Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg

mandag 21. desember 2015

Adventstid er snart forbi

men gode minner og ikkje fullt så gode minner kan ein dele:



1.søndag i Advent var det innspurt på Rettleiingstudie.
Og når helsa ikkje var på topp er det godt å få hjelp til å halde hovudet klart.
Sensuren er falt og hurra for 15 nye studiepoeng ;-)


Nissefar var alt på plass på Meny Lerstad.


Lefsebaking med systå er ein årleg tradisjon.
Dette er kosten ein feiar vekk mjøl på takka med.
Takk for ein koseleg dag kjære beste systå mi.


Kjempekoseleg med gåve frå oldemor til eit av barna på jobb.
Litt kaker og Julegodt har også hamna på pauserommet frå enkelte av foreldra.
Godt at dei flotte kollegane mine vert satt pris på ♥


Og når Juletreet kjem ferdigpynta inn i stova..
Kven klagar vel på det?


torsdag 10. desember 2015

Stjerna i desember



Dagen er kort, kvelden kjem brått, det er kaldt, himmelen lyser blått. 
Vi står med himmelvendt blikk, ser eit lys i det fjerne. 
Vi finn eit tre, sagar det ned, det blir fint å pynte stova med. 
Vi heng på hjarte og lys og i toppen ei stjerne. 

Refreng 
Ei stjerne skin i mørke desember ho gir lys i våre inste rom. 
Stjerna skin på barnet i ei krubbe som viser veg inn til Guds herlegdom 

Snøen som fell stilt no i kveld breier teppe over mørke fjell. 
Alt blir så lysare no, og naturen får sove. 
Vi tenkjer på barnet som låg på eit leie gjort av halm og strå. 
Han gjorde mørker til lys, det er jula si gåve. 

Refreng
Ei stjerne skin i mørke desember ho gir lys i våre inste rom. 
Stjerna skin på barnet i ei krubbe som viser veg inn til Guds herlegdom 

© Gaute Øvereng 2005Ein song i tunkattens songbok – tunkatten.no

.......................................................................
DET 
FINST
 SÅ MANGE
 VAKRE TRE
 SOM STRÅLAR 
NO I ADVENTSTIDA.
MEN AKKURAT DETTE
 TREET SYNS EG ER DET FINASTE.
DET KJEM SÅ NÆRT AT EIN FÅR EKSTRA
 GLEDE AV DET OG IKKJE MINST FORDI DET
 MINNER MEG OM TORILL! HO VAR EI AV DEI SOM 
VILLE HA EIT LYSANDE JULETRE OVER TUNELLEN.
EI EINASTE JUL FEKK HO SJØLV OPPLEVE Å SJÅ TREET BLI
TENT. HO KUNNE SJÅ DET I FRÅ HUSET SITT. KVAR GONG EG
KØYRER GJENNOM TUNELLEN SER EG HENNE FOR MEG. BLID OG
SMILANDE MED EIN KJAPP OG GOD REPLIKK TIL DET SOM SKJEDDE
RUNDT HENNE.
HO DØDE SÅ ALT
FOR UNG. SÅ FÅR
VI MINNAST HO OG
PRØVE GLEDE OSS
OVER LIVET HER OG NO!

.......................



onsdag 2. desember 2015

Cevita



TENK 2.DESEMBER ALT! 

DÅ EG STAKK INNOM LOKALBUTIKKEN FEKK EG EI GLEDELEG OVERRASKING.

TENK EG HADDE VUNNE EI HEIL KASSE MED HERLIGE SØTE GODE CEVITA!

DET VART EIN SUNN START PÅ DESEMBER.

SENK SKULDRANE, NYT ADVENT, DET FORTJENAR DU!

søndag 30. november 2014

ADVENT


1 
No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.



2 

No tenner vi det andre lys, 
dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud, vår Far, 
vil sende Sonen sin. 

3 
No tenner vi det tredje lys, 
det er eit heilagt tal. 
Vi ventar på at Kongen vår 
skal fødast i ein stall. 

4 
No tenner vi det fjerde lys 
og natta vert til dag. 
Vi ventar på ein Frelsarmann 
for alle folkeslag. 

....................

Det fyrste lyset er tent.
Adventstida er starta.

Advent er ventetiden før jul. Ordet advent betyr egentlig Herren komme, og har blitt brukt som navn for denne ventetiden helt siden slutten av 400-tallet. Første søndag i advent, markerer begynnelsen på kirkeåret, denne faller alltid mellom 27. november og 3. desember.

Ei ventetid, ei lengtetid..
For nokon vil denne tida gå for fort.
For andre vil den "stå stille"..



Kva fyller vi Adventstida vår med?
Klarer vi å roe ned og nyte den?


GOD ADVENTSTID FRÅ MEG TIL DEG!

torsdag 27. november 2014

På tide?


Det er snart på tide å sende ei helsing til slekt og venner.
Kanskje det berre er denne eine gongen i året dei høyrer i frå deg og du høyrer frå dei?
I desse digitale tider kan ein enkelt sende ei helsing på e-post, Facebook o.l.

Men kva er kjekkare enn å finne handfaste bevis i postkassa på at du ikkje er gløymt?
Eg er i år mykje tidlegare ute enn eg brukar å vere. 
Og eg har ein tanke om at før helga er omme skal alle kort vere sendt.

Ha ei fin avsluttning av november :-)

fredag 13. desember 2013

Kaldt og mørkt og lite sol




Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer.
Allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør kor langt det lid
enno fram mot joletid.
Mor så mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Når så klokketonar skjelv
under høge himmelkvelv,
melder malmsterk tonebåre
største høgtidskveld i året.

Verda fekk ein liten gjest
difor held me barnefest.
Små og store høgt må kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verda kom,
barnet vende verda om.
Under stort, ja utan like
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubbe og ei grav.
No vil me med gledeståre
gje han rom i hjarto våre.

Tekst: L.F. Hov 1912
Tone: Anders Hove 1913


Ha fortsatt fin adventstid!

linka til: Skywatch Friday

søndag 1. desember 2013

Advent 2013


Eit lite "livsteikn" kjem her i form av ein Adventsengel.

Tenk det er Advent!

Advent er ventetiden før jul. Ordet advent betyr egentlig Herren komme, og har blitt brukt som navn for denne ventetiden helt siden slutten av 400-tallet. Første søndag i advent, markerer begynnelsen på kirkeåret, denne faller alltid mellom 27. november og 3. desember.

I 2013 faller første søndag i advent på den 1. desember.

I protestantiske og katolske kirker varer adventstiden 4 uker mens det i den reformerte kirken i Nederland og den anglikanske kirken ikke markeres noen advent. I ortodokse kirker varer advent 6 uker.
Adventstiden er også forbundet med faste. Ca. år 480 ble det bestemt at hver mandag, onsdag og fredag i advent skulle man faste. Dette for å sikre åndelig forberedelse til feringen av Jesu fødsel. Mange katolske land praksiserer fremdeles fastereglene. I protestantiske land har ikke reglene hatt stor betydning siden 1500-tallet. I det norske bondesamfunnet var det likevel innskjerping på kostholdet i ukene før jul.
(info henta blandt anna her)
.......................
VONAR DOKKE ALLE FÅR EI FIN ADVENTSTID 

UTAN FOR MYKJE STRESS OG KAV!

KLEM




søndag 16. desember 2012

No tenner vi det tredje lys...


 
 
No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.
 

Ja, no nærmar den store dagen seg fort..
Og alt det praktiske er enno ikkje på plass..
Men for meg handlar det mest om kvifor vi feirar Jul og ikkje ramma rundt.

Og tankane mine går til dei som har ei annleis Jul i vente på grunn av sjukdom og sorg!
Måtte vi som er rundt vere dei nær slik at dei kjenner at dei ikkje står aleine i det som er vanskeleg.

Ha ei fin siste veke før Julehelga kjem!
 
...........


fredag 7. desember 2012

Stjerner




Ingen stjerner er lik..
Dei er akkurat som du heilt unik!
Kvar enkelt strålar kun på sin eigen måte..
og blunkar til oss om ei gåte!

Dei fortel om det som skjedde fyrste gong
då englane kom ned med Julesong.
Då stjerna viste vegen for Vismenn tre
og enno vil dei minne oss om Juleevangeliet!

                                         -sigrid 06.12.12-

............................................

Inspirert av Lillian/Millas blåbærtua sitt innlegg om stjerner på veggen sin..
Bilete er lånt av henne :-)

PS: har du besøkt Mormors klagemur si Desemberside?
Der er mitt innlegg
Ikkje få panikk.... linka til.

Der vil du også finne andre sine tankar om ting og tang.
Det meste er Julerelatert.

God helg!!

søndag 2. desember 2012

1.søndag i Advent


Lav desembersol forsvinn for andre gong denne dagen.
Eit høgt fjell gjer at den er borte ei lita stund, men så kjem den igjen.
Vi er heldige som har sol året rundt.

Det er vakkert ute no.
Kaldt, klart og barfrost.
Fint å kome seg ut ein tur.
Og ikkje minst godt å kome i hus igjen.

Tenk det er 1.søndag i Advent.
Det fyrste lyset er tent.
No er det ventetid...

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.
 
 
GOD ADVENTSTID TIL DEG FRÅ MEG!
.............

mandag 12. desember 2011

Har du litt glitter til overs?


Luciadagen (13/12) er for de aller fleste barn fylt med glede og forventning. Og når gleden er stor, kjennes den enda sterkere når den deles med noen vi kjenner og liker ekstra godt.
For dem som av ulike grunner ikke har en voksen hånd å holde i, eller for dem som i morgenstresset glemte glitter og hvit kjortel, kan slike dager forsterke det som allerede er sårt og vanskelig.
Da er det godt å møte det varme blikket til en voksen som deler av glitteret til barnet sitt, og som sørger for plass til flere rundt bordet når lussekattene skal spises.
Det skal ikke så mye til for å få et barn til å skinne.
Kristin Oudmayer, UNICEF Norge






Henta frå Julekalendaren 
http://www.denene.no/

søndag 5. desember 2010

Julestjerne


Ei vakker kvit Julestjerne...
Ei lita helsing til deg som er innom bloggen min..

Det er 2.søndag i Advent, tida går utruleg fort..
Kva fokuserar du på i desse Adventsdagane?


Nå tenner vi det andre lys,
da kan vi bedre se.
Vi venter på at Gud, vår Far;
vil gi sin sønn hit ned.


Adventsklem frå Sigrid

onsdag 1. desember 2010

Himmelsk Advent


Enno ein onsdag med 

mitt bidrag er Himmelsk Advent.


Tenn lys ! 
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.




Tenn lys !
To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.


Tenn lys!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for dem som kjemper for frihet og for rett.


Tenn lys !
Nå stråler alle de fire lys for ham
som elsker alt som lever, hver løve og hvert lam.
Tenn lys for himmelkongen som gjeterflokken så.
Nå møtes jord og himmel i barnet lagt på strå.

(Eivind Skeie)



Adventsklem frå Sigrid



tirsdag 8. desember 2009

Ei hjartegåve til ein liten venn

Det er alltid kjekt når posten kjem. Kanskje det kjem noko spennande i dag?
På torsdag gjorde det nettopp det. Hulda er ei utruleg flink dame, ho har ein flott blogg der ho deler med oss korleis ho har det i heimen sin. Dette hjarte er det ho som har laga.
Då eg såg hjarte visste eg kven som skulle få det, ei lita jente på 3 1/2 år.
Ho har kava med sjukdom heilt frå ho kom til verda.
Heldigvis skulle farmor og farfar besøke henne dagen etterpå.
Så no heng dette flotte hjarte på ei lita barneseng og er til glede for ei kjekk lita jente.
Og at ho vart glad for det veit eg, for det har farmor fortalt meg:
Tusen takk for hjertet måtte eg seie!

søndag 6. desember 2009

Adventsglimt frå kjøkkenet

På eit kjøkken som ellers har mykje grått og stål er det kjekt å ha inn små "fargeklattar"..
Difor fekk ein lilla oppvaskkost bli med heim frå butikken, den heng på eit gamalt aluminiumsbrett. Dette brettet har fylgt meg frå barndomsheimen og til ulike hyblar og heimar.
Det er så praktisk med eit slikt brett, utruleg mange bruksområde.

Legg også merke til oppvaskkluten, strikka i eit bommullsgarn som tåler 95grader.

Ja, det er heilt sant: Eg har laga den sjølv ;-) Inspirert av mi vennine LB.

Ha ein flott Adventssøndag der du er!!

fredag 4. desember 2009

Bakedag med tante

ALLE BURDE HA EI TANTE SOM STILLER OPP FOR SEG....
EI SOM STÅR KLAR MED FERDIG KAKEDEIG TIL JULEBAKST...

MINSTEMANN
(SOM IKKJE ER SÅ LITEN LENGER)
FEKK EIN ETTERLENGTA DAG SAMAN MED TANTE SIST LAURDAG...

GODT AT DU FINST KJÆRE SYSTÅ MI ;-)

onsdag 2. desember 2009

Kalendertradisjonar

bilete funne her

Stakkars borna mine, dette året får dei berre kjedelege sjokoladekalenderar.... ;-)
Men det får duge når ein ikkje har energi til så mykje meir.
Alle andre er så kreative, dei lagar flotte kalenderar.
Og kvar Advent tenkjer eg,
ja til neste Advent då skal eg....

bilete funne her

Tidlegare år har eg vore litt meir kreativ..
Eg har laga skattekart!
På ein lur plass har eg lagt noko gotteri eller praktiske ting..
Og så har eg laga kart over huset.
Fordelen med det er at eg kan vere litt lat,
for då må eg berre ha 3 pakkar på lur kvar dag
og slepp å ha 72stk klar til 1.des ;-)

Men til neste år....................

Ja, vi kan godt ta med eit ordtak som høver på dette innlegget:

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg.



tirsdag 1. desember 2009

Eg veit at det er Advent .....

når hausthimmelen er lilla.

når gjestehandduken er lilla.

når dei lilla blomane i St.Paulia kjem fram.

når eg skiftar ut dei gule post-it lappane til lilla.
(ja, eg veit dei ser rosa ut, men det er berre på bilde)


når speidarane kjem for å selge Adventskalender.

søndag 29. november 2009


Advent


Advent er ventetida før jul.

Ordet advent (kjem frå latin) tyder eigentleg Herrens komme, og har blitt brukt som namn for denne ventetida heilt sidan slutten av 400-talet.

I følge tysk tradisjon refererar advent til dei 24 dagane oppunder jul, altså 1-24 desember .
I adventstida førebur vi jula og ventar på Jesusbarnet sitt komme.

1.søndag i advent, markerar starten på kyrkjeåret, den fell alltid mellom 27. november og 3. desember.

Før i tida - fram til den andre verdskrigen - vart advent kun markert i kyrkjene. Dei siste åra har det vorte vanlig å pynte heimane med forskjellig adventspynt som lys, kalenderar, kransar m.m.

Som adventsfarge brukar ein som oftast lilla/fiolett.

Adventslysestaken finst i mange heimar. For kvar søndag i advent tenner vi eit nytt lys i staken og syng/les eit vers om Advent.

Her er den sangen vi brukar i vår heim:


No tenner vi det første lys,

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.


No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far,

vil sende Sonen sin


No tenner vi det tredje lys,

det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår

skal fødast i ein stall.


No tenner vi det fjerde lys

og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann

for alle folkeslag.


Tekst: Sigurd Muri 1963 (frå Ørskog på Sunnmøre) - Melodi: Emmy Köhler 1898 (Nå tennes tusen julelys)

Faktaopplysningar henta frå blandt anna: AKTIV I OSLO


fredag 27. november 2009

Advent på trappa

Eg ser at mange alt har pynta så fint på trappa til Jul.
Den som kjem til oss vil finne dette gamle emaljerte fatet med røsslyng og mose i.
Fatet hadde nokon berre slengt frå seg og det vart no eg glad for.
Gjenbruk er tingen!
Dei gamle tørka greinene er utruleg dekorative.
Andre hadde vel brukt dei til ved.
Slik er det med alt; det er auga som ser og heldigvis er vi ulike.
Sånn eigentleg er det haustpynten vår ;-)
Men eg syns det passar til Advent også.