Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg

mandag 7. november 2011

Mitt aller første sy-prosjekt!



Eg har vore den glade eigar av ei fin-fin symaskin i fleire år, men den har diverre - i mangel av mine sy-kunnskaper - berre blitt brukt til opplegg av bukser, kjoler, skjørt og gardiner. Men då eg gjekk gravid sette eg meg ned og sydde to smekker - eit møysommeleg arbeid! Dette er m.a.o. det aller første eg nokonsinne har laga med symaskina mi. "Grådig enkelt" seier sikkert dei sy-kyndige der ute, men for meg var dette altså ein passe stor prestasjon!



Sidan eg sydde smekkene før vi visste om vi fekk gut eller jente, sydde eg ei "jente"-smekke og ein litt meir "gutete" smekke. Begge smekkene blir sjølvsagt brukt no når den vesle dama vår omsider har byrja å ete fast føde.


Ho verkar godt nøgd med både smekke og mat, og likar for øvrig aller best å halde skeia i eiga hand!

torsdag 3. november 2011

Gjenbruksdama III

Den vesle dama vår har ikkje berre arva klede frå meg; også frå pappaen sin har ho arva litt. Her er ho i ein heimestrikka, stripete genser (i nydelege fargar), som pappaen brukte då han var på hennar alder.




Ein brun saueskinnspose til vogna si  har ho òg fått overta etter pappaen. Den er super til kalde haustdagar!


Så gler vi vi oss òg til å få pappa sin gamle gyngehest og barnestol i hus! Fantastisk med besteforeldre som tek vare på ting!

onsdag 26. oktober 2011

Førebuingar til namnefest



I slutten av november skal vi omsider feire den vesle dama vår. Då skal vi samlast til seremoni i rådhuset der ho vil få utdelt namnetavle, før det blir fest med rømmegraut, kaffi og kaker i heimen.



På den supre butikken Folk og Røvere på Lillehammer fann eg fine bokstavlys. Veldig utplukka, men eg fekk iallfall nok lys til å kunne stave STGRTD, og då er det jo (forhåpentlegvis...) berre å skjere av utstikkarane på bokstaven T slik at namnet blir riktig på kaka. Namnet Sigrid tyder for øvrig "Vakker seier".

mandag 3. oktober 2011

Brukt på nytt

Sigrid er så heldig å ha besteforeldre som synst det er stas å både strikke og handle fine klede til ho. Likevel synst eg det er kjekt å handle litt til ho sjølv, og aller kjekkast er det å finne fine, små skattar på bruktbutikkar. Men det er ikkje så veldig enkelt å finne fint barnetøy i bruktbutikkar som Fretex og UFF. Truleg fordi barneklede blir gjeve bort til familie og vener, men kanskje òg fordi mange ønskjer å ta vare på kleda til barna sjølv blir vaksne og får eigne barn. Sjølv ser eg helst etter fine heimestrikka plagg (som eg ikkje skjønar korleis folk kan kvitte seg med??), og av og til finn eg altså gull på stativa eller i korgene. Her er litt av Sigrid sine små strikke-plagg som no blir brukt på nytt:






søndag 28. august 2011

Rosa idyll

Før eg fekk barn himla eg med augene over alle dei som kledde jentene sine i sukkersøte rosa klede, og tenkte med meg sjølv at at når eg ein gong vart mor skulle ungane mine vere kledd i alle andre fargar enn rosa (gutane sjølvsagt i andre fargar enn blå...), og aller helst i mine gamle oransje, raude, grøne og brune barneklede. Så feil kan ein ta.


Her snakkar vi lyserosa idyll for alle penga. Yndige kjolar, søte bodyar, blomstrete bukser og pastellfarga jakker. Gjerne med accesoires som blonde-huer, rosa smokker, lyserosa koser og bittesmå ballerina-sko. Ikkje min feil at yndlingsfargen til Sigrid er rosa (og at ho kler den så godt!)...

(Som seg hør og bør ein ekte mote-blogg: Sigrid er kledd i rosa silke-hue frå Fretex, gul strikkejakke kjøpt i Australia og blomstrete sparkebukse frå Lindex. Rosa helseteppe frå då eg var baby og hekla vognteppe som er ei gåve frå ei venninne. Kaninkosene (som ALLTID må vere med på tur) er gåver frå bestemor).

tirsdag 12. juli 2011

tirsdag 5. juli 2011

Gjenbruksdama ll

Eg lo godt då eg kledde den vesle dama vår i dagens outfit frå min eigen barndom; ein raud kort kjole med kvite hjarter, og ein kvit sumarhatt, som mest av alt minner om ei god gamaldags kyse!

mandag 27. juni 2011

Gjenbruksdama

Den fine, vesle dama vår har ein rikhaldig og fargerik garderobe beståande av både nytt og gamalt tøy. Det gamle tøyet er jo aldeles sjarmerande, men  noko av det er òg ganske så upraktisk sidan buksene til dømes manglar knepping ved beina - noko som gjer stell litt meir tungvint. Likevel må sjølvsagt desse kleda brukast innimellom - av heilt nostalgiske årsaker! Her er den fine dama vår i ei passe retro sparkebukse i dei heilt tidsriktige fargane. Det nedste bilete er av mora og den like store bamsen hennar. Begge ikledd sparekbukser for anledninga.


lørdag 21. mai 2011

Dette er Sigrid



Sigrid vart fødd måndag 9. mai. og ho er sjølvsagt eit vakkert lite vidunder (men ho er nok òg grunnen til lite blogging i det siste sidan mora ikkje er så flink til multitasking)! :-)

fredag 15. april 2011

Hentesett

No når permisjonen har starta tenkte eg det var greitt å pakke fødebagen. Oppi den fekk eg plass til den mjuke, fluffy, rosa morgonkåpa mi. Og det var igrunn det eg fekk plass til der! Då vi var på omvising vart vi nemleg råda om å berre pakke ein liten bag sidan det var avgrensa med plass på både barsel-avdelinga og på sjukehus-hotellet. Skjønar difor ikkje heilt korleis eg skal få med meg alt anna av klede, toalettsaker, lesestoff, fotoapperat og gjerne musikk (og kanskje til og med ei lita sjampanje-flaske på toppen?)... Uansett, den komande minien vår har difor fått sin eigen lille bag; ein snerten liten "Den vesle bjørnen og den vesle tigeren"-bag. Oppi der har eg pakka eit hentesett, ein body, ein pysj og eit babyteppe i ull. Treng ein nyfødd noko meir tru?

Av hentesett hadde vi opptil fleire val, både av nytt, gamalt og arva. Det rosa settet i mjuk fløyel er heilt nytt og er ei gåve frå besteforeldre på Lillehammer. Den lilla jakka med tilhøyrande hue og sokkar vart strikka av ho mor då nevøen min kom til verda i 2009. Den nydelege lyseblå jakka, hua og den kvite bomulls-skjorta vart strikka og sydd av ho mor då ho gjekk på barneskulen på 50-talet. Og til sist; det gule settet, beståande av jakke, bukse, hue og sokkar, som òg er strikka av ho mor, er det same som både eg og syster mi var ikledd då vi drog heim frå Haukeland sjukehus for 32 og 34 år sidan. Tenk at eg snart kan kle mi eiga dotter i dei same kleda som eg sjølv vart henta heim i for over 30 år sidan!

torsdag 24. mars 2011

Babytepper

Babytepper kan ein visstnok ikkje få nok av, og vi har difor alt skaffa oss tre herlege, mjuke babytepper i ull, til bruk i både seng, vogge og vogn, og elles der den vesle måtte ha behov for å ha noko varmt og mjukt å anten liggje på eller tullast inn i.



Det kremkvite teppet er strikka av ei venninne av den komande farmora på Lillehammer, og er laga av alpakka-ull. Det lavdendel-farga teppet i midten er laga av merino-garn frå Nøstebarn og er strikka av den komande mormora, medan det muldvarp-farga teppet frå LilleLam var noko av det aller første vi kjøpte oss då vi fann ut at vi skulle ha barn, og er kjøpt på Steen & Strøm. Når mi venninne, Ellen, kjem tilbake frå opphaldet sitt i Los Angeles får vi dessutan ytterlegare eit baby-teppe; eit vogn-teppe som ho heklar på i ledige stunder. Gler meg stort til å få både venninne og babyteppe heim til Oslo!

søndag 20. mars 2011

Nytt, lyst soverom

Sidan vi snart blir tre her på Tøyen var det på tide å gjere noko med soverommet vårt for å få betre plass til barneseng, samt litt ekstra oppbevaringsplass (til dei enorme mengdene med ustyr som ein liten baby treng!). Samstundes målte vi veggane og kjøpte oss ny kommode pluss ei ny lystett rullegardin. Elles er rommet møblert med både gamalt og arva; skittentøyskorga er frå Fretex, medan senga er foreldra mine si gamle 70-talsseng. Sengeteppet har eg hatt sidan eg var lita og er hekla av ei eldre dame som ofte var på besøk hos oss.




Kjolene frå då eg sjølv var lita, heng klar på den nye, fine "Hang it all"-knaggen vår!

søndag 20. februar 2011

Kul stelleveske i retro-stil

I dag har vi gått til det store steget og kjøpt oss barnevogn! Valet fall på Emmaljunga City Cross, svart og med 4 hjul. Fin! Men, nok om den. Det følgde nemlig ikkje med stelleveske, så då måtte eg "diverre" handle meg ei stelleveske ein anna plass. Gjennom nettbutikken Lilleprinsen kjøpte eg difor ei stelleveske frå Lin & Leo. Stelleveska er i skinn - mogleg det er upraktisk i vær og vind, men den er jo så fiiin! Og viktigast av alt; den kan brukast som vanleg veske/bag når den ikkje lenger vil ha funksjon som stelleveske.

Inni er det polkadott-mønstra fôr, fleire lommer og ei eiga stellematte. Gler meg til å ta den i bruk!


Begge foto er frå: www.lilleprinsen.no

fredag 21. januar 2011

Vinn vognpose frå LilleLille hos Anna Johanna

Sidan to på Tøyen blir til tre på Tøyen i slutten av april, har vi så vidt byrja å orientere oss litt i den store vide babyutstyrs-verda. Fint lite er førebels innkjøpt, iallfall av dei litt større tinga som vogn, stellebord, seng, vogge o.l. Ein god og varm vognpose står òg på den lange, lange innkjøpslista vår, men eg har likevel forsøkt lukka hos Anna Johanna som loddar ut ein superfin vognpose frå LilleLille. Vognposen heiter Lillesommer og er ein lettare ull-pose som eg vil tru passar perfekt for eit lite vesen som kjem til verda når det byrjar å våres, i tillegg har den eit veldig kult design. Prøv gjerne lukka du òg!