Denne kjolen sydde eg på forrige fridagen min, og har ikkje teke meg tid til om blogga om den før i dag:)
Kjolen er sydd av ulike grøne stretch stoff, frå S&S. Hovudstoffet i kjolen er flaskegrøn stretch cordfløyelsstoff, frå S&S. Ryggstykket er jadegrøn stretch chenille med kvite stjerner. Ermene er sydd av eit grøn viskose jersey med svarte kuler.
Det same stoffet er brukt som skjørtekant og halskant. Ermekantane er kanta med svart ribb.
Kjolen har fått 2 flotte stjerner som pynt, av eit herleg grønt småblomstrete vintage stoff.
Str. ca 42/44
Mønster: mitt eige
Kjolen er teken i bruk og eg blei godt fornøgd med den!