Det satt langt inne å klyppa i eit ullpledd - aner ikkje kvifor - når det vart så kjekt å sy og laga seg ei god og lun jakka??! Lappen med vaskeanvisning, kom i eine lommen. Takk til Ingrid Vik Lysne, for inspirasjon og fin manual for oppgava!
Fekk ikkje nok til belte, så eg laga ein spendel. Men, lommar måtte eg prioitera!! Så lagde eg ei stor løkke til ein lang knapp. Samt krage, istaden for hetta. Jakka, tok eg i bruk straks! Kan varmt anbefala å sy ei slik!!
Eg har strikka meg ein vest - som er eit must i motebilete for tida. Denna er strikka etter nye boka til Tine Solheim. Liknar svært mykje på Jannecke-genser i frå # bystrikk.
Mixa to garntypar frå Adlibris - det vart mykje meir "hald" i garnet Alpaca Tweed - med støtte frå strømpegarnet. AT, er litt flatt av seg og tover svært fort. Så her må vaskast varsamt. Min vest blei i str. M eller..... L, trur eg --- ?? Gjekk opp litt i pinnestr.
Ein rest Arwetta, vart til pulsvanter. Hekla på frihand!
Detta blir eit år, der eg bruker garn frå lager, samt rester. Så her er Babygarn frå Dale, nytta til hals og lue frå Klompelompe.
Olinelue!
Romjul og rolege dagar.... då kosar eg meg med slike arbeid som å kreera dukker. Denna er same oppskrift som Susie (NinaHookCreations) Eg får ikkje til så fine uttrykk, men trenar på det.
Dobbelt garn, gjorde at tøflane her vart smale og tjukke.
Lenge tenkt å testa OneCall - sitt mønster. Fekk mønsteret på e-post. Genser og sokkar, om du husker??) Eg ville laga ei lua - til Norgesvottane i forrige blogg. Derfor blå lus, istaden for svarte.
Sokkar i garn frå Stulen Strikk. Det er så monge fine fargar i garnet, derifrå. Detta garnet var i ein Lykkepakke, eg tinga meg rett før Jul. Sokkane laga eg etter eige "forgodtbefinnande"