Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

torsdag 16. februar 2017

Kapitulere



innimellom må ein berre kapitulere
rett og slett overgi seg

finne senga
og la sjukdommen ta den tid den må

nyttar ikkje stritte imot
vert ikkje fortare frisk av det i allefall

då kan det vere godt å ha eit vakkert måleri
på soverommet

og når eg endåtil får vakre roser frå mannen
så er det ikkje så allerverst å vere til

...............................

Eg som trudde at med influensevaksine skulle eg halde meg frisk i vinter.
Har no ikkje tid å vere sjuk eg.
Trøysta mi er at utan vaksine hadde eg hatt det verre..
Ei rar trøyst, men eit kvart skal ein no trøyste seg med. 

💗

lørdag 11. juni 2016

Minstemann



Stille kom du
Krypande

Barnet mitt
No vaksen

Kan ikkje stryke deg
God natt

Be for deg kan eg til
Han som ser og veit

Amen

....................................
No er minstemann også blitt 18 år.
Myndig!
Alle gutane er vaksne no.

Etter Norsk lov har vi ikkje lenger 
det formelle ansvaret for dei.

Men borna våre er dei!
Og for alltid vi dei ha 
ein plass i hjarta våre 

♥♥♥

fredag 13. mai 2016

SKIPPER




SKIPPER PÅ EIGA SKUTE
DU HAR MØNSTRA AV
BÅRENE HAR STILNA
BRENNINGANE BRYT IKKJE LENGER

EG SER DEG STÅ VED RORET
TRYGG
DU VISSTE LEIA
DU KJENDE DEN SOM DI EIGA BUKSELOMME

INGEN SOM VAR OMBORD NÅR DU STYRTE
FØLTE SEG UTRYGG

VI VIL FOR ALLTID SAKNE DEG
DET GODE SMILET DITT
DEN LUNE HUMOREN
GLIMTET I AUGA DINE

KVIL I FRED
KJÆRE SVIGERFAR

-SIGRID 11.MAI 2016-

onsdag 27. april 2016

SJÅ PÅ FUGLANE UNDER HIMMELEN




25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 
26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 
27 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? 
28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, 
29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 
30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 
31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ 
32 For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 
33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 
34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Matteus 6
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
ORD EG KAN TRENGE Å HALDE FAST PÅ I DESSE DAGAR
SVIGERFAREN MIN ER SVÆRT SJUK
DET TÆRER Å SJÅ AT EIN SOM EG ER SÅ GLAD I HAR DET VONDT

KVAR DAG HAR NOK MED SI MØDE

søndag 17. april 2016

OPP NED STILLE FØR STORMEN



KVA ER OPP OG KVA ER NED?
STILLE FØR STORMEN..
HJARTET MITT BLØR FOR DEG SOM HAR DET VONDT.

VI KAN NYTE STILLHEITA
STILLE FØR STORMEN
MEN VEIT AT DEN KAN KOME FORT

DAGEN I DAG ER IKKJE SOM  I GÅR
STILLE FØR STORMEN
EI KALD KLO RUNDT HJARTE

INGEN TING VERT SOM FØR
STILLE FØR STORMEN
KJENNER ALT NO KOR EG VIL SAKNE DEG

OPP NED
STILLE FØR STORMEN
PRISEN FOR Å VERE GLAD I ER STOR

-SIGRID 17.04.16-

........................................

Alt har si tid,
          det er ei tid for alt
          som hender under himmelen:
          
      ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
          ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
          

-     Forkynnaren 3, 1-2



onsdag 17. februar 2016

Å LEVE..


Å LEVE 

EG KJENNER AT EG LEVER
NÅR VINTERSOLA FÅR VARME MEG
PUSTE INN DEN KLARE REINE LUFTA

EG KJENNER AT EG LEVER
NÅR EG FÅR SENDE EI TAKK OPP
TIL MIN GUD OG SKAPAR

EG KJENNER AT EG LEVER
SJØLV OM LIVET HAR SINE BRÅTTSJØAR
MEN FÅR TAKKE FOR AT BÅTEN BAR.

-Sigrid 17.02.16-


TAKK FOR OMSORG!
------
Det er tøft å oppleve at nokon som står ein nær vert sjuk.
Men utruleg godt å oppleve eit flott sjukehus!
Dyktige, nærverande legar og sjukepleierar som har et mål
for auga, gjere det beste for den som er sjuk!
Takk!

lørdag 12. september 2015

HOLD SINNET DITT MJUKT



-
Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden.
- La det ikke stivne
av år og alder. Smør det
med dagenes gule soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fugler
med vingen blå av himmelduft.

- Hans Børli -


...........................................................

SÅ VAR ENNO EIT ÅR BORTE.
Eit heilt år sidan den store feiringa.
KVAR VART DET AV?
KLARER EG Å HALDE SINNET MJUKT?

På bursdagen min på torsdag kom systra mi og mannen hennar på besøk.
Herleg fotpleie var gåva. 
I tillegg var det ei gåve at ho ofra ei korøving 
for å vere saman med meg.
På kortet som fylgde gåva stod dette vakre diktet av Hans Børli.
Systra mi, som er 2 år og ei veke eldre enn meg, 
hadde sjølv fått diktet på eit kort til sin bursdag frå jentene sine. 
Og ho hadde lyst til å gi det vidare til meg.

Og eg fekk lyst å dele det med dokke. 

GOD HELG!
...................

Deler på Skywatch Friday

tirsdag 1. september 2015

SEPTEMBER


DET ER SEPTEMBER!
DET ER HAUST!

Ikkje så fargerik enno, men lufta er klarare og kaldare.
Såg ein grågåsflokk i slutten av august.
Ikkje så mange, men i V-formasjon..
Kanskje dei øvde seg til reisa mot sør?

For meg er September den store bursdagsmånaden.
Berre i nærmaste familie er det 4 stk som har bursdag.
Og på arbeid er der heile 7 av 20 som har bursdag i september.
Så no vert det mykje feiring framover.

GOD HAUST TIL DEG!


søndag 19. april 2015

OMSORG I KVAR EIN MASKE



omsorg i kvar ein maske
tjukkesokkane varmar føtene mine

du døde i går
så utruleg brått

siste strikketøyet låg igjen
du hadde planar

ja visst hadde du mange plager
ja visst var du gamal no

men saknet vil være der
du betydde så mykje for oss alle

KVIL I FRED
KJÆRE SVIGERMOR 

onsdag 15. april 2015

GRUNNMUR




heime i barndommens rike
eit fjell
ein grunnmur

kva vart lagt nedi meg

kjærleik
rettleiing
bøner vart bedt for meg

kven var eg då
kven er eg no

kven skal eg verte

vi er i stadig endring
heilt frå vogge til grav

kven og kva lar vi få lov til
å påvirke oss

kven bestemmer kven eg er

- Sigrid 15.april 15 -
............................................

BERRE NOKRE ENKLE TANKAR RETT FØR LEGGETID

EI AV MINE ELDSTE TANTER DØDE PÅ MANDAG
90 ÅR ER EIN FLOTT ALDER

HO VAKS OPP I SAME HUSET SOM MEG
BERRE AT DÅ VAR DEI 9 SØSKEN I EIT LITE HUS
NÅR EG VAKS OPP HADDE PAPPA BYGD PÅ BARNDOMSHEIMEN SIN
SÅ VI HADDE LITT STØRRE TOMLEPLASS SYSTÅ MI OG EG

HO VAR TANTE MED STOR T!
HO FLYTTA TIL AUSTLANDET SOM UNG OG BODDE DER RESTEN AV LIVET
MEN NÅR HO SNAKKA MED OSS VAR SUNNMØRSDIALEKTA PÅ PLASS
VAR ALLTID SÅ KJEKT NÅR SOMMARGJESTANE KOM
SOM EIN PUST I FRÅ DEN STORE VERDA

EI TID VAR
EI ANNA VART

RIP-TANTE JENNY

Bilderesultat for hjerte bilder


tirsdag 14. april 2015

Dwór Oliwski





I OKTOBER I FJOR FEKK EG REISE SAMAN MED SØSTRA MI TIL POLEN.
DET VAR EI GÅVE I SAMBAND MED EIN STOR DAG FRÅ HENNE OG FAMILIEN.

BYEN VI REISTE TIL VAR GDANSK.
VI BUDDE LITT UTANFOR BYEN PÅ 
Dwór Oliwski.

NÅR REGNET PØSAR NED OG DET ER FYRSTE SOMMARDAG 
VART EG SITTANDE Å DRØYME MEG LITT VEKK.

EIN FLOTT STAD Å REISE TIL!

--------------------------------------------------------------------

EG HAR DELT LITT MINNER OG BILDER FRÅ DENNE TUREN PÅ DESSE INNLEGGA: 





mandag 9. mars 2015

Så tid :-)


Det er VÅR og det er SÅ TID!

Det aller første eg sår er karse. 
Det kan eigentleg såast heile året.
Men eg syns det er best å så no når dagslyset stadig gjer sitt inntog.

Eg brukte ein plastboks som det hadde vore små tomatar i.
Det vert eit flott lite drivhus når lokket kjem på. Karse er lettgrodd og supergodt på leverpostei.
Bomull gjer susen som grounderlag. 
Forts. følger :-)



(Og gratulere til ektemannen min med bursdagen. ♥
Litt godkaker har det blitt sjølv om det er mandag. )

onsdag 25. februar 2015

Helgeglede



I siste liten deler eg mi 
Helgeglede 
hjå Vivishagerom og litt til.

Å få besøke søstra mi til ein kveld med god mat 
og god prat er ikkje feil..
Takk for at vi fekk kome!

...............

"DE VENNLIGE ORD SOM SIES I DAG,
KAN BÆRE FRUKT I MORGEN!"

-M.GANHDI-

søndag 8. februar 2015

Svart, grå, kvit og rosa Helgeglede


DET ER VINTER RUNDT MEG,
MEN I HJERTET MITT ER DET 
EN UOVERVINNELIG VÅR.
VI VELGER
VÅRE PERSPEKTIV.

- ukjent -


Det har vore ein grå dag i dag...
Ja, værmessig altså..

Men på ein 9 timars rundtur på Sunnmøre har vi klart å:

1. Reise med ferge i ruskevær.

2. Besøke svigerinna mi som er på Rehab etter operasjon 
og ete god middag saman med henne.

3. Køyre i undersjøisktunell.

4. Besøke svigerforeldra mine 
og hatt koseleg kaffistund i lag med dei.

5. Tatt ny ferge i ruskevær

Så godt å ha familie!
........

Vil du dele di Helgeglede eller lese om andre si Helgeglede?


torsdag 22. januar 2015

Januarhimmel



Vakre dagar som gir energi. 
Å bli "bada" i sol gjer utruleg godt.
Himmelen er blå. 
Tenk at vi alt skriv 22.januar.
Ein spesiell dag for meg og mi familie.
Dei to eldste har bursdag i dag.
Gratulerer!
.....................

         Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
         månen og stjernene som du har sett der,
         kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
         eit menneskebarn – at du tek deg av det?


               henta frå Salme 8
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
linka til: Skywatch Friday

onsdag 17. september 2014

50 er dei nye 40!?



DE HOLDER SEG GODT, DISSE DAMENE: Både Michelle Obama, Courtney Love, Elle MacPherson, Sandra Bullock, Courtney Cox og Mary Louise Parker fyller 50 år i år. (Foto: All Over Press) Bilete er lånt her.


Ja, her er altså mine medsystre som er jamgamle med meg. 
I mine auge behøve dei ikkje å vere eldre enn mellom 30 og 40år.
Og eg kan ikkje stille opp verken som modell eller presidentfrue.

Men å ha ein fest med familie, slekt og vener det kan eg. 
Og det angrar eg ikkje på. 
For visst bør ein feire 
LIVET! 

Det vart feiring ca.1mnd før den STORE dagen, for at alle gutane våre skulle bli med. Skulegang på andre sider av landet gjorde sitt til den tidlege festen.

Takk til alle som gjorde både festen og 
sjølve dagen til ei glede for meg!
 




mandag 16. desember 2013

Julenatt




Årets musikalske og kulturelle oppleving fekk eg søndag ettermiddag.

Søstra mi hadde kjøpt bilett til seg og til yngstejenta som alt har tatt Juleferie.
Men så måtte søstra mi på seinvakt på jobb.

Så den som fekk vere stand-in for henne var eg.
Tusen takk for billetten!!

"JULENATT" er eit musikkspel som Pinsekirka på Moa har for femte året på rad.
Alle dei fire forestillingane er no over.

Rundt 100 medlemmer av Pinsekirka på Moa var involvert i forestillinga, som dramatiserte juleevangeliet med video, musikk, sangsolister, dans og skuespill.

For ei oppleving!!
Så mange aktørar som kvar på sin måte fekk gi oss Juleevangliet.


Tenk no er det berre ei veke igjen..
Ikkje gløym å kose deg også.
........................

klem frå Sigrid

søndag 3. november 2013

Allehelgenssøndag




Tider som var.
Barndommen.
Alt kjem sterkare fram
slike dagar..
................

Det er Allehelgens søndag.
Ein dag til ettertanke.
Ein minnedag om nokon som var.
Begge foreldra mine er døde.
.........

Himmelhåpet!

Himmelhåpet lever enno.
Takk for alt som ein gong var.
Gjennom sorg og smerte leve.
Takk for det vi har i vente.
Himmel over død og grav.

-Sigrid 03.11.13-

søndag 22. september 2013

FARVEL, SOMMER / GOODBYE SUMMER


No er båten i naustet 
og den siste rest av kaffi i kjelen drukke opp. 
Hyttesommaren 2013 er over. 

Eg lengtar etter stillheita og den friske fjell lufta.
Farvel og på gjensyn!


er Mandagstema hjå Alt som er vakkert.


onsdag 28. august 2013

Ca.1230m over kvardagen


Høgt "hang" den, men "sur" vart vi ikkje..

Roaldshorn!

Oss var no ikkje heilt på toppen, men valgte minste motstandsveg.

Når tida er knapp og der går Gondol, ja så velge ein det.

For ei utsikt!

Er du nokon gong på Stranda sommarsdag (medan Gondolane går)
 så må du unne deg ein tur på toppen for å nyte kor vakkert det er!

Det var fyrste gongen eg var der, men ikkje siste..
Og neste gong skal eg ha så god tid at eg får meg tur heilt på toppen også.

................................

Vonar du har ein flott onsdag!


Linka til:

Ein stück himmel - A piece of heaven