Viser innlegg med etiketten Bruktskattar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bruktskattar. Vis alle innlegg

tirsdag 6. desember 2011

Jobben-julemarknad!

Førre veke var det endeleg tid for årets julemarknad i regi av Frelsesarmeen sitt Jobben-prosjekt, som eg tidlegare har omtala både her og der. Eg hadde diverre ikkje tid til å kike meg grundig gjennom alt det utruleg fine deltakarane både har funne, laga og redesigna, men på veg mot det eg først og fremst var på jakt etter - nemlig ei tallerkenhylle til barnerommet - rakk eg likevel å plukke med meg nokre aldeles kjekke ting; ei tekanne frå Figgjo porselen, ein tinn-kopp og - jippi! - ei Brio-marihøne som eg lenge har leita etter i bruktbutikkar. O'lukke!




mandag 31. oktober 2011

Stol for liten og stol for stor

På ein av våre trilleturar i byen kom vi over ein bruktbutikk med konkurssalg. Dei reklamerte med 30 % avslag - eit sånn passe rart tilbod med tanke på at varene ikkje var prisa i utgangspunktet, men eg fekk iallfall kjøpe to gamle stolar for ein billig penge. Ein til oss og ein til den vesle dama vår. Den store stolen skal eg nok la vere slik den er, medan den lille, raude truleg vert måla knallraud (eller kanskje turkis?).



No er det for øvrig dags for at den vesle dama vår flyttar inn på eige rom, så eg kikar litt her og der etter fine barneromsting. Tips til fine nettbutikkar som sel barne-interiør takast difor imot med takk!

torsdag 13. oktober 2011

Kontorstol frå vaskekjellaren



Denne kontorstolen har stått i vaskekjellaren her i blokka vår, og eg har lenge sikla på den. Så ein dag vart vaskekjellaren stengt grunna oppussing og då den opna igjen var kontorstolen borte! Etter ein prat med eit medlem av styret fekk eg vite at stolen var stua vekk i påvente av å bli kasta. Og sjølvsagt kunne eg få den om eg ville. Hurra!



Litt usikker på om eg skal pusse og male den. Synst i grunn den er fin slik den er (kanskje berre prøve å få bort malingsflekkane) og planen er å anten bruke den som spisestue-stol eller slik namnet tilseier; som ein kontorstol.

mandag 3. oktober 2011

Brukt på nytt

Sigrid er så heldig å ha besteforeldre som synst det er stas å både strikke og handle fine klede til ho. Likevel synst eg det er kjekt å handle litt til ho sjølv, og aller kjekkast er det å finne fine, små skattar på bruktbutikkar. Men det er ikkje så veldig enkelt å finne fint barnetøy i bruktbutikkar som Fretex og UFF. Truleg fordi barneklede blir gjeve bort til familie og vener, men kanskje òg fordi mange ønskjer å ta vare på kleda til barna sjølv blir vaksne og får eigne barn. Sjølv ser eg helst etter fine heimestrikka plagg (som eg ikkje skjønar korleis folk kan kvitte seg med??), og av og til finn eg altså gull på stativa eller i korgene. Her er litt av Sigrid sine små strikke-plagg som no blir brukt på nytt:






fredag 15. juli 2011

Fint funn


Etter ein kveldstur gjennom Sofienbergparken fann eg denne nydelege, broderte duken, krølla saman til ein ball på graset. Skiten, våt og medtatt vart den - til mannens høglydte protestar - teken med heim til ein omgang i vaskemaskina, og eit møte med strykejarnet (ja, eg ser at akkurat dette kunne vore gjort betrakteleg betre...). Duken passa heilt perfekt til spisebordet vårt, og eg er såre nøgd med å ha gjort nok eit gate-funn!


tirsdag 19. april 2011

Endeleg...

... fann vi kjøkenstol nummer to! Det fine retro funnet vart gjort på Finn.no, og kosta nok litegrann meir enn kjøkenstol nummer ein som vart funnen sleten og forlatt på loppemarknad. Men likevel; stor stas å finne ein heilt maken til den raude som vi allereie hadde frå før. No er kjøkenbenken vår komplett!

søndag 10. april 2011

Helgas gratis- og brukt-funn

På laurdagens bytur gjekk vi tilfeldigvis forbi ein blome-butikk på Majorstua som skulle avviklast, alle varene var sett ut på gata og ALT saman var gratis! Slikt gledar eit lite gjerrigknark-hjarte som mitt! Vi plukka med oss nokre fine potter, fleire nydelege tulipan- og rose-buketter og diverse småting som gåveband og kort (og eit raskt overslag viste at verdien av alt saman kom på langt over 1500 kroner!) På heimturen oppdaga vi så ein fin-fin bruktbutikk på Holbergs plass (eg hugsar ikkje namnet på butikken, men den ligg iallfall inne i ein bakgard rett ved sidan av 7-Eleven). Der fann eg nokre fantastisk fine øyredobbar, samt ein bambi i porselen som no prydar skjenken vår. Ser dessutan at vårens loppemarknader her i Oslo er i full gang og håpar difor eg rekk innom nokre av desse før minien meldar sin ankomst - noko som kan skje når som helst no...

tirsdag 11. januar 2011

Ny skjenk

Vi har endeleg skaffa oss noko som har stått på ønskjelista vår lenge; nemlig ein ny skjenk. Dvs. vi kjøpte den billig og brukt frå eit dødsbo. Då vi kom for å hente den vart vi overraska over kor stor den faktisk var (stakkars pappa som var med og bar, ofra ryggen sin for skjenken), men no er vi supernøgde sidan den faktisk rommar absolutt alt vi har av finare porselen, glas og sølvtøy (vi har då ein møblert heim...). Oppi skuffene fekk vi òg plass til lys, serviettar og bordbrikker, og i glasskåpet er det til og med opplegg for lys. Fine greier! Over skjenken heng vårt fine (og for øvrig einaste "ekte"...) kunstverk; eit nummerert foto frå a-ha sin promo-turne på 80-talet, teke av fotograf Janne Møller-Hansen. Biletet syner Magne Furuholmen i eit perfekt svalestup ut i eit basseng, og er både fotografens og Magnes eiga favorittbilete.

torsdag 29. juli 2010

Shopping i Køben

Førre helg drog vi til København. Ein by eg tidlegare berre har vore i to gongar, men då berre på gjennomfart på veg til Roskilde for godt over 10 år sidan (og eg var vel strengt tatt berre innom Tivoli og Christiania...) Denne gongen var det hotell, shopping og sjampanje på agendaen. Eg trur eg aldri før har drege kortet mitt så mange gongar som eg gjorde i København. Absolutt ein av dei beste - og finaste - shopping-byane eg har vore i!


Vi smaka vel på det som fanst av  øl-sortar, både lyst, mørkt og kvitt (!) øl gjekk ned på høgkant...


På veg oppover i Rundetårnet.


Kyssebænken i Rundetårnet...


Cafè Understellet... 


Nyhavn.


Kanal-tur gjennom København. Her under ei veldig låg bro.


København er full av slike fargerike butikkar. Eit eldorado for meg!



Ekstremt mykje syklar, sykkelparkeringar og ikkje minst godt utbygde sykkelvegar i København. Noko Oslo burde ta lærdom av!


Vårt vesle utval av bruktkjøp. Den runde Erik Kold-plastboksen med gule blomar er dansk design frå 70-talet. Dei er enkle å få fatt i i danske bruktbutikkar, medan dei ofte er dyre bruktkjøp her i Oslo. Frå før har eg ein raud spagettiboks arva frå ho mor, samt ein brun kaffiboks kjøpt på loppis. Boksane finst i mange glade fargar og former, og er fine samleobjekt. Teakbrettet vart vårt for 20 kroner og vart som nytt med eit par omgangar med teak-olje. Kvite solbrillar kjøpt i Vintage-butikk.


Og til slutt eit utval av shopping-galskapen min... Gummidyra har eg planar å lage smykker av. Hestane er mine barndoms leikedyr, medan fuglane kjøpte eg i ein leikebutikk som hadde 50 % på alt. Barbapapa-sparebøssa og BRIO-ranglene er også frå same leikebutikk. Den svarte, store veska er i mjukt deilig skinn er blitt mi absolutte favoritt-veske (inntil vidare!). Dei to polkadott-prikkete blusene er også halv-pris-kjøp frå ein av Københavns mange kule butikkar; Rude. Tre-fuglane er Kristian Vedel-design og den vesle familien på to som vi hadde frå før vart no fulltallig då vi kjøpte med oss heim siste tilskotet til familien; tjukkas-fuglen. Fuglane kan endre sinnssteming frå glad, trist, nyfiken og mistenksam ved å vri på hovuda deira. Hos oss er sjølvsagt nebbet alltid opp - optimistiske som dei er! Boksen er innkjøpt med tanke på å oppbevare bryllaupskorta vi håper å få til vår store dag 13. august... :-)

tirsdag 1. juni 2010

Fruens Vilje - min lov!

Eg og min kjære har hatt ei strålande helg heime hos mine snille svigerforeldre på Lillehammer. Vi har m.a. fått med oss nokre smakebitar av årets litteraturfestival der høgdepunktet var ein fabelaktig konsert med Bonnie Prince Billy på Maihaugen, og ikkje minst; vår faste vesle by-runde som alltid innheld stopp hos byens Fretex- og Sally Ann-butikk og den fine, fine ting og tang-butikken Fruens Vilje.


Eg trur ikkje det er mogleg å gå tomhendt ut frå Fruens Vilje. Iallefall klarar ikkje eg det. Butikken fører mange av mine favoritt-merker: m.a. Green Gate, Rice og Lisbeth Dahl, i tillegg til at dei også selger ein del veldig fine brukt-gjenstandar, spesielt gamle boksar, porselen og glas.


                     

Det er mogleg Bambi er "so last year", men vi klarte ikkje å gå frå dei store brune auga, så vi kjøpte ho med oss heim. No ligg ho på den gamle kista vår, og lysar så fint opp i gangen vår.


På Fretex fann eg denne fantastisk fine brurekjolen:


Eg kjente hjartet mitt banka litt ekstra då eg fann den, men den var diverre alt for liten til meg. Og, ja, eg er fullstendig klar over at eg har ein fin brurekjole klar i klesskåpet mitt, men eg draumer like fullt - og framleis - om ein kort blonde-kjole i 50-tals stil.


Kjolen som Chloë Sevigny har på seg på dette biletet hadde for eksempel vore fantastisk som ein kvit brurekjole. Framleis lov å kike...

fredag 28. mai 2010

Vårmarknad, vaflar og veldig fin husmorstol!


I går var eg atter ein gong på Frelsesarmeen og Jobben sitt bruktmarknad i Heimdalsgata. Som alltid var det kø allereie 20 minutt før dørene opna kl. 17. Når vi endeleg slapp inn storma folk innover og rett til gjenstandane dei hadde sett seg ut på førehand, truleg gjennom Finn-annonsen som Jobben hadde lagt ut. Eg hadde ikkje sett meg ut noko særskild og vandra rundt på måfå blant alle dei fine redesigna og brukte tinga, og såg lengselsfullt etter alle dei fine tinga som andre hadde fått tak i...


Men fekk med meg nokre bruktskattar eg òg. M.a. ein karaffel i krystall som min kjære kan ha whiskyen sin i, og ei lita glas-skål med lokk. Eg er utruleg glad i akkurat denne gamalrosa fargen og har fleire skåler og fat i same utføring. Blir like lukkeleg kvar gong eg finn slike!

Desse lampene var utruleg sjarmerande, og eg vurderte leeenge å kjøpe dei, men det var nok litt for mykje skår og knuste stadar på dei til at dei vart med meg heim.

                  

Men den aller finaste gjenstanden eg fann på marknaden var ein raud husmorstol som også kan brukast som ein krakk/stige. Veldig fint for meg som omtrent ikkje rekk opp til hylle nr. 2 i kjøkenskåpa våre eingong...


Då vi pussa opp kjøkenet vårt for eit par år sidan mista vi vår fine vesle spisekrok der vi hadde eit lite bord og tre stolar. I staden fekk vi ein lang benk under vindauget som også kan brukast som spiseplass. Til denne ønska vi oss eit par fine barkrakkar, men enda opp med dei billigaste krakkane frå IKEA; dei litt for kjedelege SUNE-krakkane til 98 kroner. No får vi i alle fall byta ut ein av dei, og leitar i mellomtida etter ytterlegare ein husmorstol, medan eg draumer vidare om sjakkruta golv...


På marknadene til Jobben er det ikkje høve til å prute på gjenstandane, snarare vert ein oppfordra til å prute oppover; pengane går i sin heilheit til Frelsesarmeens rusarbeid. Synst likevel ikkje 250 kroner var så gale for slik ein fin retro stol... :-)

                 

Torsdagskvelden vart avslutta med havregrynsvaflar i heimen sidan vi ikkje rakk å ete dette på Frelsesarmeen sin marknadskafé.

Vaflar

3 dl havregryn
3 dl mjølk
3 dl syrna mjølk (Cultura, Kefir, Kulturmjølk)
2 egg
3 ss smør evt 2-3 ss olje
1-3 ss sukker
½ ts kardemomme
½ ts vaniljesukker 
1 ts natron evt. bakepulver
5-6 ss kveitemjøl el. sammalt kveite

Visp alle ingrediensane saman. La røra svelle i 15-20 min.