Trur det finst like mange sokkelestetypar som det finst sokkelestespøtarar. Og det er rett før det er interessant å pare sokkar som ligg i skuffer og korger.
Kvart eit sokkepar i huset er interessant for tida, og kvar ein lest blir nøye studert. Hovudet er fullt av strømpelestar som verkjer etter å bli spøta.
Dei tjukkesokkane eg har laga til no, er av eit relativt "primitivt" slag. Heretter må eg til med meir avansert utforming av brot, hæl, lest og tå!
Det er nesten frustrerande å måtte lage ferdig det tjukkesokkelesteparet eg held på med, for det neste paret kjem til å sjå sååå mykje betre ut!