Viser innlegg med etiketten Vårteikn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vårteikn. Vis alle innlegg
1. mai 2012
Vår i Botanisk hage
Det er særleg fint å vera i Botanisk hage når det er sol og vår. Men alt i alt er Botanisk hage bra uansett årstid. Fordi det ligg midt i trafikken, men samstundes på ein annan planet. Sola skin sterkare, fuglane kvitrar høgare, graset er grønare, blomane er meir påtrengjande, og guten blir endå meir lortåt enn på utsida.
PS: Hurra for 1. mai! Guten hadde raudstrømpene på i høve dagen.
2. mars 2012
Eit sikkert vårteikn
Når syklane kjem ut, er det vår! Juhu! Vi er så heldige at vi har arva ein finfin trehjulssykkel. Dvs. poden er heldig. Her om dagen fekk han prøva sykkelen for første gong, og det var suksess. Han er heilt vill etter sykkelen! (... sjølv om han ikkje når heilt ned til trødene enno.)
I dag tiiidleg, medan han enno berre hadde bleia på, ville han ut og sykla. Han skubba stolen sin bort til verandadøra, klatra opp og ropte denn! denn! medan han peika iherdig mot sykkelen som stod parkert der ute. Han fekk etter kvart på seg klede, åt frukost og var ute og (liksom-)sykla på grusen før kl. 9. Eg ser føre meg korleis det blir den dagen han når ned til trødene ...
31. mai 2011
For eitt år sidan ...
... sat eg ute på verandaen med stor mage og arbeidde. Voksduken var gul og ny, og blomane blømde.
Status eitt år etter: Det er regn, surt og kaldt, og verandaen har enno ikkje blitt brukt. Den gule voksduken har blitt heilt lys etter å ha hengt ute heile vinteren, blomane har tørka inn for lengst, og ingen nye er enno planta ut. Den store magen har blitt erstatta av ein liten fining som pilar rundt i kåken (inga dum erstatning).
No kryssar eg fingrane for sol, slik at eg kan shaina verandaen. Eg skal starta med å plassera den vesle finingen i badebaljen der det er mest lort og rusk og la han herja i vatnet i velkjend stil. Og vips har eg godluktande og reint verandagolv. Det er i alle fall ein start.

3. april 2010
Biletkavalkade: nordmørspåske
Det brenn i kinna etter at eg har vore nokre timar ute i sola. Og slik har det stort sett vore heilt sidan eg kom til Mjosundet på påskeferie. Og eg klagar ikkje!
Det er meldt sol og finvêr framover, vi skal vera her i endå nokre dagar til, og eg er i gang med nytt strikkeprosjekt! Jippi!
På veg til Bugasætra. Det var ikkje noko særleg å gå i våt snø, så eg har berre gått éin gong.
Eg føretrekkjer å gå på tørr asfalt. Her ser vi barndomsheimen til pappa.
Og mamma som skal levera hermetikk til attvinning.
Dette er uvanleg mykje snø til å vera så seint på året. Heldigvis har pappa brøytt veg.
Appelsin på tur.
Typisk syn på bygda: nedlagd skule. Nærare sagt Giset skule. Eg hadde ikkje vore der på år og dag då vi gjekk oss ein tur dit, og det var skikkeleg snålt å vera der att. Her gjekk eg på barneskulen (1982–1988). Eg trur skulen blei nedlagd tidleg på 90-talet. Utedoen til høgre blei nedlagd endå tidlegare. Vi kalla doen for skottet, og eg hugsar det m.a. blei brukt til kyss, klapp og klem.
Utsikta frå skulen kan ein ikkje klaga på. Her ser vi Mjosundet og Mjosundbrua.
Og garden som bestemor mi var frå.
Bakels (eller vaflar, som somme seier) er obligatorisk når eg er heime på ferie.
Det er også obligatorisk at eitt eller anna skal feirast med kake når eg er heime. Denne gongen var det 40-årsdagen til gubben som var grunn til kakebakinga.
Modern times.
Byfolk som prøver fisken (blei ikkje napp).
Byfolk som les avisa i sola.
Det er meldt sol og finvêr framover, vi skal vera her i endå nokre dagar til, og eg er i gang med nytt strikkeprosjekt! Jippi!
28. mars 2010
8. april 2009
29. mars 2009
Vårteikn i heimen
19. mars 2009
Vårteikn i hovudstaden!
16. januar 2009
Økodraum
- Øyredobbar i sølv frå Annette Ferdinandsen
- Godt brukt bukse frå 7 for all Mankind
- Solbriller frå iWood ecodesign
- Skjerf (eg har eit så å seia identisk eitt frå økoserien til H&M) frå Organic
- Kvit topp frå New Look
- Gråmelert topp frå økoserien til H&M for våren 2009. Denne må eg nok ha!
- Veske frå H&M som var så kvit og keisam at eg splætta på nokre fine, gule lauv.
- I veska har eg økopærejuice, økosnacks og eple!
Etikettar:
Jåleri,
Ragnhild drøymer,
Ragnhild vil ha,
Vårteikn
13. mai 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)