Oslo-Lillehammer-Gol-Sognefjell-Førde-Naustdal-Vevring. Og tilbake. Sigrid sin første sommar. Late dagar. Varme kveldar. Familie og vener. Vin og grilling. Kino og shopping. To vekers ferie er omme. Og her er nokre gløtt frå vår sommar.
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
onsdag 10. august 2011
lørdag 23. april 2011
God påske!
Grunna ein termin som no nærmar seg med stormsteg (30. april!), har vi vald å feire påske i byn. Ikkje verst det med sol og temperaturar på nærare 20 grader kvar dag! Påska har difor så langt blitt brukt i solveggen på balkongen med store mengder marsipan og lesestoff, ispedd ein og annan spasertur og kafè-tur. Fint med late dagar i ein påske-stille by!
I dag fekk eg dessutan eit veldig hyggjeleg besøk frå Siri som står bak den fine bloggen Strikk og Tøys. Ho kom med trøste-premien som eg vann i blogg-lotteriet hennar; to fin-fine kopptuer i herlege påskegule fargar. Tusen takk, Siri! :-)
torsdag 29. juli 2010
Shopping i Køben
Førre helg drog vi til København. Ein by eg tidlegare berre har vore i to gongar, men då berre på gjennomfart på veg til Roskilde for godt over 10 år sidan (og eg var vel strengt tatt berre innom Tivoli og Christiania...) Denne gongen var det hotell, shopping og sjampanje på agendaen. Eg trur eg aldri før har drege kortet mitt så mange gongar som eg gjorde i København. Absolutt ein av dei beste - og finaste - shopping-byane eg har vore i!
Vi smaka vel på det som fanst av øl-sortar, både lyst, mørkt og kvitt (!) øl gjekk ned på høgkant...
På veg oppover i Rundetårnet.
Kyssebænken i Rundetårnet...
Cafè Understellet...
Nyhavn.
Kanal-tur gjennom København. Her under ei veldig låg bro.
København er full av slike fargerike butikkar. Eit eldorado for meg!
Ekstremt mykje syklar, sykkelparkeringar og ikkje minst godt utbygde sykkelvegar i København. Noko Oslo burde ta lærdom av!
Vårt vesle utval av bruktkjøp. Den runde Erik Kold-plastboksen med gule blomar er dansk design frå 70-talet. Dei er enkle å få fatt i i danske bruktbutikkar, medan dei ofte er dyre bruktkjøp her i Oslo. Frå før har eg ein raud spagettiboks arva frå ho mor, samt ein brun kaffiboks kjøpt på loppis. Boksane finst i mange glade fargar og former, og er fine samleobjekt. Teakbrettet vart vårt for 20 kroner og vart som nytt med eit par omgangar med teak-olje. Kvite solbrillar kjøpt i Vintage-butikk.
Og til slutt eit utval av shopping-galskapen min... Gummidyra har eg planar å lage smykker av. Hestane er mine barndoms leikedyr, medan fuglane kjøpte eg i ein leikebutikk som hadde 50 % på alt. Barbapapa-sparebøssa og BRIO-ranglene er også frå same leikebutikk. Den svarte, store veska er i mjukt deilig skinn er blitt mi absolutte favoritt-veske (inntil vidare!). Dei to polkadott-prikkete blusene er også halv-pris-kjøp frå ein av Københavns mange kule butikkar; Rude. Tre-fuglane er Kristian Vedel-design og den vesle familien på to som vi hadde frå før vart no fulltallig då vi kjøpte med oss heim siste tilskotet til familien; tjukkas-fuglen. Fuglane kan endre sinnssteming frå glad, trist, nyfiken og mistenksam ved å vri på hovuda deira. Hos oss er sjølvsagt nebbet alltid opp - optimistiske som dei er! Boksen er innkjøpt med tanke på å oppbevare bryllaupskorta vi håper å få til vår store dag 13. august... :-)
Etiketter:
Bruktskattar,
Ferie
Plassering:
København, Denmark
torsdag 22. juli 2010
Gløtt frå ein Vestlandsferie
Herleg å setje seg i bilen med kaffi på termosen, niste i matboksen og Elvis på dashbordet, køyre gjennom storslegent landskap på veg vestover og ha god tid til å stogga fleire stadar undervegs.
I Lærdalsdalen står dette vesle huset, med trappa på den eine sida og døra på hi sida. Iflg. lokalavisa Firda er dette grunna ei usemje mellom to brør om kva vegg inngangen skulle vere på...
Gamle Lærdalsøyri med vakre gamle trehus, koselege kafear og hyggjelege bruktbutikkar (som diverre var stengde alle som ein).
Rastepause før vi vitja bokbyen Fjærland. Den gamle niste-boksen med tre lag inni har eg fått av farmor, og er perfekt å ha med på lengre turar!
Min komande mann på ein benk på kaia.
Bruktkupp gjort i Førde. Fint å kunne handle brukte gjenstandar som faktisk kostar under 20 kroner (noko som omtrent ikkje er mogleg i Oslo). Ei retro vegglampe til 20 kroner, kvitt perlekjede til 5 kroner og fargerike 70-tals glasbrikker til 2 kroner stykket vart med oss heimatt (dvs. perlekjedet er det vel mest eg som kjem til å bruke...).
Vi nytta mesteparten av tida heime i Vevring til fisking, og fekk m.a. torsk, lyr, makrell, berggylt og laks. Alt saman vart fryst ned og teke med tilbake til Tøyen.
Vel heime på Tøyen laga vi nydeleg fiskemat; kokt makrell med agurksalat og kviltauksrømme. Fisk smakar sjølvsagt aller best når den er blitt trukke opp frå fjorden av oss sjølve! :-)
onsdag 21. juli 2010
Street Art Norway
Heilt sidan eg for første gong bladde i Banksy; Wall and Piece har eg vore fascinert av dei mange politiske, satiriske og humoristiske kunstverka som den engelske grafittikunstnaren Banksy har laga - meir eller mindre ulovleg - på vegger i bybiletet, særskild i London, men også i andre byar over heile verda. Boka - eller rettare sagt bileta - er både morosame og triste, men mest tankevekkjande, og eg blir aldri lei av å bla i denne boka.
Det er òg morosamt å lese om dei mange tekstane han har laga. Han har m.a. besøkt fleire dyreparkar og klatra over til dyra der han har skrive "Vi er lei av fisk" hos pingvinane og "Jeg vil ut. Det er for kaldt her. Dyrevokteren lukter. Kjedelig, kjedelig, kjedelig" hos elefantane (denne er vel mest trist...). Ein liten finurlegheit er òg sitatet på baksida av boka: "There's no way you're going to get a quote from us to use on your book cover" (sitat frå ein talsperson for polititet). For ikkje lenge sidan kom ei liknande bok ut i her i Noreg; Street Art Norway, og i dag kom den endeleg i postkassa mi!
Biletet som ligg bak bloggtittelen min har eg teke i Lofoten, nærare bestemt på Borg på Vestvågøy - like i nærleiken av Liland der mor mi kjem frå. Flugesopp-jenta er måla av gatekunstnarane Dolk og Pøbel, og huset dei har måla på er bygda sitt gamle meieri. Det som eg synst er spesielt kjekt med nettopp dette måleriet er at eg sjølv har ein relasjon til huset, og har òg vore inne i det. I dette huset budde nemlig grandtanta mi i for mange år sidan.
Dette biletet av flugesopp-jenta har svogeren min teke, og planen vår er å kopiere det opp i stort format, anten på lerret eller som plakat, og hengje biletet på stoveveggen vår. Eg ventar berre på Fotoknudsen.no sitt jamlege tilbod med 25 % rabatt på lerret...
I år vart det diverre ingen Lofoten-tur på oss, då det istaden var Vestlandet som stod for tur, men neste gong vi dreg nordover er planen å dra på ein "street art-rundreise" på Vestvågøy for å lokalisere og fotografere veggmåleria. Det finst ingen oversikt over kor "husan" med veggmåleri ligg, då det er opp til publikum å oppdage dei på rundreise i vakre, vakre Lofoten.
Foto: Adrian Pingstone, Wikipedia
Det er òg morosamt å lese om dei mange tekstane han har laga. Han har m.a. besøkt fleire dyreparkar og klatra over til dyra der han har skrive "Vi er lei av fisk" hos pingvinane og "Jeg vil ut. Det er for kaldt her. Dyrevokteren lukter. Kjedelig, kjedelig, kjedelig" hos elefantane (denne er vel mest trist...). Ein liten finurlegheit er òg sitatet på baksida av boka: "There's no way you're going to get a quote from us to use on your book cover" (sitat frå ein talsperson for polititet). For ikkje lenge sidan kom ei liknande bok ut i her i Noreg; Street Art Norway, og i dag kom den endeleg i postkassa mi!
Biletet som ligg bak bloggtittelen min har eg teke i Lofoten, nærare bestemt på Borg på Vestvågøy - like i nærleiken av Liland der mor mi kjem frå. Flugesopp-jenta er måla av gatekunstnarane Dolk og Pøbel, og huset dei har måla på er bygda sitt gamle meieri. Det som eg synst er spesielt kjekt med nettopp dette måleriet er at eg sjølv har ein relasjon til huset, og har òg vore inne i det. I dette huset budde nemlig grandtanta mi i for mange år sidan.
På kortveggen på same hus er Batman og Robin måla, begge som eldre karar. Dette er også det einaste huset i Lofoten eg har kome over. Men Dolk og Pøbel har måla på eit tjuetals hus rundtomkring på Vestvågøy. Prosjekter deira heiter Ghetto Spedalsk og målet til dei to street art-kunstnarane har vore å flytte det urbane kunstutrykket ut i ingenmannsland. På fråflytta og falleferdige hus målar dei opp motiv som dekkjer heile veggen. Samstundes har eit og anna hus visstnok fått vitjing på innsida… Dei fleste veggmåleria er utan namn og tittel fordi kunstnarane ønskjer at publikum skal få tenke og kome med si eiga tolking. Det skal òg nemnast at dei to kunstnarane alltid ber om løyve frå eigarane før dei målar på husa.
I år vart det diverre ingen Lofoten-tur på oss, då det istaden var Vestlandet som stod for tur, men neste gong vi dreg nordover er planen å dra på ein "street art-rundreise" på Vestvågøy for å lokalisere og fotografere veggmåleria. Det finst ingen oversikt over kor "husan" med veggmåleri ligg, då det er opp til publikum å oppdage dei på rundreise i vakre, vakre Lofoten.
lørdag 10. juli 2010
Sommar-kjensle med heimelaga sushi og søte jordbær
Endeleg har eg òg sommarferie, og kva er vel betre enn å innleie ferien med sushi og jordbær? Sushi er enkelt å lage, i tillegg til at det er grådig sunt og ikkje minst ypparleg som sommarmat! Eg lagar sushi på aller enklaste vis; maki-rullar med avokado og laks frå frysedisken. Ein kan sjølvsagt vere meir kreativ og avansert enn dette ved å bruke fersk kvit fisk, salma-laks og/eller kamskjell, men dette blir fort dyrt, og frossen laksefilet frå frysedisken fungerar heilt fint. Eg synst makirullane blir aller best med avokado, men både agurk, gulrot og purre kan brukast. I tillegg må ein ha sushi-ris (grøtris kan brukast som erstatning), sushi-eddik, nori-tang, ingefær, ein god soyasaus, wasabi og evt. sesamfrø til å strø oppå.
No står Sunnfjord, København, Oslo og Bergen for tur dei neste tre vekene!
God sommar!
torsdag 24. juni 2010
Hektiske dagar i Edinburgh
Eg har lenge hatt lyst å vitje Edinburgh (som eg kan konstatere ein gong for alle blir uttala eddinbårrå), difor var det veldig kjekt at eg fekk høve til å reise dit i samband med ein korpus-konferanse som vart halde på universitetet i den skotske hovudstaden. Konferansen tok naturlegvis opp ein god del av dagane, så det var ikkje mykje tid eg fekk til til å utforske byen, men eg fekk då nokre opphald i timeplanen og då var det berre å gjere som japanarane; springe rundt og knipse vilt, samt utføre litt panikk-shopping. Edinburgh er ein av Europas vakraste slottsbyar og var i grunn nett slik eg hadde førestilt meg den; smale brosteinslagde gater, høge, spisse kyrkjespir og fine, gamle steinbygningar, og så var byen i tillegg veldig "ren og pen". Menneska der var også utruleg trivelege og ekstremt høflege. Det var sorry, og please og how are you i einkvar samanheng. Heilt klart ein by verdt å dra tilbake til. Her kjem nokre bilete frå fine, fine Edinburgh.
Dagen starta med ein porsjon mektig skotsk frukost med egg, hash brown (kan det bety blodpudding?), bacon, pølse, bønner og potetkake.
Ku-gata.
Menn i kilt. Fine! Vurderte lenge om eg skulle be dei posere for meg. Dette torde eg ikkje og det vart i staden eit snik-fotografi.
Victoria Street; full av små, unike og fine butikkar. Likte særskild godt ein butikk som heitte Godiva Boutique, som selde både vintage og ny design. Her kjøpte eg m.a. dette smykket i gåve til syster mi.
Merket heiter Stolen Thunder, og desse handlaga smykkene kan kjøpast via deira eigen nettbutikk. Sjekk særkild ut dei fine, fine brosjene. Skal nok absolutt legge att nokre britiske pund i denne nettbutikken. Red door gallery var også ein super-fin butikk der dei selde handlaga smykker, brosjer, øyredobbar, kort, puter og porselen (også dei har online-utsal) og ikkje minst klesbutikken Totty Rocks der dei designer og syr kleda i etasjen over. Eg kjøpte med meg ein fantastisk søt blomstrete kjole der (og i likskap med nemde butikkar har også Totty Rocks online utsal).
Norsk porselen frå Figgjo i ein bruktbutikk i The Grassmarket.
Skotsk brudepar. Også eit snikfotografi...
St. Mary's Cathedral.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)