Viser innlegg med etiketten besto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten besto. Vis alle innlegg

søndag 5. juni 2011

*spring ut i blå morgonkåpe, til blomane*

Anna likar å bla, ho bler i bøkene sine oppatt og oppatt.
Ho ser på så mus,
høns,
gutar og jenter
som spring fort forbi ettersom ho blar,
ho bler svært fort.
Me er her ankomen Anna si oldebesto, mi besto.
Huset er kvit og det ligg i ein sving.
Me er på ei øy.
Anna et 1,5 komla,
i stolen og kjolen
som for tilhøyre min barndom.
Det er så mange typar varme i dette huset her.
og frukost ca 08.00.
Me ventar på kvarandre.
Og tinga heng der,
som vanleg,
der dei høyrer til.
Spring ut i blå morgonkåpe, til blomane.
-før fukost
-for frukosten smakar betre då.
Altså med blomar på bordet.
og verdas beste mjelk.
Kald og rett frå tanken.
-og besto
og tanta med den finaste latter.
forsetjing kjem..



Det varmar med så mange nye følgarar!
Velkomen!!

onsdag 12. mai 2010

*9*

Besto mi:

eg tenkjer mykje på besto mi desse dagane
ho har ni barn og 27 barnebarn og 11 oldebarn
tenkjer på alt ho har venta på sine sju jenter og to gutar
ho bur på gard, eg bur på gard
Me ventar her i Sørfjorden og besto ventar i lag med oss frå øya si på sitt 12 oldebarn.
Eg gler meg til stolt visa fram knøttet til den fina fina besto mi.