Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

søndag 23. april 2017

Over skya...


Vi reiste i solskinn og opphaldsvær.
På øyane vart vi møtt med ein snøkave utan like.
Etter ei lita stund letta det opp igjen.

Over skya er himmelen alltid blå!

Takk for oss for denne gong vakre Alnes på Godøya.

link til Skywatch Friday

tirsdag 14. juni 2016

Herren er min hyrding!


        1  Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
 
   
  2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
 
   
  3 Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
          


   
  4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
          Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
 
   
  5 Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
 
   
  6 Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.




.....................................
Når eg ser sauene som så tillitsfullt beiter rett over gjerdet frå der vi bor.
Når eg ruslar rundt i hagen vår.

Då senkar ein fred seg og eg kjenner på kor godt eg har det.
Ikkje alle dagar er like enkle og ikkje alle dagar klarer eg å kvile i denne freden.

Uansett har eg ein å gå til. 
Ikkje berre alle dagar, men alle slags dagar.

Og det er ikkje min fred eg skal kvile i,
men i den fred som Jesus gir.

 "Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!"





lørdag 28. mai 2016

Veka si oppmuntring


veka si vesle oppmuntring var å få ein løvetann av ein liten gut på arbeidsplassen min. 

det brakte solskinn inn i ein hektisk kvardag.

og eg vart mint om ein herleg sang frå barndommen.

den første løvetann

Tekst: Alf  Prøysen    Melodi: Bjarne Amdahl 

Det stod en liten løvetann så freidig og tilfreds
på landeveiens grøftekant i sølevann til knes.
Et bustehue lyste gult: Å nei, hvor jeg er fin!
…Den hadde nettopp speilet seg i sølepytten sin.

I grøfta gikk en liten pjokk, som pjokker ofte går,
i våt og  skitten kjeledress, med gult  og bustet hår.
Han satte seg i søla ned og strakte ut ei hand
og nappet opp med rot og topp sin første løvetann.

På vegen kom det mange barn, de kvitret lyst og lett
imens de ordnet fort og flinkt en blåveisblå bukett.
Og pjokken ropte: ”Se på meg, hva jeg har funnet her!”
Men barna bare lo og sa: ”Så pjuskete den er!”

”Å nei så menn,” sa pjokken, ”jeg skal ta den med til mor,
så sier hun at den er fin og jeg er veldig stor.”
”Det si’r hun for å trøste deg.” Sa de som sto omkring,
”for du er bare fire år og skjønner ingenting.”

Da stabbet pjokken hjem igjen og snufset lite grann,
Og blomsten hang med hue ned og lengtet etter vann.
Han åpnet døra seint og tungt, og plutselig sa mor:
”Å gis så fin en blomst du har – å nei hvor du er stor!”

”Du si’r det for å trøste, du,” sa pjokken likegla,
”Å langt ifra,” sa mor og lo. ”Jeg mente det jeg sa.
Det aller største mor vet om, er nemlig guttemann
som kommer hjem og har med seg sin første løvetann.”  


torsdag 5. mai 2016

KRISTI HIMMELFART 2016

Vi feirar Kristi himmelfartsdag 40 dagar etter Påske. 
I Apostelgjerningane les vi at Jesus gikk rundt på jorda i 40 dagar etter at han stod opp frå dei døde. I denne perioda var han saman med disiplane, fortalte dei om Guds rike og gav dei utallige bevis på at han var levande.



KRISTI HIMMELFARTSDAG, FOR NOKON EIN HEILAGDAG OG FOR ANDRE EIN KJÆRKOMEN FRIDAG.


 Eg veit at min utløysar lever.
 Som den siste skal han stå fram i støvet.

HER HAR EG SKREVE OM KRISTI HIMMELFART TIDLEGARE:
2010   OG    2014


VONAR DU HAR HATT EIN FIN DAG, 
UANSETT KVA DU TENKJER OM DENNE DAGEN!
.......................................................................................
HER PÅ SUNNMØRE HAR DET VORE EIN FLOTT VÅRDAG OG VI VONAR 
PÅ EI FORTSATT FIN HELG MED VÅRFØLELSE :-)

onsdag 13. april 2016

BALSAM FOR SJELA


SLIKE DAGAR
SOLRIK SØNDAG
HIMMEL OG HAV KINN MOT KINN

BALSAM FOR SJELA

.................
TIL SOMMAREN HAR EG BLOGGA I SJU ÅR
NOKRE AV DEI EG "BLOGGA MED" I STARTEN FINN EG IKKJE LENGER I BLOGGVERDA, MEN ENKELTE NYE HAR DUKKA OPP

I DAG LEGG EG INN EI ANNBEFALING TIL DEN NYASTE EG HAR BEGYNT Å FØLGE.

DEN HEITER BALSAM FOR SJELA OG DEN ER VIRKELEG DET
HER FINN EG GODE ORD, FLOTTE BILETE OG FINE REFLEKSJONAR.

BESØK TRINE SIN BLOGG: BALSAM FOR SJELA

søndag 10. april 2016

PUSTEROM



KJENNE HAVLUFTA
HØYRE BÅRA SLÅ
PUSTEROM


SJÅ TUSENFRYD BLØME
VITE DET ER VÅR
PUSTEROM



SJÅ FUGLANE VADE
GODE VÅRLYDAR
PUSTEROM

.................................................
    
Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei,
          han er trufast til evig tid.



tirsdag 29. mars 2016

Noko nytt spirer fram


    



Sjå, eg gjer noko nytt.
No spirer det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i ørkenen,
elvar i øydemarka.

                                      - Jes 43,19 -

..............................................................

Ei herleg tid ligg framfor oss.
Nytt liv spirar fram både ute og inne.
Våren er virkelig på veg.

torsdag 17. mars 2016

Våren kjem i år også!




Tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.

André Bjerke



Etter 14 dagar med lite eller ingen energi var det godt å stoppe opp på veg frå jobb for å ta dette bilete. Det er lov å vone at det er VÅREN som kjem! Og med den også litt meir LIV og ENERGI!

GOD HELG!

Deler på SKYWATCH FRIDAY

søndag 18. oktober 2015

DRAUMEN OM EIN NY VÅR


DET ER HAUST!
MEN DRAUMEN OM EIN NY VÅR ER DER.

FOR DET ER NO MYKJE AV GRUNNLAGET FOR EIN NY VÅR VERT LAGT.
......................
FOR GODE TIPS BESØK


............................

Her står eplekake i omnen og kaffien er snart klar :)

GOD NY VEKE!


onsdag 20. mai 2015

Tett på våren




kom bli med meg tett på våren
kjenn at du lever no
vakre blomar blømer 

i morgon kan det vere for seint
våren varer ikkje så lenge
gripe stunda
.........................

Våren eller foråret er ei av dei tradisjonelle fire årstidene
og består av månedane marsapril og mai.

Om berre 10 dagar er våren 2015 omme. 
Snart kjem juni som er ein sommarmånad.
Så skal vi NYTE våren har vi dårleg tid!
.................


søndag 10. mai 2015

O, STORE GUD




O, store Gud, når jeg i undring aner,
hva du har skapt i verden ved ditt ord.
Ser universet med de mange baner,
og vet alt liv oppholdes ved ditt bord;

*/* Da bryter lovsang ifra sjelen ut,
O store Gud, o store Gud! */*

Når jeg i skriften ser du mange under,
som Gud har gjort fra første Adams tid.
Og ser hvor trofast Herren alle stunder
har ført sitt folk igjennom livet strid.
Refr.

Når jeg så vet at Kristus lot seg føde,
Ja, at han gikk omkring og gjorde vel.
Inntil han sonet verdens synd og døde,
og oppsto for å frelse hver en sjel:
Refr.

Når så til slutt hvert tidens slør må falle,
og troens mål er nådd, så jeg får se.
Vil evighetens klokker sjelen kalle
for tronen mellom skaren hvit som sne:

*/* Da bryter lovsang ifra sjelen ut,
Takk, store Gud, takk, store Gud */*

Carl Gustav Boberg 1885

........................

Våren er ei fantastisk tid.
Alt vaknar til live igjen.

I det eine augneblikket varmar sola
 og i det neste haglar det.

Ei årstid som kan minne om livet.
Det skiftar fort.

Til deg som akkurat no kjenner
at livet ikkje er så godt.

Du har eit tilbod frå Gud:
"Kom til meg, alle de som slit 
og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!

Matt 11, v.28  



søndag 3. mai 2015

VÅRSØG



No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjeinne e så vel
Det søng så tongt kring aille dalasiå
og synnavijn, hain kjæm og gær me sel

Når sola skin, da bli det fint e fjeillå
Da ska e dit å sjå kor bekkjin rein
Og klyv te topps e brattast berjesteillå
å vea gras og turt og tågberløng

E kjeinne lokt tå gras kring aille steillå
og sola skin, og bjøllån kleng så kløkt
og tjønnin legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt

Å du, å du så sårt og sælt eg stuinna
når sola skin frå kvite høgdå ned
Da væt e vårn, hainn e kje længer uinna
at e får levva slik ein sommar te

Da væt e vesst at bekkjin legg å veinta
poinn kaille isa med så sval ein drekk
Når hausten kjæm og sistkveillskløva heinta
Da ska e takk førr sommarn så e fekk.
................................

TEKST: HANS HYLDBAKK
MELODI: HENNING SOMMERRO


Våren er absolutt mi årstid, men vert litt frustrert over at tida ikkje strekke til.
Vonar DU har fine MAIDAGAR!
NYT!

Klem

torsdag 30. april 2015

UT MOT HAVET

UTSIKT MOT GODØYA

Ein vakker VÅRDAG i byen Ålesund!
Slike dagar ser det herleg ut å leve så nær havet!

GOD LANGHELG!

..................

deler på 

mandag 27. april 2015

Det ER vår!


Sjå rundt deg og nyt, det er VÅR!

I allefall på parkeringsplassen på Moa i Ålesund kommune.

søndag 12. april 2015

Helgegleder i midten av april


EI AV MINE HELGEGLEDER  ER ALT SOM SKJER I HAGEN.

SJÅ DEN STORE HUMLA.
DET LOVAR GODT FOR HAUSTENS GRØDE.


DAGEN STARTA MED FRUKOST UTE.
SÅ LEDA EG MØTE OG FEKK HØYRE AT NÅR VI SVIKTAR 
STÅR JESUS DER OG VIL TA IMOT OSS.
DET ER NÅDE!


RETT BORTOM DER VI BUR ER DET FULLT LIV I HØNSEGARDEN.


DET Å RUSLE EIN TUR I FJØRA GJER GODT FOR KROPP OG SINN.


NÅR EG KOM TILBAKE FRÅ TUREN HADDE MANNEN MIN LAGA VAFLER.

.....................

EG FØLER MEG HELDIG SOM FÅR OPPLEVE 
SÅ MANGE GODE TING I LØPET AV EI HELG. 
DET ER OPPLADNING TIL EI NY OG KREVANDE ARBEIDSVEKE.

................................................................................


søndag 22. mars 2015

SKOGSTUR


Man prøver ikke å mase seg gjennom skogen med begge hender fulle.





VI GJEKK OG VI GJEKK, PÅ STIAR DER NOKON HADDE GÅTT FØR.
VI GJEKK OG VI GJEKK, OG LAGA OSS NYE STIAR.

VI KVILTE OSS LITT, MEN SÅ VAR DET OPP OG TIL IGJEN.
OG DER MIDT I VÅRSKOGEN DUKKA BÅDE HAUSTEN OG VINTEREN OPP.

SÅ GODT FOR KROPP OG SINN.
KOME SEG UT I DET FRI.
LEVE!
....................

FIN NY VEKE TIL DEG!

lørdag 21. mars 2015

HELGEGLEDE I HAGEN



Å vakne til sol frå klar blå himmel på ein laurdagsmorgon det er Helgeglede det!

Sola varma godt når eg fann meg ei lun krå. Slappe av ei lita stund med ein god prat med ei av tantene mine var også ei flott Helgeglede.

Rydde litt i buskene, sage litt og så ta seg ein kaffikopp..


........................
"VI KAN MISTE GLEDEN
OM VI IKKE STOPPER OPP
OG GRIPER DEN DER VI ER."

Sitat frå DAGENS ORD II
til glede og oppmuntring
Tekst: Ragnhild Bakke Waale

......................................................................


Deler på Vivishagerom og litt til

onsdag 18. mars 2015

X-FAKTOR: BLÅ



SJÅ SÅ FINE VI ER.
VI STREKKER OSS PÅ TÅ.
VI FOLDAR VÅRE KRONER UT.
VI PRISAR AT VÅREN ER HER.
.......................

Så herleg å ta ein tur i hagen. Det spirer overalt. Fuglane syng og sola skin.
Eg veit at det berre er i midten av mars og at vi kan få snø og frost.
Men eg må berre nyte dagen og livet ER akkurat NO!
...............................

VI HAR BERRE NO
I GÅR VAR I GÅR
I MORGON ER I MORGON
NO ER DAGEN HER
DET ER NO VI LEVER.
-Sigrid 18.03.15- 



x-blaa

søndag 15. mars 2015

TAKK


-TAKK FOR DAGAR
DU KAN KJENNE PÅ
DJUP GLEDE OVER Å LEVE 
I EIN STOR SAMANHENG -
....................

FOR EI VAKKER HELG 
RUSLE RUNDT I NÆRMILJØET
HELSE PÅ DEI NYE NABOANE VÅRE
RUSLE I FJØRESTEINANE
PRATE MED KJENTFOLK SOM KOSA SEG VED NAUSTET SITT
ETE ÅRETS FYRSTE MIDDAG UTE
KJENNE SOLA VARME

-------------------

YNSKJER DEG FIN NY VÅRVEKE! 
------

Deler på Skywatch Friday og




mandag 9. mars 2015

Så tid :-)


Det er VÅR og det er SÅ TID!

Det aller første eg sår er karse. 
Det kan eigentleg såast heile året.
Men eg syns det er best å så no når dagslyset stadig gjer sitt inntog.

Eg brukte ein plastboks som det hadde vore små tomatar i.
Det vert eit flott lite drivhus når lokket kjem på. Karse er lettgrodd og supergodt på leverpostei.
Bomull gjer susen som grounderlag. 
Forts. følger :-)



(Og gratulere til ektemannen min med bursdagen. ♥
Litt godkaker har det blitt sjølv om det er mandag. )