Bilete lånt her................
I lang tid har vi hatt behov for eit nytt kvardagsservise.
Har hatt "ei bikkje av kvar sort", men vi har no vorte mette for det :-)
Men i går hadde eg og husbonden oss ein tur på handel heilt aleine..
Og det enda med at vi i går kveld innvia vårt nye servise med heimelaga Pizza.
......................................
...............................................................
I går var det lommeboka som valgte for oss...
Når ein kan få det flotte servise
Partitur til 1/2 pris
er det berre å slå til..
.......................................
Partitur er eit spennande servise:
"Dekoren består av detaljer fra Arne Nordheims partitur til balletten
«Stormen»,
som er basert på Shakespeares skuespill med samme tittel.
Partituret har inspirert
kunstneren Ole Lislerud
til å skape den energiske og kontrastfylte
dekoren Partitur."
..................................................
Ha ei vakker ny haustveke
med eller utan storm!