Translate

Viser innlegg med etiketten jerseykjole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jerseykjole. Vis alle innlegg

torsdag 14. februar 2013

Redesignkjole i jerseystoff




I dag kjøpte eg ein STOOR gensar på salg (str 48/50) kun med tanke på redesign. Kjekt å kjøpa ein stor størrelse, for då blir det mykje stoff å sy av. Eg måtte berre sy ein kjole til meg sjølv av denne gensaren, syns den var sååå nydeleg i fargane:). Men eg mått3e ha eit stoff til å kombinera med. Eg fann fram svart courtelle, frå S&S. (stretchstoff) Eg fann fram 3delt front-mønsteret mitt, og klipte til kjolen. Midtstykket måtte få ein skjøt, då gensaren ikkje var lang nok.














Gensaren hadde nokre små svarte ermer i enden og dei klipte eg av og sydde på igjen på kjolen min.  Skjørtekant og halskant er kanta med same svarte stoffet som i sidestykka og ryggstykket.




Eg syns fargane er fantastiske og gler meg til å bruka denne kjolen framover  mot våren.

Str.  ca  42/44

torsdag 10. januar 2013

Jerseykjole med stjerner og hjerter

Eg såg dette hjerte- og stjernestoffet frå CeTho, før jul og tykte det var kjempefint. Eg bestillte stoffet, det kom i posten på tysdag. I går sydde eg denne kjolen av det herlege jerseystoffet. Eg tok ermene i eit anna stoff for å få litt brytning. Ermestoffet er gjenbruksmateriale frå ein avlagt jerseytopp eg fann på loftet.












Mønsteret til kjolen er frå S&S, men eg har gjort nokre endringar her og der:)

Denne kjolen er til meg sjølv. Skal på bytur med dottera mi i helga, og då skal denne kjolen få bli med:)




Str. 42/44

mandag 23. januar 2012

LOVE, PEACE and HARMONY

Dette blei ein kul "LOVE&PEACE" kjole, syns eg. Kjøpte dette stoffet hos MG-tyger (både det lilla og det grafittifarga stoffet)Begge stoffa er bomullsjersey. Det lilla stoffet har litt struktur i seg. I går kveld tok eg stoffa fram og bestemte meg for å bruka kjolemønsteret mitt med tredelt front  og todelt bakstykke.
Brukte raud ribb i halskant og ermekantar, då eg ikkje fann riktig lilla farga ribb. Syns i grunn det vart vel så fint med raudt, om eg skal seia det sjølv:)
Sydde på ein kant nede på kjolen, då eg syns kjolen blei litt kort ellers. Det gjorde at kjolen fekk meir heilskap, blei meir komplett òg!!

Kjolen passa fint til meg, så denne må eg berre ha sjølv. Er allereie byrja å glede meg til våren og sommaren for dette er ein vårkjole, sjølv om eg sikkert kjem til å bruka den litt før det òg. Den har jo 3/4 lange ermer, som eg er så glad i:)

onsdag 23. mars 2011

sommer kommer....:)




No gler eg meg til vår og sommar, det vil kjolane mine bera preg av òg framover, tenkjer eg:)


I kveld har eg sydd ein i mine auge fantastisk fin sommarkjole. Ser for meg at den må vera ypperleg å ha på sommarfesten i sommar:) Den er sydd av mjukt og deileg jerseystoff frå S&S. Ermene er sydd av eit flagrande stoff, òg frå S&S.


Har kjøpt meg str. lappar og tenkjer at dette må vera ein str xl. God stretch i stoffet, så den vil nok passa str 44... kanskje str 46:)




Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!!



søndag 20. mars 2011

Nydeleg jerseykjole:)


No er det ei stund sidan eg har sydd kjole, då eg har vore litt oppteken med bursdagsfeiring:) Men i kveld har eg sydd ein deileg kjole i bomulls jerseystoff frå S&S. Eg er ikkje så glad i brunt, men dette stoffet tykte eg var nydeleg i fargane med gull og svart som trykkfarge på brun/beige botnfarge. Har sydd nokre kjolar med litt stor rullehals og det tykkjer eg blir veldig fint, når stoffet er i eit syntetisk materiale. Då legg halsen seg fint uansett:) Ermene er inntilsitjande, i same stoff som halsen.

Håpar det er nokon der ute, som får lyst på denne kjolen:)

Str: ca 44/46

Pris: 790,-

SOLGT!!