Det er ei stund sidan sist eg skreiv i bloggen no. Byrjar å få hint og spørsmål om eg har slutta å spøte.
Ein og to og ein og to og... Kva skal eg skrive om?
Det er ikkje berre å lage blogg og skrive om laust og fast. Endeleg ferdig med omgangen. I alle fall ikkje for meg. Spøtefastleik er sjølvsagt eit tema å ta opp, for det plagast eg med. Men sånn elles i det daglege tykkjer eg ikkje det er så mykje å skrive om. Sørens tynne tråd. Eg er jo ikkje verdas mest fysisk aktive person.
Storparten av det eg driv med, kan gjerast ved PCen. Og det meste skal ikkje omtalast offentleg. Bortsett frå korps, då. Men eg trur ikkje eg vil skrive så mykje om det heller.
Treffte Hilde på kafé fredag. Fanken, eg gløymde å felle. Kjekt å gå på impulsivt kafébesøk og sleppe å sitje åleine. Nei, nei, nei. Eg er ferdig med vrangborda! No må eg rekkje opp to pinnar. Sukk.
Laurdag var eg inn til Elin ei stund. Det var koseleg og avslappande, til trass for til dels dårleg føre på vegane og stadvise snøkaver. Ni riller, var det så? Vel, då har eg eit stykke att.
Elles så har eg tre sokkespøt og ein gensar på gong no - og eit skjerf, trur eg.
Det eine "sokkespøtet" er bittesmå sokkar tenkt til veslejenta til Asle og Lene. Det er så vanskeleg å spøte med tynn tråd. Eg kjenner den ikkje i venstre handa, for eg har ikkje full førlegheit i fingrane, så eg får ikkje til å halde den godt.
Men tråden må brukast. Når eg no blir ferdig med det vesle sokkeparet, så får eg sjå om det kanskje er enklare å spøte noko litt større av den.
Du skal berre sjå at du blir ein reser å spøte til slutt! Kjekt innlegg, du skriv godt.
SvarSlettTakk for sist! Vi må treffast oftare på kafé.
SvarSlett