSELOMME

INGEN SOM VAR OMBORD NÅR DU STYRTE
FØLTE SEG UTRYGG

VI VIL FOR ALLTID SAKNE DEG
DET GODE SMILET DITT
DEN LUNE HUMOREN
GLIMTET I AUGA DINE

KVIL I FRED
KJÆRE SVIGERFAR

-SIGRID 11.MAI 2016-

fredag 22. april 2016

UM Å BERA




Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.

Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm

er den glede
som du vil ha åleine.

Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn – -

Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.

Jan-Magnus Bruheim

På Skålvekti

søndag 17. april 2016

OPP NED STILLE FØR STORMEN



KVA ER OPP OG KVA ER NED?
STILLE FØR STORMEN..
HJARTET MITT BLØR FOR DEG SOM HAR DET VONDT.

VI KAN NYTE STILLHEITA
STILLE FØR STORMEN
MEN VEIT AT DEN KAN KOME FORT

DAGEN I DAG ER IKKJE SOM  I GÅR
STILLE FØR STORMEN
EI KALD KLO RUNDT HJARTE

INGEN TING VERT SOM FØR
STILLE FØR STORMEN
KJENNER ALT NO KOR EG VIL SAKNE DEG

OPP NED
STILLE FØR STORMEN
PRISEN FOR Å VERE GLAD I ER STOR

-SIGRID 17.04.16-

........................................

Alt har si tid,
          det er ei tid for alt
          som hender under himmelen:
          
      ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
          ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
          

-     Forkynnaren 3, 1-2



søndag 26. april 2015

ALT HAR SI TID...

TEIKNA AV INGRID NEDRELID

TUSEN TAKK FOR BLOMSTER OG OMSORG I SAMBAND MED SVIGERMOR SIN BORTGANG.

BILETE OVER HAR EG TATT AV EIT KORT PAPPA FEKK MED 
EIT SØSKENBARN AV MAMMA EI STUND ETTER AT HO DØDE I ÅR 2000. 
EIT VAKKERT KORT MED MYKJE INNHALD.

SÅ MÅ BERRE LIVET GÅ VIDARE..
ALT HAR SI TID..

MEN KJENNER DET VIL TA SI TID FØR EG VIRKELEG KLARE TA DET INNOVER MEG.

----------------------
FIN NY VEKE TIL DEG SOM ER INNOM BLOGGEN MIN!








søndag 19. april 2015

OMSORG I KVAR EIN MASKE



omsorg i kvar ein maske
tjukkesokkane varmar føtene mine

du døde i går
så utruleg brått

siste strikketøyet låg igjen
du hadde planar

ja visst hadde du mange plager
ja visst var du gamal no

men saknet vil være der
du betydde så mykje for oss alle

KVIL I FRED
KJÆRE SVIGERMOR 

onsdag 15. april 2015

GRUNNMUR




heime i barndommens rike
eit fjell
ein grunnmur

kva vart lagt nedi meg

kjærleik
rettleiing
bøner vart bedt for meg

kven var eg då
kven er eg no

kven skal eg verte

vi er i stadig endring
heilt frå vogge til grav

kven og kva lar vi få lov til
å påvirke oss

kven bestemmer kven eg er

- Sigrid 15.april 15 -
............................................

BERRE NOKRE ENKLE TANKAR RETT FØR LEGGETID

EI AV MINE ELDSTE TANTER DØDE PÅ MANDAG
90 ÅR ER EIN FLOTT ALDER

HO VAKS OPP I SAME HUSET SOM MEG
BERRE AT DÅ VAR DEI 9 SØSKEN I EIT LITE HUS
NÅR EG VAKS OPP HADDE PAPPA BYGD PÅ BARNDOMSHEIMEN SIN
SÅ VI HADDE LITT STØRRE TOMLEPLASS SYSTÅ MI OG EG

HO VAR TANTE MED STOR T!
HO FLYTTA TIL AUSTLANDET SOM UNG OG BODDE DER RESTEN AV LIVET
MEN NÅR HO SNAKKA MED OSS VAR SUNNMØRSDIALEKTA PÅ PLASS
VAR ALLTID SÅ KJEKT NÅR SOMMARGJESTANE KOM
SOM EIN PUST I FRÅ DEN STORE VERDA

EI TID VAR
EI ANNA VART

RIP-TANTE JENNY

Bilderesultat for hjerte bilder


torsdag 9. april 2015

PÅ HAM



"Kast all din sorg på Ham..."

Min største sorg er
meg selv.
Frelser, her kommer jeg.
Ta imot!

                -ukjent-


,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,,
SORG..
MANGE SLAGS SORGER..
SORG OVER TAP AV VENNSKAP
SORG OVER Å MISTE EIT ANNA MENNESKE..
SORG OVER AT ARBEIDSPLASSEN MIN VART UTSETT FOR INNBROT..
(JA, DÅ FØLER EIN SEG RIKTIG TRAKKA PÅ!)

UANSETT KVA SORG EG HAR..
EG HAR EIN Å GÅ TIL MED DET SOM ER VONDT.
IKKJE MINST SORGA OVER Å IKKJE VERE SLIK EG YNSKJER.
DEN SORGA FÅR EG OGSÅ LOV Å KOME MED.

.......................

STRAKS HELG IGJEN!
GODT MED KORTE VEKER AV OG TIL.

GOD HELG!


                   



tirsdag 21. oktober 2014

Når sorg bankar på..

                                        Desse to trea som støttar kvarandre og er vokse saman fant eg i Polen.

Det å leve i felleskap med andre.
Det å ha familie, å ha vener og arbeidskollegaer.

Vi deler gleder og vi deler sorger med kvarandre.


Sorg!

Sorg kan vere så mangt..
Sorg over å miste nokon.
Sorg over at livet ikkje vart slik ein hadde tenkt.
Sorga ter seg på mange forunderlege måtar.

Enkelte klarer å dele det som rører seg inni ein.

Andre kapslar sorga inne.

Midt i det heile kan ein ikkje anna enn å prøve å vere eit medmenneske for kvarandre.

Prøve å støtte den andre på ein måte den andre ynskjer.
Det er kvar sin gong å oppleve at sorga bankar på..
................................................................

søndag 5. januar 2014

PRIVAT HUSKEREGEL





Du skal ikke klistre fine øyeblikk 
opp på veggen i tankene 
og forgylle dem med lengselen din. 
Du skal kjøre spettet 
hardt innunder arrete hverdager 
og vippe dem opp. 
En etter en.
  Det er derfor 
livet har deg på mannskapslista.

  ~ Kolbein Falkeid ~

...........................

Innimellom kan eg vere enig med Falkeid.
Vi er nødt til å innsjå at livet er mest kvardagar utan dei store opplevingane.

Når eg ser igjennom bileta mine er det nok mest 
dei fine stundene som har fått plass på minnebrikka.

At livet vandrar mellom sorg og glede har dei siste dagane vist meg.

Fredag 3.jan 14 fulgte eg og svært mange andre Anne Gro til grava.
56 år gamal fekk ho kvile etter mange tøffe år med sjukdom.
Ho var den som ikkje gav opp og som smitta oss andre med sitt gode humør.
Anne Gro hadde ei sterk tru på Jesus som sin Frelsar.
Og midt i sorga fekk vi synge saman:

Midt i nattens mørke blinker
som et fyrlys Jesu navn,
og hver hjelpløs seiler vinker
inn i frelsens trygge havn.
Og når solen mer ei skinner,
Jesu navn, det lyser enn.
Da den frelste skare synger
høyt dets pris i himmelen!


I går fekk vi saman med ein stor venneflokk feire Anita,
ei god vennine frå studietida i Volda,
sin 50års dag.

Slik skiftar livet veldig raskt. Og godt er det at vi har fått evne til å omstille oss.

VONAR AT DU HAR DET BRA I DETTE NYE ÅRET!

TAKK FOR AT DU SER INNOM BLOGGEN MIN. 
VONAR DU VIL FORTSETTE Å FØLGE MINE REFLEKSJONAR OGSÅ I 2014.

mandag 4. november 2013

November er..

langt i frå trist og grå.
Og himmelen var vakker
i ettermiddag. 
.............
Alikevel..
Nokon har det vondt i kveld.
Nokon har på tragisk vis mista ein dei var glad i.

For den som har det vondt i kveld..
Tenn eit lys min venn!

Kanskje kan du gjere ein forskjell
for nokon som har det vondt?

onsdag 4. september 2013

Eg veit ei hamn


Eg veit ei hamn for meg som heimlaus vankar
Og som i livsens storm så lett driv av.
Eg veit ei hamn for mine redde tankar
Som flyg lik trøytte fuglar over hav.

Eg veit ei hamn der hjarta mitt kan kvile
Når det er sårt og veit seg ingen fred.
Eg veit ei hamn, der sola klårt skal smile
Når alle mine ljos har brunne ned.

Eg veit ei hamn når eg mot kvelden seine
Skal styre inn mot dødens mørke strand.
Eg veit ei hamn, og berre denne eine,
Der eg frå strid og naud stig frelst i land.

Eg veit ei hamn som heiter Kristi nåde,
Ei hamn i livsens jag og dødens natt.
Der er det bot for brot og vern mot våde,
Der finn mitt mødde hjarta heimen att.


T: Bjarne Rabben 1944
M: Conrad Baden 1941


søndag 1. september 2013

Himmelen gret i dag

Fyrste dagen i september..

Ute i hagen blømer fortsatt nokre blomar.
Det er haust..

Trea har begynt å bli gulbrune.
Det regnar.

Himmelen gret i dag.



torsdag 27. juni 2013

Kan du smile gjennom tårer?





Kan du smile gjennom tårer
når din drøm blir knust til støv?
Kan du atter skimte vårer
gjennom høstens gule løv?

Kan du miste dine venner
for din tanke og din tro,
og stå ensom når de brenner
fellesskapets trygge bro?


Kan du tilgi dem som smiler
skjevt når alt går deg imot?
Og som skyter hånens piler
i din såre hjerterot?

Kan du glemme sorg og smerte,
spott og urett, hån og svik -
uten bitterhet i hjertet
er du meget, meget rik!

.............................
Tankevekkande dikt av ukjent diktar.
.....................................


Utsnitt av dette bildet på innlegget



Linka til:

Himmelsk hos Petunia

Skywatch Friday

Ein stück himmel


..........................
Snart, snart er det ferietid..
Og i morgon går årets Blåtur med jobben av stabelen.
Godt å ha noko å glede seg til :-)

tirsdag 18. juni 2013




Det er tidleg morgon..
Sola har stått opp..
Skyene leikar seg..
Dei skaper ulike former..

Eg tek fleire bilete dei få minutta i sjøkanten.
Når eg studerar eit av dei nærmare ser eg eit !
Eit skapt av himmel, skyer og sjø.
Eit som eit symbol på den kjærleiken vi bør spre rundt oss.

Få timar seinare sit eg i kyrkja.
Ei kone, mor, datter, syster og venn skal gravleggast.
Ei som tross sitt korte liv har sett varige spor etter seg.
Ei som det var lett å bli glad i.

Ei som var ualminneleg glad i livet og så gjerne ville LEVE!
Ho vil bli minna i kjærleik av oss som var så heldige å bli kjent med henne.

Takk for at du har lært oss å ikkje ta kvar dag for gitt!

KVIL I FRED KJÆRE TORILL! 

1.Kor 13,13:
Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. 
Og størst av dei er kjærleiken.

lørdag 15. juni 2013

Gleder og sorger


..slike dagar med sol frå blå himmel er gode dagar..
..slike dagar ein bør gøyme i ♥..

..eg har ei sorg i ♥ mitt..
..men eg veit at ho eg sørjer over ville at 
vi skulle LEVE vidare ..

..få dagar før ho døde skreiv ho dette...

For meg so kan livskvalitet vere en so enkel ting som å: 

støvsuge, gå på butikken, lage mat, ete, gå tur, snakke, flire, sjå på tv, rydde, hilse på naboane, ta meg en kaffi, vere i lag", klappe katten, grine litt, for så å bli glad igjen, vite at mine nærmeste e friske, vere m barna og mannen min, familien ellers, besøke nokken, gå i fjøra eller på fjellet.. 

RETT Å SLETT: berre LEVE!! 

Men det e ting som en tek for gitt....dessverre:( 
Skulle ønske at vi hadde meir omsorg og glede av kvarandre i kvardagen:)) 

Ta godt vare på kvarandre, alle ihop , og ha en fin kveld ,uansett ka dokke styra med:) 

.......

.. heldigvis er vi menneske så viseleg skapt at vi kan bere
 både sorg og gleder i ♥ på same tid...

........
innlegget linkar eg til


og 

fredag 14. juni 2013

Å få bety noko


Det hender at vi plutselig får vite hva vi 



engang har betydd for andre, 




men sjelden får vi vite det i tide.




Ta godt vare på kvarandre!


God helg klem

torsdag 13. juni 2013

Fred over minnet ditt kjære Torill!




Fager kveldsol smiler
Over heimen ned,
Jord og himmel kviler
Stilt i heilag fred.



Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.



Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.



Så mitt hjarta stunder
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

.........................

I natt fekk, ulstadtausa, vår kjære Torill kvile!
No er alle smerter over.

Vi set igjen i sakn og sorg,
familie, vener og arbeidskollegaer.

Samtidig er vi takknemlige for det Torill var for oss!
Ho vil bo i hjertet vårt!



Kvil i fred!

onsdag 12. juni 2013

Du er unik




Det vil komme
En ny dag,
Et nytt år,
En ny vinter,
En ny vår,
Men aldri flere som deg..
Du er unik!
Glad for at du finnes!

(Fra dikt.org)



Ei av dei eg har blitt kjent med dei siste åra kjempar sin livs kamp i dag.
Krefta tærar på henne.

Ein vert så utruleg satt ut når nokon ein er glad i har det så vondt.
I natt vart ho igjen lagt inn på sjukehus med store smertar.

Ho har ein blogg som formidlar tankane hennar frå ho fekk kreft.
Besøk gjerne ULSTADTAUSA.

Og til dokke som ber, be for Torill og familien. Det set dei pris på.

lørdag 23. mars 2013

GOD og GLAD PÅSKE!

(Takk til mi gode vennine Marit H for denne figuren.
Den er laga inne i eit valnøttskal)

På Golgata stod det eit kors

På Golgata stod det eit kors.
Jesus døde på korset.
I hagen var det ei grav.
Jesus låg i den grava
:/:Men korset er tomt og grava er tom
Jesus stod opp og han lever.:/:

::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::
For meg er Påska ei høgtid og ikkje berre fritid.
For meg er Påska ei god høgtid som gir håp!
Nettopp fordi Jesus stod opp og han lever!
Sorga frå Langfredag vart til glede 1.Påskedag.

Difor ynskjer eg å seie både:


GOD OG GLAD PÅSKE!