
Sjølv om oppussing og oppdatering av huset går noko seint i desse dagar,
prøver eg likevel å omgje meg med trivelege ting.
(Med verdas mest upraktiske kjøkkenløysing og slitent golvbelegg frå 70-talet i heile huset er det diverre begrensa kor koseleg det vert, men ein må jo prøve...) Oppå kjøleskåpet
(også slitent og frå 70-talet!) plasserer eg tidvis nokre av skattane mine.
Akkurat no er eg i det nostalgiske hjørnet og bunadsjentene på askjetten frå Figgjo, den 50-tals kakeboksen og dropsboksen frå Erle Drops har fått kome fram i ljoset.
Eg trur dei likar seg der!
Fine nostalgiske ting. Ynskjer deg ein fin dag ! :)
SvarSlettÅåå...sånt fat med bunadsjentene har mamma på kjøkkenet:-) Koooselig! Hilsen Heidi:-)
SvarSlett