Viser innlegg med etiketten litt moro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten litt moro. Vis alle innlegg

fredag 30. november 2012

Om å stå på eigne røtter eller var det føtter?


Det er mange slags tankar ein gjer seg av heilt vanlege ting..
Tre sviblelknollar hadde lagt ei stund utan å bli sett i jorda.
Men plutseleg ein dag fekk dei mold under seg og raskt tok det til å skje noko..

Dei byrja å røyse seg opp og opp..
Ville stå på eigne føtter eller var det røtter..
Stilig!

Det fekk meg til å tenke på:

Gi barnet røtter til å vokse -
og vinger til å fly!
-Norsk ordtak-

Kanskje det første er det enklaste?

Pst: eg begynne visst  å bli litt lilla her inne no, Advent er rett rundt hjørne.
Og tenk, på tysdag kjøpte eg den 1.Julegåva dette året
Og til helga skal Julekorta skrivast, kanskje...

-fin dag til deg der du er-

torsdag 4. oktober 2012

Himmelsk Romsdalsfjord

Bilete tatt på ferga mellom Molde og Vestnes.

Somme seier at det var ein feil som skjedde då Gud
laga så mange fjordar her på Vestlandet.
Tenk kva tid vi hadde spart oss om vi slapp å ta alle  fergene?
 
Men eg nyt kvar ein fergetur..
Tenk å få eit så flott stopp på vegen..
Kvile seg og sjå vakker natur!
 
Så eg trur Gud hadde ein plan om at vi treng å kvile også ;-)

Mitt bidrag til
Petunia si Himmelsk
utfordring denne veka.

---------------------------------------------------
Ikkje gløym å lese blogginnlegget mitt om NØDPLAKAT!!

lørdag 19. november 2011

Dagens smil



Syns denne stripa med Tommy og Tigeren var både morsom og alvorleg.
Den som er mor må nok kunne ordne opp i det meste, men...
Ikkje alltid så enkelt som Tommy trur:
"Du får ikke bli mamma hvis ikke du kan fikse alt mulig!

Godt vi bur i eit godt utbygd helse Norge med tilbod til hjelp om ein føler for det.
Ein bør ikkje vere redd for å ta kontakt om ein treng nokon å snakke med.
Det fyl ikkje med oppskrift når ein får born...

God helg til alle, både mammaer og andre som stikk innom!

torsdag 6. januar 2011

Skjær pent av osten



Når eit nytt år startar er det svært mange som 
har reglar om alt ein må eller ikkje må gjere eller ete...

Tenkte eg kunne foreslå noko som ein kanskje
kan klare å gjere: 

SKJÆR PENT AV OSTEN!


mandag 1. november 2010

November er så trist...

 November er så trist og grå,
men nyttig likevel,
for nå må barna tenke på
og lage moro selv. 

Dette verset er henta frå månadssangane av Alf Prøysen
som eg lærte på barneskulen i "gamle dagar"..

Då eg skreiv dette til Marit med bloggen 


svarte ho meg med eit sjølvlaga dikt:

For november står for dør
og vil så gjerne inn.
Men jeg vil reise lenger sør
til sol og sommarvind.

Samtidig utfordra ho meg til å dra i gang ein diktkonkuranse 
om månaden november.

Den utfordringa tek eg på strak arm!

Alle som skriv eit lite NOVEMBERDIKT 
vert med i trekninga om ein aldri så liten premie. 

Frist 30.nov 2010!

Tek DU utfordringa?

mandag 21. juni 2010

Årets lyseste dag


Mandag 21. juni er årets lyseste dag. Kl. 13.28 “snur” Solen. Da er det sommersolverv og Solen står så langt mot nord på himmelen som den kan gjøre. Selv om det i ukene og månedene som kommer blir kortere dager,

kommer gjerne den beste sommervarmen en stund etter sommersolverv.

.........................................................................

Denne siste setninga gav meg litt trøyst ;-)


Vil du lese meir om årets lyseste dag finn du det her.

søndag 13. juni 2010

Det snør ;-)


Det snør, det snør...
Er det verkeleg det som skjer?



Nei, heldigvis er det berre
HEGGEN
som strør rundt seg!!

Ha ei vakker ny veke i ditt liv!!!

fredag 7. mai 2010

Skyfri

Bilete lånt på yr.no

Tenk så herleg!

yr.no opplyser om at stort sett heile Noreg er skyfri i dag.

Vonar alle får nyte ein smakebit av det vi har i vente.
Ja, for vi vil vel gjerne tru at det skal bli flest soldagar framover?


Ha ei vakker helg og hugs:
CARPE DIEM/GRIP DAGEN min venn!!


lørdag 1. mai 2010

Velkomen kjære Mai!

Endeleg er du her kjære Mai,

deg har vi venta på lenge.

Du har så mykje forventning

med deg når du kjem.


Mai, du må ikkje gløyme at

du eigentleg skal vere skjønn

og mild?


I dag, som er den fyrste dagen,

har du ikkje vore det for meg.

Når haglebygene slår mot

vindauga og eg må fyre i omnen..


Då er du ikkje slik du skal vere.

Men kanskje du prøvar deg på 

ordtaket: 

Mai kulde gjør bondens lader fulle.

.................................................................................................


En kald vår gir en rik høst,

-- og må vi tro; en fin sommer. 

Noen steder heter det:

"April væte og mai kulde gjør bondens lader fulle". 

Meir om vær og værmerker finn du her.

lørdag 10. april 2010

Med hjarte på rette staden.....

Bilete er lånt, men finn ikkje igjen staden...

Laurdagskvelden kan nok "aldri"
verte den same meir..

No har det skjedd det eg har frykta lenge...

MED HJARTE PÅ RETTE STADEN

er ikkje lenger på Nrk sitt program på laurdagskvelden...

Ein tradisjon er slutt!
Ei epoke er over!

Eg som så og seie kvar einaste laurdagskveld i mange, mange år har samla familien rundt heimelaga Pizza og Hjarte på rette staden...

No vert det eit vakum,
nesten så ein kan få abstinens ;-)

Har du eit godt råd til meg?

God laurdag i ditt liv!!

mandag 15. mars 2010

Se opp snør det?



Se opp snør det?
Ja, det gjør det,
tett i tett i tett.
Snø i munn og nese.
Snø i hele fjeset.
Se opp snør det?
Ja, det gjør det
tett i tett i tett.


Og viss eg ser ned på bakken har snøen lagt seg der....
Berre på ei natt var det kome over 30cm med snø..
I midten av mars vil eg ha vår...

Men eg skal ikkje klage, mange har det verre enn eg.
Det beste er å ta det med godt humør...

Over skya er himmlen
alltid blå.
Og under snøen
er/vert marka snart grønn   :-)


fredag 12. mars 2010

Bakemodus


I Møre og Romsdal er det mange lokalaviser. Ei av dei heiter Storfjordnytt og blir gitt ut på indre Sunnmøre. Dette vesle stykket er henta frå denne avisa. Eg syns det er så godt skreve at eg berre måtte dele det med dokke. Viss du trykke på det vert det så stort at du klare lese det.

Rett og slett til inspirasjon. Ha ein god bakedag :-)

God fredagskveld!!

tirsdag 2. mars 2010

Såtid!?


Bilete er lånt her


Har du også sett det? Det er visst SÅTID!

Ute lavar snøen ned og det er -10 grader når eg står opp.

Men på ein handletur på Prix vert eg merksam på eit stort stativ med

FRØ!!

Så mange sortar ein kan så:

Gulrot, nepe, reddik, erteblomster etc.

Kva skal eg la meg friste av i dag?


KARSE!


Om litt kan eg strø nyklipt karse på leverpostei skiva mi.

For karse kan eg så sjølv om det er vinter og det snør.

PS: Mars er ein vårmånad! :-)

fredag 26. februar 2010

PAY IT FORWARD

Bilete har eg lånt på jobb pc. Er faktisk litt fint med Vinter også, når eg tenkjer meg om :-)


Eg har fått ei utfordring frå bloggen Livet i Lønnetunet. Utfordringa går ut på at eg får ei gåve av henne. Og i gjengjeld deler eg ut tre gåver innan 365 dagar. Dette er ein leik i skikkeleg Pay it foward -stil! Difor utfordrar eg Haust, Hulda , og Solveig . Skriv ein kommentar om du vert med. Kjekt å både få og gi gåve så dette er artig!! Dersom du tek imot; må du skrive om
Pay it forward på bloggen din og sende noko lite til tre av dine bloggevener som også likar å leike innan 365 dagar!
God helg til alle mine bloggvenner!!

tirsdag 12. januar 2010

Husfred

Når alt er kvitt ute er det godt å ha noko grønt å feste augene på.
Her er husfreden min. Har heldigvis klart å behalde den lenge.
Men kvar kjem namnet husfred i frå?

Det er lett å trekke en parallell til en annen form for husfred som krever akkurat den samme omtanken hver dag for å overleve. Det gjelder i familien, på arbeidsplassen og i samfunnslivet. Det er lett å slutte seg til dem som sutrer og klager, og det er viktig og riktig å gjøre oppmerksom på forhold som ikke er bra.
(utklippet funne på Bardu kommune si heimeside)

Men det beste er å halde fred med kvarandre :-)

Har du ein idé om kvifor den heiter Husfred?

søndag 10. januar 2010

Varmt teppe

Sjå for eit flott tjukt og varmt teppe snøen
har lagt på hagebenkane våre...
Akkurat no kan eg tenkje meg eit slikt flott teppe..
Ikkje av snø, men av varm ull...
Ute er det kaldt,
men når sola skin vert alt det kalde vakkert og varmt...
..........................................

God søndag;-)

tirsdag 22. desember 2009

RYDDE TIL JUL ;-)

Denne fekk vi tilsendt av ein kamerat:

Hvordan rydde til jul (og ellers i året)?
1. Lag en fil på PC`n din


2. Navngi filen "Rotet i huset"

3. Slett filen

4. PC’n vil nå spørre: "Ønsker du å slette ROTET I HUSET permanent"? Svar ja!

5. Legg bena på bordet, ta en gløgg og les en bok. God jul!

Eller så kan vi no tenkje som slik:

DEI HAR NO RETT TIL Å FEIRE JUL HYBELKANINENE OGSÅ ;-)

torsdag 12. november 2009

Over skya er himmelen ...


Tenk at over skya er himmelen alltid blå....
Når ein står her nede i skoddehavet klarer vi ikkje sjå det....
Men av og til blir det ein sprekk i skydekket og vi kan sjå eit vakkert fjell som kneisar med nakken..
Og den blå himmelen kjem til syne for oss....
Kanskje vil litt oftare bør løfte blikket vårt?

tirsdag 10. november 2009

Avhengig... ?








Hei på deg...
Er du avhengig av noko?

Noko som du berre må ha, enten med deg, på deg eller i det minste der du er?
Akkurat no er eg utan mobiltelefon.....
Og den følelsen er ikkje god. På mobilen har eg 7 sans og alle mine kontakter.

Den ringer når eg skal stå opp og den minner meg på det eg skal gjere.
Den er blitt ein trufast venn og hjelpar...

Men å bli så avhengig av ein ting opplevast litt skremmande....
Uansett mobil må eg visst ha, eller?
bilde lånt på nysgjerrigper.no

torsdag 24. september 2009

En lille psykiatrisk test


Senga er lånt på Skeidar.no

"Under et besøg på en psykiatrisk afdeling spurgte jeg lederen hvordan man kan afgøre hvorvidt en patient burde indlægges eller ej. - Jo, sagde lederen, vi fylder et badekar med vand. Så tilbyder vi patienten en teske, en tekop eller en kande, og han/hun bedes om at tømme badekarret. - Jeg forstår, sagde jeg, en normal person ville vælge kanden for den er større end teskeen og koppen! - Nej, svarede lederen, en normal person ville fjerne proppen. Ønsker du en sengeplads ved vinduet? "


Denne testen fekk eg tilsendt på mail i går.
Det er godt å kunne le litt av ein god vits. Vi treng humor i kvardagen vår.

Men midt oppi humoren kjende eg alvoret kome. Kvifor er nokre sjukdomar enno slik at vi ikkje kan, tørr eller vil snakke om dei?


Kvifor skal det vere verre å måtte innrømme at ein treng hjelp til å bearbeide det ein møter gjennom livet av det som handlar om vår psykiske helse enn vår fysiske helse?

Vi er eit HEILT menneske: Det eine påverkar det andre....
Kva tenkjer du om det?