Viser innlegg med etiketten vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vinter. Vis alle innlegg

fredag 22. januar 2016

HELG



Helg er et eldre norsk ord, gammelnorsk helgr, avledet av «hellig». Ordet betegner en helligdag, en fridag eller to-tre fridager på rad. Bruken og betydningen av ordet har endret seg etter at det ble vanlig med lørdagsfri på 1960-tallet. WIKIPEDIA

DET ER HELG! 
BLOMSTER, LEVANDE LYS, KAFFI OG LEFSE.

LITT MEIR SENKA SKULDRE ENN ELLERS.

DEI TO ELDSTE HAR BURSDAG I DAG, 24 ÅR OG 22 ÅR.
SNAKKA MED HAN I TRONDHEIM OG
FÅTT GITT LITT MERKSEMD TIL HAN SOM BOR HEIME.

UTE ER DET VINTER, MEN LANGT MILDARE ENN FØR.
75 CM MED SNØ PÅ FLAT MARK ER IKKJE KVARDAGSKOST PÅ VINTEREN.
ER SÅNN GAMALDAGS VINTER SOM VAR DÅ EG VAR LITEN.

GOD HELG!


søndag 3. januar 2016

LÆR OSS Å TELJA VÅRE DAGAR


VI ER PÅ VEG INN I DET NYE ÅRET..
TRE DAGAR ER STRAKS OMME.

SER DU FLYET PÅ BILDE?
AKKURAT NÅR VI GJEKK TUR KOM DET OVER HIMMELEN.
PÅ VEG TIL EIT MÅL.

ALLTID PÅ VEG TIL EIT MÅL, TIDA FLYG.
KANSKJE DET IKKJE FØLEST SLIK FOR ALLE..
MEN FOR MEG SOM HAR EIN AKTIV KVARDAG FØLEST DET SLIK.


SÅ MÅTTE EG STOPPE OPP IGJEN OG BE SOM SALMISTEN:


"LÆR OSS Å TELJA VÅRE DAGAR
SÅ VI KAN FÅ VISDOM I HJARTET!"


1 Herre, du har vore ein bustad for oss
   i slekt etter slekt.
2 Før fjella vart fødde,
    før jorda og verda vart til,
    frå æve til æve er du, Gud.
3 Du lèt mennesket bli til støv att
     og seier: «Menneskeborn, vend attende!»
4 For tusen år er i dine auge
     som dagen i går då han fór framom,
     eller som ei nattevakt.
5 Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.
   Dei er lik graset som svinn bort.
6 Det blømer om morgonen, så svinn det bort.
   Om kvelden visnar det og tørkar inn.
7 Vi går til grunne ved din vreide,
   redsle grip oss ved din harme.
8 Du set syndene våre framfor deg,
   det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.
9 Alle våre dagar fer forbi,
   ved din harme går vi til grunne,
   åra våre er som ein sukk.
10 Vår levetid er sytti år,
   åtti når det er styrke til det.
   Dei beste åra er fulle av strev og urett.
   Dei går fort, og vi flyg av stad.
11 Kven kjenner styrken i din vreide?
   Din harme gjev grunn til å frykta deg.
12 Lær oss å telja våre dagar
   så vi kan få visdom i hjartet!


tirsdag 24. november 2015

SMAK AV VINTER


VINTEREN KOM BERRE EIN LITEN TUR INNOM FOR Å HELSE PÅ.

Snø

Blå var dagen.
bjørki ute
risa rim på
himlens rute.

Kilde:

Under bergfallet (1951), Snø.
...............................................

Olav H. Hauge

Nasjonalitet: norsk
Tittel: lyriker
Levde: 1908 - 1994
Hauge mottok en rekke priser og var en av de viktigste lyrikerne innenfor den modernistiske tradisjonen på 1900-tallet.


søndag 22. mars 2015

SKOGSTUR


Man prøver ikke å mase seg gjennom skogen med begge hender fulle.





VI GJEKK OG VI GJEKK, PÅ STIAR DER NOKON HADDE GÅTT FØR.
VI GJEKK OG VI GJEKK, OG LAGA OSS NYE STIAR.

VI KVILTE OSS LITT, MEN SÅ VAR DET OPP OG TIL IGJEN.
OG DER MIDT I VÅRSKOGEN DUKKA BÅDE HAUSTEN OG VINTEREN OPP.

SÅ GODT FOR KROPP OG SINN.
KOME SEG UT I DET FRI.
LEVE!
....................

FIN NY VEKE TIL DEG!

lørdag 14. februar 2015

Timeout på arbeidsvegen



Innimellom må ein berre ta timeout!
Berre stoppe opp og puste.
Kjenne at ein lever!




Sola leikar seg på himmelen, i skyene og i havet.
Det er februar og det er vinter..
Men SÅ uendeleg vakkert!

God helg!
...............................................

Deler på Helgegleder og på Skywatch Friday

søndag 8. februar 2015

Svart, grå, kvit og rosa Helgeglede


DET ER VINTER RUNDT MEG,
MEN I HJERTET MITT ER DET 
EN UOVERVINNELIG VÅR.
VI VELGER
VÅRE PERSPEKTIV.

- ukjent -


Det har vore ein grå dag i dag...
Ja, værmessig altså..

Men på ein 9 timars rundtur på Sunnmøre har vi klart å:

1. Reise med ferge i ruskevær.

2. Besøke svigerinna mi som er på Rehab etter operasjon 
og ete god middag saman med henne.

3. Køyre i undersjøisktunell.

4. Besøke svigerforeldra mine 
og hatt koseleg kaffistund i lag med dei.

5. Tatt ny ferge i ruskevær

Så godt å ha familie!
........

Vil du dele di Helgeglede eller lese om andre si Helgeglede?


torsdag 22. januar 2015

Januarhimmel



Vakre dagar som gir energi. 
Å bli "bada" i sol gjer utruleg godt.
Himmelen er blå. 
Tenk at vi alt skriv 22.januar.
Ein spesiell dag for meg og mi familie.
Dei to eldste har bursdag i dag.
Gratulerer!
.....................

         Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
         månen og stjernene som du har sett der,
         kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
         eit menneskebarn – at du tek deg av det?


               henta frå Salme 8
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
linka til: Skywatch Friday

søndag 16. mars 2014

Kvit som snø





Så kom den..
Vinteren som eg IKKJE har venta på..

Men lyst og fint vart det.
Og inne kan eg glede meg over dei blå vasane med tulipanar i.
Tulipanar som syng på siste verset,
men er fine alikevel.
..................................................................................................................................................

Det er i frå Bibelen vi har uttrykket «kvit som snø». 

Guds tilbod om nåde: 
    Jes 1,18 

"Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.
          Om syndene dykkar er som purpur,
          skal dei bli kvite som snø,
          om dei er raude som skarlak,
          skal dei bli kvite som ull."

......................................................

Deler på:






fredag 28. februar 2014

Farvel Februar og Fabelaktig Takk!


Vakre Februar 2014 tar farvel!

Eit av yndlingsmotiva mine frå eit vatn 
eg dagleg passerar.
Endringane i naturen og lyset fasinerar meg.
.........................................

Vakre gode Maia med bloggen Fabelaktig ville gi vekk te og kjeks.
Veldig mange ville ha, så det vart "berre" te på meg.
Men Maia sende med drops i stadenfor som trøst.
-TUSEN TAKK KJÆRE MAIA-



GOD HELG!
..........................................

LINKA TIL 

og 


mandag 24. februar 2014

Vintersol


Vintersola skin på havet.
Kastar sine strålar innover land.
Den varmar berre litt..

Men litt er betre enn ingenting.
Og den ber bod om at våren kjem.
Godt å få møte dagslyset..
----------------------

"For han lèt si sol skina over vonde og gode 
og lèt det regna over rettferdige og urettferdige."

Kilde:
Evangeliet etter Matteus 5,45.
..................................................
Linka til:

onsdag 19. februar 2014

Gripe stunda..





Akkurat i den stunda
då blåtimen kom krypande
og la seg som eit teppe over vatnet.

Akkurat då kom eg forbi.
Ingen tid å miste, måtte gripe stunda.
Fange lyset, ta vare på minnet.

Akkurat no er vatnet dekka av snøen.
Lyset speglar seg ikkje i vatnet.
Greinene har fått snøkrystallar.

    -Sigrid 18.02.14-







------------------------------------------------------------------------------------------------------------
eit augneblikksbilete held eit augneblikk frå å forsvinne vekk
eit bilete fangar eit minne og fortel ei historie

inspirert av Med kamera på tur 
------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Linka til:







mandag 20. januar 2014

VINTERDEKKE / WINTER COVER


VAKKERT VINTERDEKKE 
- HOLMAVATN FOR TO ÅR SIDAN!

......
Med dette gamle bilete, 
som kallar fram gode minner frå kurs på Holmavatn på Jæren,
 deltek eg i 



Eg har tidlegare visst dokke bla. desse bileta frå vakre Holmavatn:



fredag 10. januar 2014

Blås på mi rute




Blås på mi rute når isroser blømer.

Lån meg litt varme når dagen er grå.

Blås på mi rute når kulden er ute.

Lat opp eit auge så eg kan få sjå.



Rimet på ruta tek utsynet frå meg.

Inn gjennom isen kjem berre eit skin.

Send meg eit smil,

ein varmande tanke

slik at det lysnar

i kvardagen min.



Du treng vel ikkje skine som sola.

Du treng vel ikkje å smelte bort alt.

Berre ein liten pust på mi rute

hjelper meg mykje når det er kaldt.



Karsten Oksavik
(Har prøvd å få tak i han for løyve til å bruke diktet.
Men har ikkje fått tak i han. Eg ser at diktet er gjengitt mange stadar på nett.)

...........................

♥ God helg ♥

søndag 7. april 2013

Kvikk lunsj og kaffi på trappa

er tingen ein solrik vårdag!
Litt utskeiing er vel lov?

Og så kom snøen igjen..
Så det er best å nyte dei små stundene ein kan.
.........................
Men det var i går, i dag skin sola :-)

Delvis skyet  Lettskyet Delvis skyetKlarværKlarværKlarvær

Kan ikkje klage på langtidsvarselet heller!!


"Og luften har farge og duft og smak av våren som kanskje kommer."

sitat etter Hermann Vildenvei

...............................

Vonar at du får ei ny fin veke der vi får meir smak av VÅR!



Også denne gongen passa innlegget mitt å legge inn på 

Mandagstema hjå Helen på 

"Alt som er vakkert"

Tema denne gongen er Merkevare.

Og Kvikk lunsj kan ein vel kalle det.



torsdag 4. april 2013

Himmelsk Bjorli


Vakre Bjorli Påska 2013

To døgn på Bjorliheimen i Påska gjorde godt.
Vakker skyfri himmel og sol!!
Påfyll for lekam og sjel!


På ein liten tur oppdaga eg dette morosame skiltet.
Ikkje kvar dag det er fare for å møte 
nokon på ski midt i vegen.


4987378325_b77095bd20_b[1]

lørdag 16. mars 2013

Morgonstemning


Slike dagar der sola helsar blidt på oss frå morgon til kveld..
Slike dagar vil vi ha fleire av..

GOD HELG!
...

søndag 10. februar 2013

Helgeglede



Kalde, klare vinterdagar..
Lufta står nesten stille..

Slike små augneblink er mi Helgeglede.

Vil du sjå fleire Helgegleder eller dele dine?


Ha fin ny veke!

torsdag 7. februar 2013

Himmelsk vinter akvarell


Som ein himmelsk akvarell låg vatnet der framom meg.
Det dunkle rosa morgonlyset gjorde at eg måtte stoppe opp.
Små kvardagsgleder som er lett å oversjå.

Ikkje gløym å stoppe opp, leve og sjå!
...................
Innlegget linka til:

MANDAGSTEMA: KALD ÅRSTID / COLD SEASON

HIMMELSK HJÅ PETUNIA

4987378325_b77095bd20_b[1]


Skywatch Friday

torsdag 24. januar 2013

Himmelsk Hvis




Hvis vi ikke hadde noen vinter

ville ikke våren vært så deilig.

 Hvis vi ikke av og til møtte motgang,

 ville gode tider ikke være så velkomne.



-Anne Bradstreet-


Mitt bidrag til Himmelsk denne veka!

4987378325_b77095bd20_b[1]


Besøk 

Petunia for fleire Himmelsk motiv !

Eller kanskje du vil vere med sjølv også?


No også lagt inn på Skywatch Friday!


FIN TORSDAG TIL DEG!