Viser innlegg med etiketten Ski / Skiing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ski / Skiing. Vis alle innlegg

lørdag 26. april 2014

Husvære til leige !



Ynskjer du å leige det eine husvære vårt på åremål,
har du sjansen no !
Husvære i 2.etg er klart til innflytting og ventar på
nokon kjekke leigetakarar :)

mandag 14. januar 2013

Sjølv om me har stengt butikken og kafeen vår i januar,
så er det likevel mogeleg å leige husværa våre !
På slike flotte vinterdagar som me har no,
er det berre eit kvarter å køyre til næraste slalombakke,
og endå kortare til ei langrennsløype eller fjelltopp, om du vil.
Og hugs, husværa er godt isolerte og har varme i golvet... ;)
Sjå meir info og prisar her !


Velkomen til Patina i vinter :)
( Bildet er frå i fjor, fekk dessverre ikkje til å laste opp nye bilder her idag... )

onsdag 2. januar 2013


Ifrå Patina kan ein gå
ein fin runde, via denne
litt spesielle "rasteplassen".
Midt oppi skogen står denne
benken og bordet med utsyn
over store delar av
fine Evanger.
No i jola var det eit
vakkert skue med
mykje snø på
alle kantar:)

Kanskje eit av dine
nyttårsforsett er å gå
meir på tur?

Iallefall ingen
dum idè:))

Hugs at Patina har
stengt heile
januar månad!

Ha ein flott dag:)))

mandag 5. november 2012

Jolehelg på Evanger ?


Ynskjer du å reise vekk i jola, men manglar ei hytte å reise til ?
Då kan me tilby flotte husvære her på Evanger !
Ein herleg pynta leilighet, med joletre frå eigen skog, som de kan få pynte sjølve om ynskjeleg. Ingen tv, men garantert jolestemning med stearinljos og brettspel.
På jolaftan vert jola ringt inn med gustjeneste i Evanger kyrkje, eit steinkast unna, og til middag kan me bestille det beste pinnakjøt, eldhusrøykt frå Evanger,
som de sjølvsagt må tilberede sjølve.
På Evanger er det fint å rusle ein tur i nærområdet,
eller kanskje ta seg ein skitur, om snøen dalar ned...
 

Her er 9 sengeplassar i den største leiligheten og 4 i den minste, så tilbodet passar for 1-3 familier.
Me syter for at alt du treng av kjøkkentøy, dukar, serviettar og ljos er på plass og sengene er ferdig oppreidd.
Me ynskjer å leggje til rette for at dykk som gjester skal få ei koseleg og minnerik jolefeiring.
Send oss ein mail og fortel kva du ynskjer,
så gjev me deg eit jole-tilbod.
Sjå bileter frå husvære her.



søndag 1. april 2012

God påske

 
Patinadamene ynskjer
alle ein strålande 
påske...
Hekle, strikke, lese,
og gå på ski..
Ei av damene skal 
iallefall til 
fjells:)


Hugs, stengt denne veka!


Klem frå oss:)

søndag 15. januar 2012

Ein flott dag her
vest, med litt duskregn..
Nydeleg i skogen uansett,
og so godt å koma inn
att etterpå med ein
kropp som har vore i 
bruk!!
Håpar du òg har
hatt ein fin 
søndag:))


Me samlar
inspirasjon til
nytt Patinaår!


God veke
folkens!!
Klem:)

torsdag 5. januar 2012

Ski NM 2012 Voss

Skal du, eller tenkjer du på, å reise til Voss og få med deg årets Ski NM? Me trur det vert eit knall bra arrangement! Manglar du overnatting, seier du? Då kan me hjelpe deg, for me har framleis senger ledig! Berre send mail eller ring:-)

onsdag 7. desember 2011

Vinteren er komen!

Det er så deilig med snø og sol! Og om ein i tillegg har fri, då.... I dag går me på ski og i morgon er me på Patina:-) Velkomen innom!

tirsdag 22. november 2011

Ski-NM på Voss ?


Eit bilete av Patinanistene
servert til kunstnarane i helga.
Kjekke folk og god stemning !

Eit lite tips om du er tenkt deg på
Ski-NM
på Voss i slutten av januar,
eller veit du om andre som skal,
som ikkje har ordna seg overnatting ?
Me har framleis ledig i våre flotte husvære.
Nært både tog og buss,
og berre ein halv time til skiarenaen.
Løp og kjøp, seier me berre ;)