
I dag har eg sydd denne kjolen av eit nydeleg flaskegrønt stoff med raude flotte roser og grøne stilkar. Dette stoffet er vintage, og har tidlegare levd eit liv som gardin i ei stove, på 60-talet:)
Fargane er like klare og fine. Eg hadde ein rest av eit raudt dongeriliknade stoff, det brukte eg som bærestykke på framsida av kjolen. Ermene er sydd av eit vintage chiffonstoff. Syns kombinasjonen av dei tre stoffa blei kul:)

Mønsteret har eg brukt fleire gonger før, og det er frå S&S. Men eg må alltid sy litt inn i ryggen, då eg har stor svai i ryggen. Syns det er finast når kjolen fylgjer ryggsøyla. Har dessutan laga lengre ermer enn i mønsteret, og halsopninga er litt vidare. Raud ribb i halsopninga og i ermekantane.
Str ca 44
Alltid kjekt å kunne bruka stoff, som har levd eit liv tidlegare i ei anna form:)
JA TIL GJENBRUK!!