Viser innlegg med etiketten sommar2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar2013. Vis alle innlegg
mandag 26. august 2013
fredag 16. august 2013
Hamstrar på seinsommaren.
Nå er me så heldige at me kan hausta alt det gode |
-dette er noko eg synes blir berre meir og meir verdifult etter som åra kjem |
-den blit svart, og eg er svært nøgd- |
Også er det blitt laga ripsgele, hamstrar rett og slett på seinsommaren. Hamstrar du på seinsommaren? |
Etiketter:
sommar2013
onsdag 14. august 2013
mandag 12. august 2013
Fjellet gjer oss godt.
Ho står så god ho Anna Margrete. Her på høgfjellet. |
I helgo hadde me ein veldig veldig fin tur i lag med gode venner, opp på hytta som høyrer til garden her. |
Desse imponerar meg, over uendelege mange lette hopp over uendeleg mange steinar og bergknausar. |
Når ein er heime i hytta kan ein sigarett og raudvin i kaffikopp smake svært godt. |
Nora gjor ein ekstra innsats for at hyggen inne skulle bli større. |
God kvile på varmt fejll. |
Ein favoritt. |
Å gå i og inn i dette. |
Å kjenne at ein er høgare. Fjellet gjer oss godt. I morgon startar kvardagen for fullt her på garden. Er du komen i kvardagmodus? |
Etiketter:
sommar2013,
venskap
onsdag 7. august 2013
Her på garden har me ein kiosk.
Her på garden har me ein kiosk, den er open når eigaren kjenner for det. |
Dette er eigaren. I går blei det litt ekstra travelt, for selgaren var svært opptatt av varene ho hadde til sal. |
Då er det jo greitt å ha ei søskenbarn som lett hjelper til. Også han likar nysteikte vafler og varme boller. |
Salet går unna |
..drikke pause må jo til |
Me er inne i den siste fri veka, ekstra stas er det nå desse to gutane kryssar fjorden og besøkar oss. |
Me gler oss til hausten, det er mykje spennande og fint i vente. Gler du deg til hausten? |
Etiketter:
famile,
sommar2013
mandag 5. august 2013
Kva tenkje du om å gi namn vidare?
Det er når me er hos mi besto me drikk den ferskaste mjelko, rett frå tanken i bøtte. Det er stas. Besto heiter Bjørg, me synes ho er verdas beste. |
Besto som blir Anna Margrete si oldebesto, bur på gard med mykje dyr. Garden me bur på har mykje frukt. Så ulik drift, men allikevel så mykje til felles. Det er ein livstil. Traktor er kult. |
Det er fint travelt å vera hos oldebesto, så mange dyr som treng kos og mat. -Anna Margrete tek oppgåvo svært alvorleg. |
På så fine sommardagar som dette, drikk me kaffi med mjelk i solveggen. Eplesafta er frå garden vår. |
For oss som i kvardagen lever tett med fjellet, gjer dette opne landskapet svært godt. |
Denne fine jakka er det fasto til Anna Margrete som har stikka, så fine fargar, så mykje i bruk. |
Beste Anna Margrete. Kva tenkje du om å gi namn vidare? |
Etiketter:
famile,
kjærleik,
sommar2013
søndag 4. august 2013
To favorittar.
Dette er nok to av mine favoritt bilete frå sommaren. Det er noko som er magisk over å oppleve, så mykje omtanke og varme. -at det er så tydeleg, at det lar seg komme inn i fotografiet. |
Etiketter:
famile,
Fotografering,
sommar2013
fredag 2. august 2013
Folgefonn husflidslag er i gong med eit veldig fint prosjekt.
Dette dukketeppet har blitt til i løpet av juli. Det er hekla i bomullsgarn kjøpt på spar kjøp. Har du gode tips til oppskrifter på strikk til babyborn dukker på nett? |
Etiketter:
Folgefonn husflidslag,
sommar2013
torsdag 25. juli 2013
Å veta at det er dette som er sommar.
Det gjer så godt for små og store kroppar, å vakne opp dag etter dag og det er ferie og god tid. |
Etiketter:
sommar2013
onsdag 24. juli 2013
Det er sommardagar med stor sol.
Det er sommardagar med stor sol, det er lite kler, fjordbad og mykje tid. -denne varmen gjer så godt, å kjenne korleis det er å bli varma opp av sola- God sommar kjære du. |
Etiketter:
famile,
kjærleik,
sommar2013
fredag 28. juni 2013
Barnehagegruppa kjem på besøk.
Tidlegare i sommar inviterte me gruppa i barnehagen som Anna Margrete går i heim til oss. Me serverte epledrikk i små fine glas, måla på steinar som me fann og baka pizza ute og steikte den i grillen. |
Pizza blei stor suksess, har fekk alle velga frå små skåler kva ein ynskja å ha på den. Mange gjekk for pizza margarita. Ein klassikar, ein slager rundt dette bordet med finingar. |
Det var så kjekt, og så travelt å visa fram alt som måtte visas fram. Besøket reiste og det var ikkje anna å gjera enn å ta seg ein kvil. Veldig kjekt og god opplevelse. Som anbefalast på det varmaste. |
Etiketter:
sommar2013
Abonner på:
Innlegg (Atom)