Viser innlegg med etiketten Gåvetips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gåvetips. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Ønskjeliste til 1 årsdag!

Om akkurat ein månad, 9. mai, fyller den vesle dama vår heile 1 år, og det skal sjølvsagt feirast stort og flott! Ho har alt plukka ut nokre sakar og ting som ho seier ho ønskjer seg, og då kan eg vel ikkje gjere anna enn å formidle det vidare til dei i familien som måtte lure :-)
Pingvin-pute frå By Nord


Duplo-boks

Raud leikekomfyr frå Brio

Sandalar til sommaren.

Sekk frå Fjellräven

Kjole i merinoull frå Lille Lam

Fine barnebøker er alltid ei kjærkomen gåve.

Dådyr-lampe frå Ferm Living

torsdag 19. august 2010

Betaling for bryllaupsnatta

Morgongåve var opphavleg ein praktisk tradisjon der mannen gav kvinna ein sum pengar som var meint å forsørgje ho dersom ektemannen døydde. I våre dagar er det vel helst vanleg at gåva er ei romantisk og symbolsk kjærleiksgåve. Eg for min del meinte at det overhovud ikkje var nødvendig med morgongåve i forhold til vårt elles så enkle bryllaup. Men mannen min - den frekkasen - meinte at eg sjølvsagt måtte få betaling for bryllaupsnatta vår (!) og overrekte meg difor ei nydeleg øskje (med same motiv som på gjestboka vår). Oppi øskja fann eg den første plata til Melissa Horn, pluss billettar til konserten hennar i slutten av september (jippi!), bagasjelapp (med tekst basert på favorittfilmen min, Thelma & Louise), DVD'en Young Guns (favorittfilm nr. 2), nydeleg uglesmykke (som kan snus alt ettersom kva farge eg ønskjer å syne) og gåvekort på Morris (til eit nytt og heilt nødvendig veskekjøp!) Alle gåvene var midt i blinken, og syner iallfall at han kjenner meg godt, den fine, snille mannen min!

mandag 2. august 2010

Inspirasjon og stolne idear...

I gårsdagens horoskop i VG stod det mellom anna følgjande å lese om dei som er fødde i fiskenes teikn: Det er tid for å vise litt mer av deg selv enn du ellers gjør, kanskje ved å presentere noe du selv har laget. Eg tek sjølvsagt horoskopet mitt på yttarste alvor og her er difor resultatet av dagens smykkemakeri!


Eg innrømmer gjerne at ideen ikkje er min. Kusina mi Silje hadde ein dag på seg eit undulat-smykke som ho hadde ho kjøpt på vintagebutikken Frøken Dianas Salonger på Grünerløkka. Eg synst det var grådig fint og vart inspirert til å lage mitt eige undulat-smykke sidan det såg nokså enkelt ut å mekke det sjølv (at eg vart inspirert høyres uneketeleg betre ut enn at eg har stole ideen til  kven som enn har laga det opphavelege smykket...)

På tur i København fann eg dei same undulatane i ein leikebutikk, og saman med nokre av mine gamle leike-plastdyr fekk figurane no nytt liv som smykker. Eg veit ikkje kor fint det er å gå rundt med grisar, sauar, høner eller kyr rundt halsen, men heste-figurane var fine å bruke!


I København kjøpte eg òg med meg bittesmå krokar til å skru inn i figurane, og kjedene eg har brukt er både gamle avlagde smykker frå smykkeskrinet mitt, og kjøpte metervis hos Panduro.


No er eg på leit etter dådyr og ugler som eg òg har lyst å lage smykker av! :-)

torsdag 24. juni 2010

Hektiske dagar i Edinburgh

Eg har lenge hatt lyst å vitje Edinburgh (som eg kan konstatere ein gong for alle blir uttala eddinbårrå), difor var det veldig kjekt at eg fekk høve til å reise dit i samband med ein korpus-konferanse som vart halde på universitetet i den skotske hovudstaden. Konferansen tok naturlegvis opp ein god del av dagane, så det var ikkje mykje tid eg fekk til til å utforske byen, men eg fekk då nokre opphald i timeplanen og då var det berre å gjere som japanarane; springe rundt og knipse vilt, samt utføre litt panikk-shopping. Edinburgh er ein av Europas vakraste slottsbyar og var i grunn nett slik eg hadde førestilt meg den; smale brosteinslagde gater, høge, spisse kyrkjespir og fine, gamle steinbygningar, og så var byen i tillegg veldig "ren og pen". Menneska der var også utruleg trivelege og ekstremt høflege. Det var sorry, og please og how are you i einkvar samanheng. Heilt klart ein by verdt å dra tilbake til. Her kjem nokre bilete frå fine, fine Edinburgh.

Dagen starta med ein porsjon mektig skotsk frukost med egg, hash brown (kan det bety blodpudding?), bacon, pølse, bønner og potetkake.

Ku-gata. 

Menn i kilt. Fine! Vurderte lenge om eg skulle be dei posere for meg. Dette torde eg ikkje og det vart i staden eit snik-fotografi. 



Victoria Street; full av små, unike og fine butikkar. Likte særskild godt ein butikk som heitte Godiva Boutique, som selde både vintage og ny design. Her kjøpte eg m.a. dette smykket i gåve til syster mi.


Merket heiter Stolen Thunder, og desse handlaga smykkene kan kjøpast via deira eigen nettbutikk. Sjekk særkild ut dei fine, fine brosjene. Skal nok absolutt legge att nokre britiske pund i denne nettbutikken. Red door gallery var også ein super-fin butikk der dei selde handlaga smykker, brosjer, øyredobbar, kort, puter og porselen (også dei har online-utsal) og ikkje minst klesbutikken Totty Rocks der dei designer og syr kleda i etasjen over. Eg kjøpte med meg ein fantastisk søt blomstrete kjole der (og i likskap med nemde butikkar har også Totty Rocks online utsal).

 Norsk porselen frå Figgjo i ein bruktbutikk i The Grassmarket.

 Skotsk brudepar. Også eit snikfotografi... 

Edinburgh Castle som stengde 5 minutt før eg endeleg kom meg klatrande opp dit. 

Park like ved shopping-avenyen, Princess Street. 

 
St. Mary's Cathedral.

torsdag 17. juni 2010

Give away hos Strikk og tøys!

Strikk og tøys loddar ut to superfine og - ikkje minst - veldig praktiske veskehengere som er innkjøpt i Roma. Klikk deg inn på Strikk og tøys sin fin-fine strikke-blogg. Trekning 31. juli.


Tips: Den driftige og søte dama bak Strikk og tøys strikkar òg nokre fine kopptuer (kjøkenklutar) på bestilling. Mine, i lyserosa og mørkerosa, er i dagleg bruk, og spritar opp eit elles så kjedeleg blandebatteri på kjøkenet vårt! :-)


Dette biletet av dei fargerike og fine kopptuene er lånt av Strikk og tøys.

tirsdag 1. juni 2010

Fruens Vilje - min lov!

Eg og min kjære har hatt ei strålande helg heime hos mine snille svigerforeldre på Lillehammer. Vi har m.a. fått med oss nokre smakebitar av årets litteraturfestival der høgdepunktet var ein fabelaktig konsert med Bonnie Prince Billy på Maihaugen, og ikkje minst; vår faste vesle by-runde som alltid innheld stopp hos byens Fretex- og Sally Ann-butikk og den fine, fine ting og tang-butikken Fruens Vilje.


Eg trur ikkje det er mogleg å gå tomhendt ut frå Fruens Vilje. Iallefall klarar ikkje eg det. Butikken fører mange av mine favoritt-merker: m.a. Green Gate, Rice og Lisbeth Dahl, i tillegg til at dei også selger ein del veldig fine brukt-gjenstandar, spesielt gamle boksar, porselen og glas.


                     

Det er mogleg Bambi er "so last year", men vi klarte ikkje å gå frå dei store brune auga, så vi kjøpte ho med oss heim. No ligg ho på den gamle kista vår, og lysar så fint opp i gangen vår.


På Fretex fann eg denne fantastisk fine brurekjolen:


Eg kjente hjartet mitt banka litt ekstra då eg fann den, men den var diverre alt for liten til meg. Og, ja, eg er fullstendig klar over at eg har ein fin brurekjole klar i klesskåpet mitt, men eg draumer like fullt - og framleis - om ein kort blonde-kjole i 50-tals stil.


Kjolen som Chloë Sevigny har på seg på dette biletet hadde for eksempel vore fantastisk som ein kvit brurekjole. Framleis lov å kike...

fredag 30. april 2010

Sengemat til nybakt mor


Gleda er mest altfor stor til å bera.
Hei, vesle unge, velkommen til jord!
Ubrukt er livet ditt, ope ligg verda,
ventar, og gler seg til dine spor.
- Ingvar Moe -

Då eg vart tante til vesle Jakob i fjor, laga ho mor og min kjære rømmegraut medan eg laga kake, og så trava vi gjennom byen med ei kaketine, ei korg med gåver til den nyfødde og ei rykande varm gryte - såkalt "sengjamat". Eg veit ikkje korleis det er her på austlandet, men på vestlandet har det altså vore vanleg å gå med sengemat  til den nybakte mora. Farmor var veldig flink til halde på denne tradisjonen heime i Vevring. Ho gjekk på barselbesøk til grannar i bygda med nylaga rømmegraut og heimebakt flatbrød under armen. Denne tradisjonen prøver eg no å ta vare på og eg synst det er fint å ta med seg kake når eg vitjar venninner som har fått barn. Denne gongen er det kusina mi, Silje og hennar sambuar Magnvard, som har fått barn - ei lita jente som skal heite Astrid. Vi har no besøkt den vesle familien, og i gåve fekk Astrid dei svært søte og sjarmerande Bø og Bæ-dokkene, boka Bø og Bæ i festhumør og ei saftig og deilig sjokoladekake.

Denne sjokoladekaka er ei svært mektig kake, men den er fantastisk god! Den består av tre lag sjokoladebunnar, sjokoladekrem og marsipankrem, men det er også mango i den, noko som gjer kaka frisk og saftig til trass for all kremen. Om kaka skal bringast eit stykke, eller stå kaldt over natta, bør kakeringen vere rundt slik at ikkje all kremen sklir ut (noko eg sjølvsagt har fått erfare).

Kakebotn:
3 egg
2 1/2 dl sukker
1dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
3/4 dl kakao
1 ss pulverkaffi
2 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
3 dl kesam, 8%
2 ss smelta smør
1 ss vatn
1 ss konjakk

Sjokoladekrem
4 dl kremfløyte
100 g mørk sjokolade

Marsipankrem
150 g marsipan
2 ss portvin
ca. 100 g melis
2 dl kremfløyte

Fyll: 1 mango i terningar
Pynt: 1/2 porsjon sjokoladekrem, kakao og evt. sjokoladepynt

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med kesam, smelta smør, vatn og konjakk (evt. brandy). Rør lett til alt er godt blanda. Hell røra i ei form (i oppskrifta står det 24, men då er det noko vanskelegare å dele kaka i tre lag, så eg brukar 22)  og steik kaka på 200 grader, nedste rille i ca. 30 minutt. Avkjøl kaka på rist. Del kaka i tre (her brukar eg min geniale kakedelar. Anbefalast!). Kok opp fløyten og hell den over sjokoladen som er delt i bitar og rør dette jamnt og avkjøl. Pisk kremen opp med ein handmiksar. Her pleier eg å jukse litt, sidan eg ikkje har tolmod til å vente til sjokolade-kremen skal bli avkjølt. Det tar laaang tid før den bli kald nok til å piskast til krem, og bør i grunn helst lagast timar i forvegen, eller setjast i frysaren for avkjøling. Eg piskar istaden fløyten til krem, før eg blandar inn smelta sjokolade. Det fungerer like fint. Riv marsipanen grovt og rør den saman med portvin (evt. sherry) og melis. Pisk fløyte til krem og bland den saman med marsipanen. Legg ein kakebotn på eit kakefat. Dekk med halvparten av sjokoladekremen. Dryss på mangobitar. Legg på den andre kakebotnen og bre marsipankremen utover. Legg på den siste kakebotnen og smør på siste del av sjokoladekremen. Sett kaka kjølig, gjerne til neste dag. Pynt med kakao og evt. sjokoladepynt.

onsdag 21. april 2010

Kvardagslukke...

... er å sitje i sofakroken med kosebuksa på, fukt-kur i håret, opptak av Frustrerte fruer på skjermen og, det beste av alt, ete søte appelsinbåtar frå ei fjøl med endå søtare tekst (og på nynorsk til og med!). Fjøla kjem frå Ola og Kari og er ei gåve frå min kjære.

onsdag 7. april 2010

Dei finaste brosjene

Snella & Petronella lagar nokre superfine porselens-knappar; knappe-brosjer, knappe-ringer, knappe-øyredobbar, mansjettknappar og knappar som rett og slett skal brukast som knappar. Man kan også få laga sine heilt personlege knappar av eigne bilete. Frå mi snille syster har eg fått to knappe-brosjer i gåve. Den eine brosja seier jo sjølvsagt det sjølvsagte: My cleaning kicks ass! Medan den andre brosja har bilete av min vesle nevø, Jakob, sine vakre små føtter, forma som eit hjarte. Fine, ikkje sant? Og supre gåvetips!

Mansjett-knappane med teksten ekte og mann må jo for øvrig vere eit must til min kjære på bryllaupsdagen vår?