Translate

Viser innlegg med etiketten Guttebukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guttebukser. Vis alle innlegg

tirsdag 15. mai 2012

Stripete bukser er kult:)))


Dette stoffet har eg brukt som skjørtedel til fleire kjolar, og fann ut at det fint kunne brukast til buksestoff òg:) Det er eit gråblått denim "look a like"stoff, frå S&S. Stoffet er stødig og har litt stretch.

Minstemann blei overlukkeleg over å få ny bukse. Han likte denne godt.
Kjekt med bukser med ribb i livet og i buksebeina. 7-åringen min elskar denne buksemodellen. Og då syr eg såååå gjerne bukser:) Her har eg brukt coboltblå ribb frå S&S, i livet.

Buksemønsteret er henta frå boka "Barn igjen" av Lisbeth Bjørndal.

Lommestoffet er eit morsomt barnemønsterstoff. Hugsar ikkje kor det kjem ifrå.


Str. ca 7 år

søndag 18. mars 2012

NYE VÅRBUKSER TIL MINSTEMANN I HUSET:)

Minstemann  på 7 år, har strekt seg i beina, og fleire av buksene hans er no blitt for korte. Han elskar desse buksene med ribb i livet, utan glidelås og knapp. Veldig greie å ta både av og på og romslege og gode å springe rundt å leika i. Ribb nede på buksebeina, gjer at buksene kan vera litt lange utan å bli for  store. Kult når dei blir litt posete.
Klipte til 3 bukser og 2 gensarar i går, som no er ferdigsydd!! Så no kan guten gå våren i møte med nye bukser og gensarar:)

Stoffa i to av buksene er litt tynt bomullsstoff. Det med motorsyklar er vintagestoff ,kjøpt på Fretex for ei tid tilbake. Det svarte og rødrutete, er kjøpt på den lokale "Sy og strikkebui " i Sogndal.  Dongeribuksa er stoff frå ei avlagt forholdsvis ny dongeribukse som min mann ikkje ville ha lenger:) Gjenbruk er gøy!!!!

Her ser du resultata av det eg har sydd i helga:



Buksemønster str 104 år (som er blitt forlenga): frå boka "Barn igjen"





                                               Gensermønster str 116: frå S&S  (endra litt)

søndag 6. juni 2010

Mikke Mus bukse er kult!













Nok eit artig disney-stoff frå MG-tyger i Sverige. Denne buksa fall i god smak hos minstemann i huset. Kraftig stoff som tåler hard leik i barnehagen:)

Donald Duck bukse til minstemann











Bestillte Donald Duck stoff frå Sverige og har sydd bukse til guten min på 5 år. Nok ei bukse med ribb. Veldig kjekt og enkelt å sy slike bukser.

mandag 24. mai 2010

tre nye bukser til minstemann..











Guten min på 5 har strekt seg litt i det siste og har vokse frå litt bukser, då fann mor fram buksemønster og kjøpte stoff til å sy nye bukser til guten sin:)




Spiderman er ein stor helt for tida, så den eine buksa blei sydd i spidermanstoff frå Jysk. (pakke på 5 meter, så her kan det bli mange bukser)




Har no prøvd meg på å sy bukser med ribb. Det var ganske kjekt. Fann mønster i str 104, men syns det blei litt stort, så eg tilpassa mønsteret litt når eg skulle sy bukse nr 2 og 3. Guten blei veldig fornøgd, og har no tre nye bukser til barnehagebruk. Blir sikkert sydd fleire etterkvart:)