Viser innlegg med etiketten Strikketips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikketips. Vis alle innlegg

mandag 1. desember 2014

Garnshopping i Washington DC

I november klarte eg å skvise inn ei ferieveke, og fekk ein litt sein haustferie. Saman med ei god venninne reiste vi på shoppingtur til Washington DC og NY. Klart måtte eg på garnbutikk! I NY har eg vore på garnsafari før (du kan lese om det her), så fokuset var denne gong på Washington. Eg hadde sett meg ut ein garnbutikk av den enkle grunn at dei solgte garnet til Quince & Co. Dette garnet har sverma rundt på instagram, og eg måtte berre få kjøpt litt av dette. Dei har aldeles nydelige farger, og garnet kjenner veldig godt ut! 

Garnbutikken eg fann som hadde dette garnet heiter Looped Yarn Works. Og for ein koselig butikk! Den var å finne på 1732 Connecticut Ave i 2. etasje. Du ser den frå utsida, og det stod også ute skilt. 
Det kan vera verdt å merke seg at dei held stengt på mandagar, men åpent på søndagar.



Heile denne hylla var garn frå Quince & Co! Dei hadde fleire kvaliteter og eg var godt fornøgd! Det var ikke alle fargane eg hadde sett meg ut dei hadde, men eg fant mange fine fargar likevel! 




Sidan dei har så mange fine fargar og nyansar enn dei garnprodusentene eg vanligvis kjøper garn frå, prøvde eg denne gong å velge litt fargar som var litt "ulikt" meg. Og det syns eg at eg klarte bra! Eg har nylig innsett at gult er ein undervurdert farge, spesielt til baby. Derfor kjøpar eg alltid gult når eg finn ein fin farge. Forhåpentligvis blir det mykje gult framover. Kjenner eg gler meg veldig til å prøve ut garnet!


Garnkvalitetane eg kjøpte meg var; Tern, Finch og Chickadee. 

Eg kjøpte så mykje at eg fekk med gratis tøypose...

Fargane kjem ikkje heilt riktig fram på bilete, men fine er dei!
Det blei litt garn kan du sei...


Her er litt meit detaljert info om garnet. Fargane blir remset opp frå venstre:

Tern: 1. Backbay 2. Prout's Neck 3. Buoy 4. Terra Cotta 5. Dusk

Finch: 1. Sorbet 2. Bird's Egg


Chickadee: 1. Bird's Egg 2. Belize 3. Egret 4. Goldfinch 5. Lichen

Kofferten blei full etter dette besøket, så det blei ikkje fleire garnbutikkar denne gong...











torsdag 16. oktober 2014

Garnsafari i København

I sommar var eg ein tur i København, og som alltid når eg er på storbytur sjekkar eg korleis det er med strikkebutikkar rundt om (tips knitmap.com). Eg fekk også tips frå brukarar på instagram. Ut ifrå dette fann eg min topp 3 butikkar eg ville besøke.

Første mann ut var Rasmilla. Butikken ligger på Amager, men er berre ein kort tur med t-banen frå sentrum. Eg tok banen frå Kongens Nytorv og gikk av etter 2 stopp. Då er det berre ca 10 min å gå til butikken, som ligger i ei rolig sidegate. Butikken var veldig koselig og hadde mykje fint garn! Og ikkje minst billig. Hadde det ikke vore for at eg hadde et reisefølge å ta hensyn til, kunne eg nok blitt der ein time eller to!

Rasmilla Garn & Strik

Ein fin "liten" pose fikk vera med heim!

Neste stopp var Sommerfuglen som ligger midt i sentrum. Denne fall ikkje like godt i smak hos meg. Dei hadde i grunn eit godt utval med garn, men det var ikkje så mykje garn som eg villa ha strikka med. Men eg fekk likevel med meg eit (veldig dyrt) hespe med garn. 

Sommerfuglen

Nøstet som fekk bli med heim pga den nydelige grønfargen!

Siste stopp rett før vi skulle fra heim var Tusindfryd. Eg hadde sjekka denne ut på nettet og det såg ut som ein veldig koselig butikk med fint garn, så eg gleda meg veldig. Men den gleden skulle vise seg å vera kortvarig, ettersom dei hadde sommerstengt! I ettertid fann eg ein notis om dette på heimesida deira, men dei hadde ikkje endra dette på "åpningstider", så eg fekk meg ein bomtur...Likevel fekk eg tatt nokon snikbileter mens eg var der. Denne skal i besøkast neste gong eg er i København! 




Eg vil sei at Rasmilla var min yndlingsbutikk i København, og hadde berre Tusindfryd vore åpen vil eg tru den hadde vore nr 2!



mandag 6. januar 2014

This is knit

Før jul var eg med kjærasten til Irland, der me var nokre dagar i Dublin blant anna. Som alltid når vi skal til større byar hadde eg søkt på forhånd om det var nokon bra strikkebutikkar. Eg fann ein som såg lovande ut; "This is knit", og kryssa fingrane for at eg skulle finne den. Og tilfeldigvis så fann eg denne plutselig inne på eit lite kjøpesenter. Det var ein veldig koselig butikk i grunn! Og for ein gong skyld så hadde dei Knit Pro-pinnar, min favoritt! Det er ikkje så ofte eg finn desse når eg er i utlandet, men blir like glad kvar gong! Det er jo mykje kjekkare å kjøpe desse når du får dei billigare enn i Noreg! Eg hamstra inn med pinnar og kjøpte også litt til venninner osv. 

This is knit

Kjempesøtt skilt

Mykje garnutvalg!

Meir garn

I overetasjen var det bøker og hefter
 Sjølv om det kun var strikkepinnar eg gjekk ut derfra med, så var det også eit godt utvalg av garn der. Personale vare også superhjelpsomme. Kan anbefale på det varmaste alle strikkerar som skal til Dublin om å ta turen innom hit! Den ligg midt i sentrum!

Eg måtte også sjølvsagt sjå etter strikkebøker når kjærasten ville inn på bokbutikk, veit jo aldri om ein kan finne noko bra!

Eg fann denne og syns den var veldig morsom! Men den fekk dessverre ikkje bli med heim! Perfekt gåve til ei venninne som har lyst å lera seg å strikke.


Likevel fann eg to bøker som var så heldige å få bli med meg heim i kofferten:


"Lullaby Knits" og "Baby Booties and Socks". Den fyrste boka har eg høyrt mykje om, både på godt og vondt, så det blir spennande å sjå om eg får strikka noko frå den. Bok nummer to hadde eg ikkje høyt om før, men det var veldig mange fine babysokker inni den! 

Eg syns fangsten i Dublin blei bra, sjølv om det ikkje blei så mykje shopping utanom dette! 


torsdag 13. juni 2013

Strikkeapp!

Det fins jo ein app for alt, og eg fann denne strikkeappen:

Appen "Knit"
Denne var kjempegenial når du strikkar ting som du må telle og holde tunga rett i munn. Du kan både telle rader og masker, og ved fletting kan du legge inn intervaller når du f.eks. skal flette kvar 6 rad osv. Check it out!

lørdag 13. oktober 2012

Strikkelykke #2

For alle som ikkje har fått det med seg: PICKLES HAR KOMT MED NY BOK!!! Denne har eg venta lenge på, gleda meg, venta, gleda meg, venta. Men nå er ho her! Lucky me hadde eit gåvekort liggande frå Pickles, så nå er boka bestilt! :) Kan nesten ikkje vente til ho kjem i postkassa!

Ny bok; JIPPI!
 Og best av alt, har dykk sett ALLE dei fine oppskriftene som er med i boka? Så og sei alle oppskriftene eg har hatt lyst til å strikke i det siste er med, jippi! 

Denne helga er det "fiks-ting-i-leiligheten-helg", så det skal henges opp lamper og bilder etc. Men innimellom slaga så har eg også "gjør-ferdig-strikkeprosjekter-som-har-ligget-lenge-helg". Så det blir også strikka ferdig, montert og festa knappar på. Så nå byrjar det å bli ein fin liten haug med ting å vise fram på bloggen :)

God strikking!

mandag 7. mai 2012

Korleis strikke Daisy-strikk?

Som lova kjem eit innlegg om korleis ein strikkar Daisy-strikk. Det er ikkje vanskelig når du fyrst får taket på det, og det gir ein kjempefin effekt! Eg har strikka denne vesten og denne jakka med daisy-strikk :)

Kort fortalt så strikkar du 3 masker vrangt saman, utan å sleppe dei av pinnen tar du eit kast, og strikkar så vrangt saman dei same 3 maskene igjen. Nå slepp du dei av pinnen. Strikk ei maske rett, og start på ny (det skal alltid vera ei rett maske mellom daisyane) Dette skal eg prøve å demonstrere i bileter :P 

Slik gjer du det:

Fyst strikkar du ein omgong rett. Neste omgong (frå baksida) strikk ei maske rett, så skal du starte på daisyen:
Strikk saman 3 masker vrangt, men IKKJE slepp dei av pinnen. 
(du tar pinnen gjennom 3 masker fra høgre mot venstre) 

Hent tråden, og få den gjennom alle 3 maskene, men husk at du ikkje skal ta maskene av pinnen.

3 masker strikka saman vrangt, men behold dei på pinnen.

Lag eit kast rundt heile pinnen.

Strikk så dei same 3 maskene saman vrangt.
Husk å ta pinnen under kastet (tråden vil då ligge oppå venstre pinne, sjå bilete), 
slik at kaste forblir på pinnen og ikkje dett av.

Du vil nå ha 3 nye masker på høgre pinne, og du kan nå sleppe av maskene på venstre pinne.

Det er viktig at maskene ligg i den rekkefølga som du laga dei. 
Eller så får du ikkje fram den fine effekten. 

Strikk ein omgong rett, og effekten vil kome fram!

Etter ein omgong rett er det ny rad med daisy. Men denne gongen skal du forskyve dei litt. Strikk da 3 masker før du startar på fyrste daisyen, slik at dei nye daisyane kjem mellom daisyane på rada nedanfor (det skal fortsatt vera 1 maske mellom kvar daisy ut pinnen). Neste omgang med daisy gjer du som opprinnelig (1 maske rett, så daisy)

Om du skal strikke med fleire fargar skiftar du farge etter rada med daisy. Dvs. at du skiftar farge når du skal strikke ein omgong rett etter daisyane :)

Viss du fortsatt ikkje forstår korleis du strikkar daisy, kan du ta ein titt på denne videoen til Pickles:

mandag 5. desember 2011

Korleis strikke inn ein tråd?

f.eks på tommelen til ein vott :P

Denne metoden har eg nettopp lært meg, men det visar seg at denne er forholdsvis vanleg å bruke og at det er min gamle metode som heller er litt uvanleg :P Slik går det når du må lera deg slike ting sjølv :P Men det er sikkert andre enn meg som ikkje kan denne metoden, derfor tenkte eg å vise den i korte trekk her. Den er faktisk ganske lett :)

  • Strikk fram til der du normalt vil sette av masker på ein tråd, dvs. når du er ferdig med tommelkilen. Ta så ein trådstump (her rosa) og strikk over dei maskene som skal settast bort til tommelen.

Her er det strikka over dei maskene som er til tommelen med rosa tråd.

  • Ta så maskene over på pinnen til venstre, slik at du kan strikke over dei igjen (som vist på bilete)

Her er maskene ført tilbake til den fyrste pinnen,
slik at dei er klare til å bli strikka over ein gong til.
  • Strikk så over maskene på vanleg vis, med dei trådane du har brukt heile tida. Hugs å følgje mønsteret :)

Det er nå strikka over maskene to gonger.

Her er tråden ferdig strikka inn.

  • Nå er det berre å strikke ferdig votten. Når votten er ferdig strikkar du tommelen. Du kan forsåvidt gjere dette før, men eg foretrekk å gjera det til slutt :) Du skal nå fiske opp maskene som er på tråden. Eit smart triks her (som eg ikkje gjorde på den fyrste tommelen min!) er å plukke opp maskene før ein drar ut tråden. Dei nedre maskene er nokså enkle å få innpå pinnen. Dei øvre maskene har eg plukka opp med å ta den fyrste tråden i "v'en" liksom bortover, slik at ein til slutt har lika mange masker på begge pinnane. Når dette er gjort er det berre å dra ut tråden.

Nå er det berre til å dra ut tråden :)

  • Det vil nok vera oppgitt i oppskrifta kor mange masker du skal ha. Det skal som regel vera meir enn kun desse maskene som du nå har tatt opp. Typisk skal du strikke opp ei maske i kvar side. Dette vil unngå at du får hol. Om det likevel skulle bli hol her så er det ein løysning på dette! Ta heller opp to masker, men på neste omgang strikkar du desse to saman. Då vil du hindre hol, og du vil fortsatt ha rett antall masker :) Nå er de berre å strikke ferdig tommelen!
God strikking!

    mandag 7. november 2011

    Mønsterstrikk

    Når eg strikker mønsterstrikk har eg som regel aldri kontroll på trådane, men nå har eg lært noko nytt som gjer at ein får mykje jevnare resultat, dette er kanskje noko folk flest veit, men tydlegvis ikkje eg! Eg fann tilpset i bladet Strikkemagasin:



    Strikkeskole

    Tipset var at når du strikka med to trådar skal du holde trådane mellom kvar sin fing, slik som på bilete til venstre, istadenfor begge trådane på ein fing (bilete til høgre), slik eg pleide å gjere :P Tråden skal ligge på same fing heile tida. Enkelt knep, men det gir eit flott og jevnt resultat:

    Mønsteret blir nesten like fint på baksida som på rettsida :) 

    mandag 24. oktober 2011

    Korleis strikke ein selbuvott?

    Endelig. Her kjem innlegget om korleis strikke ein selbuvott :P Eg veit at dette har vore lova lenge, men ting tar tid!

    Mange av dykk kan det å strikke selbuvottar, men til dykk andre som ikkje har våga å begi dykk ut på det ennå, så er kanskje dette innlegget til hjelp :) Det er eigentlig ikkje så vanskelig, men oppskriftene kan ofte vera litt vanskelege å forstå fyrste gong da det ofte blir forutsatt at du veit korleis ting og tang skal gjerast.

    Start med å legge opp masker etter oppskriften.





    Strikk så rundt og rundt etter oppskriften til vrangborden er ferdig


    Ferdig vrangbord! Då skal du starta på sjølve mønsteret

    Dei fyrste omgangane er rett fram, men etter kvart skal du lage ein tommelkile. Det er merka på oppskriften når denne skal påbegynnes. På bilete ser du korleis votten som regel ser ut rett før du skal starte på tommelkilen:

    Når ein skal lage tommelkilen er det så vidt eg veit to måtar å gjere dette på. Det kjem litt an på korleis du vil at han skal sjå ut. Eg pleier å velge den metoden som gjer at den får rette lingjer på sidene (til høgre), men nokon oppskrifter legger opp til at lingjene skal bli "hakkete" (til venstre), se på bilete nedanfor.




    I dette eksempelet visar eg korleis du lagar den til høgre. Strikk bort til og med den svarte maska, dvs. den fargen i ditt tilfelle som "rammar inn" tommelkilen. Ta så opp ein tråd mellom dei to maskene, eg pleier å strikke den vridd for å unngå hull. Dette kan gjerast ved å tre den innpå pinnen vridd (bilete 2) for så å strikke den vanleg. Du har nå øka på den eine sida.

    Strikk så over de neste maskene, t.o.m. maska før den svarte maska(bilete 1). Gjer det same her, ta opp tråden i mellom maskene (bilete 2), og strikk den vridd (bilete 3 og 4).

    Om vil gjere det på den andre måten, slik at lingjene rundt kilen blir "hakkete", gjer du set same, men du øker ei maske før. Dvs. istadenfor å strikke tom. den svarte maska, strikkar du tom. maska før den svarte maska, og økar så ei maske (som du må strikke svart) strikk så over tom. den svarte maska og øk igjen. 




    Fortsett å øke etter mønsteret fram til kilen er ferdig. 
    Ferdig tommelkile.

    Når tommelkilen er ferdig, skal du på neste omgang setter bort desse maskene på f.eks ei sikkerheitsnål, det er oppgitt i oppskrifta kor mange masker som skal settast av.
    Før du strikker vidare må du nå legge opp nye masker. Stort sett skal du legge opp like mange masker som du satt på sikkerheitsnåla, men det kan variere og då står det i oppskrifta. 


    Det er fleire ulike måtar å legge opp nye masker på, inntil nyleg benytta eg denne metoden:


    Du lagar enkelt og greit ei løkka som du trer innpå pinnen og stramma til. Enkelt og greit. Men det er ein ny metode som eg har byrja å bruka i det siste som gir litt finare resultat. Eg har ikkje bilete for å vise denne, men eg har funne ein video som visar ca slik eg gjer det:



    Videoen visar to ulike metodar, begge kan fint brukast, og dei er nokså like dei to metodane eg brukar. Men det er noko liknande metode nr. 2 som eg brukar nå for tida :) Det er også mogleg å strikke inn ein tråd, eg har laga eit innlegg her som forklarer korleis ein gjer det. 

    Slik ser det ut når du har lagt opp masker og strikka eit par omgonger:



     Nå er det berre å fortsette å strikke etter mønsteret, rundt og rundt, til du skal begynne å felle i toppen. Då ser den ca slik ut:


    Når du skal felle skal du gjere dette 4 gonger i løpet av ein omgang, to gonger på framsida og to gonger på baksida. Det som ofte blir finast er om ein lar stripene som går opp langs sidene (forutsatt at votten din har det) fortsette i fellingen. Om du ser på den votten eg visar på bilete her ovanfor har den 3 striper i sida, ei med annakvar kvitt og svart med ei svart stripe på kvar side. I dette tilfellet lar eg den stripa med annakvar svart og kvitt vera slik ho er heilt opp til topp, mens eg fellar på det to svarte stripene, slik at dei på ein måte rammar inn votten. (sjå nedanfor på bilete, litt vanskeleg å forklare). 

    Ettersom du skal felle to gonger på framsida og to gonger på baksida, startar du med framsida. Som regel vil det sei at du må strikke to masker på den fyrste pinnen før du startar å felle, men dette varierer frå oppskrift til oppskrift. Men ser du på bilete 1, strikker du t.o.m. den midterste maska på dei 3 stripene på sida, klar til å felle! Det gjer du med å ta neste maske (den svarte maske i "sidestripene") laust av, for så å strikke ei maske til (i svart), for så å trekke den du tok laust av over den du nettopp strikka. (høgre felling)

    Deretter strikkar du bort over votten til du kjem til neste "stolpe". Då strikkar du to masker saman, den fyrste svarte maska i "stolpen" med maska rett før "stolpen" (venstre felling). Strikk så den midterste maska, før du skal felle igjen på neste svarte maske. Nå skal du felle som likt som du gjorde fyrst (høgre felling). Strikk igjen over til andre sida, og fell med å strikke to saman (venstre felling).


    Det er litt knotete å forklare med ord, det er mye letter å vise det fysisk :P Men her er ein liten oppsummering av fellingen, som kanskje gjer det noko meir oversiktlig:

    Du feller 4 ganger per omgang. Desse 4 fellingane foregår på kvar side av "hovedstolpen" som i mitt eksempel er den som har anna kvar svart og kvit maske langs heile sida på votten. Når du feller skal du alltid strikke same farge som "stolpen" din, slik at du får på ein måte ein kant(stolpe) som får gå langs heile sida og fortsetter skrått heilt til topp (i dette tilfellet svart). Du feller på forskjellige måtar på høgre side og vestere side av votten for få til den fine spissen på votten. Av dei 4 fellingane er to på framsida og to på baksida og det er då fyrste og tredje felling som er høgrefelling, og andre og fjerdefelling som er venstrefelling. Slik fortsetter du kvar omgang (med mindre oppskriften din seier noko anna) til det er typisk 8 masker i gjen før du snørper saman, men dette kan variere fra oppskrift til oppskrift.


    Ferdige selbuvottar :)

    Når du er ferdig med votten og du har snurpa saman, strikk ein til lik, men husk å strikk tommelen på MOTSATT side, slik at du får både ein høgre vott og ein venstre vott :)

    Er dette i det heile tatt forståeleg?
    Er litt vanskeleg å forklare på ein blogg, mykje lettare å visa i røynda, men eg håpar at når dykk held på med ei oppskrift kan dykk bruke dette innlegget som eit supplemang, og kanskje det vil oppklare ting du ikkje forstår i oppskrifta :) Men uansett, gi meg tilbakemelding om du forstår forklaringa, eller om noko fortsatt er uklart, så skal eg prøve å få det meir klart :)