Viser innlegg med etiketten Strikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikk. Vis alle innlegg
mandag 12. januar 2015
Rullegenser fra nøstebarn
Dei aller fleste restegarnprosjekt eg har hatt ender som regel i at eg mot slutten ikkje har nok garn likevel og ender opp å kjøpe nytt, og dermed er tilbake akkurat der eg starta..
Men ikkje denne gangen! Og berre det er nok til å bli ekstremt fornøgd med eit restegarnprosjekt. Når genseren i tilegg blir fin og lett og deilig å ha på, (Det virker iallefall slik:)) ender den langt opp på topplista av restegarnprosjekt.
Mønsteret er henta fra Nøstebarnboka, strikk til nøstebarn. Rullegenser.
Ser på bildene her at den vesle lille babyen vår jammen har blitt ei stor jente. Snart er ho eit år. Herlighet så fort det har gått!
Sigrid:)
onsdag 26. mars 2014
Dåpssett
Eg er ferdig med mitt første betalte strikkeoppdrag!:)
Dette er eit dåpssett til eit 18 måneder gamalt barn.
Håper mottakarane blir fornøgd:)
Oppskrifta er henta fra drops design . Likte mønsteret veldig godt:)
Du finn det her
Ønsker alle ein flott onsdag!
tirsdag 4. februar 2014
Lille Agnes i ein deilig alpakkadress
Endelig litt blogging igjen! Har vore stille her ei stund...
Siden sist har det skjedd store ting. Vi har blitt foreldre til ei fantastisk lita jente!
Så herlig å ha ein liten baby i hus igjen! Vi koser oss!
Agnes er ei fredelig lita jente med eit godt sovehjerte:)
Denne dressen strikka eg rett før termin. Og den blei ferdig to dager før Agnes ville ut.
Mønsteret er fra dropsdesign. Og garnet er dropsalpakka.
Veldig deilig dress!
Syns det virker som Agnes trives i dressen og:)
Ønsker alle ein flott dag!
torsdag 19. desember 2013
Blånisseluer
Signe skulle få ein preime her for ei stund sidan og fikk lov til å komme med ønsker til premiegave sjølv. Og det ho ønska seg aller mest var heimestrikka blånisselue!
Det at ungene faktisk ønsker seg heimestrikka ting, syns eg er veldig stas. Ettersom den trenden veldig fort kan snu, må eg nyte det mens eg kan.
Så eg strikka no gledelig ei blånisselue. Og når eg var så godt i gang, blei det ei lue til Eira og.
Syns dei er riktig så søte med blånisseluene sine:)
Ønsker alle ei fortsatt fin førjulstid!
mandag 23. september 2013
Romslig og deilig jakke
Og endelig er eg i gang med blogging etter ein lang og bloggelaus periode, men no trur eg at eg er i gang igjen!
Og tusen takk for kjempekoselige kommentarer på mitt forrige innlegg! Det er så hyggelig!
Denne jakka er strikka etter egen nesten frie fantasi. Må innrømme at eg var litt inspirert av skappeljakka då eg starta på denne jakka.
Garnet eg har brukt er Pickles tweed og drops kidsilk. Flott kombo syns eg!
Det som er eit pluss med denne jakka er at den er veldig romslig. God plass til ein voksende mage:) I januar venter vi vår tredje jente og vi gleder oss masse! Stor stas!
( Bildene her er forresten tatt av min to år gamle datter, syns jammen jo var ganske flink til å ta bilder!:))
Ønsker alle ein flott mandagskveld!
onsdag 4. september 2013
Barselgave til ein liten søt gutt
Ei venninne av meg har akkurat født ein nydelig liten gutt. I den anledning må det jo strikkast:)
Pickles sitt morosett har eg strikka før, og ettersom eg er ein fan av ribbukser blei det eit slikt sett igjen.
Eg blei ganske fornøgd med resultatet, men syns settet virka litt smått til å være størrelse 6-12 måneder.. Kanskje eg plutselig har begynt å strikke veldig stramt.. Hm.. Jaja, trur det skal passe ei stund iallefall:)
God onsdagskveld!
søndag 18. august 2013
Pilgenser fra Pickles
Denne genseren blei sommerens store favoritt. Super genser altså! Og så syns eg fargene er så fine. Gøy å strikke er den og.
Fikk tilogmed en del restegarn. Av dette klarte eg akkurat å strikke ein tøysetopp:) Syns den blei ganske søt.
Håper alle nyter søndagen! Her er det sol, deilig!
lørdag 22. juni 2013
Bomullskjole
Endelig blei denne kjolen ferdig! Det tok si tid..:) Men ettersom resultatet blei bra, er det ikkje så farlig.
Og sjølv om den er strikka i rein bomull, er den faktisk veldig mjuk og deilig. Og veldig bra å ha på i følge Signe.
Eit pluss med denne kjolen er at garnet er fra søstrene grene og veldig billig. Trur alt garnet til denne kjolen kosta ca 75 kroner. Veldig fornøgd med den prisen:)
Håper berre det også er kvalitet på det garnet..:)
Ellers så prver eg å manne meg opp til kveldens store utfordring. Skal springe mila på midnight sun marathon..
Tenk at eg gjer dette heilt frivillig. Utrulig. Pøsregner gjer det og. Jaja, no skal eg berre springe litt, og så skal eg nyte sommerferien til det fulle!
Å, så deilig med ferie!!
fredag 7. juni 2013
Barselgave til ein liten krabat
I dag reiser eg på husmorferie i Trondheim. Der skal eg bl.a. møte ein liten gutt som kom til verden i slutten av mai. Gleder meg veldig:)
Han skal jo sjølvsagt få ein liten gave. Denne gongen har eg prøvd meg på ei oppskrift eg aldri har strikka før. Veksejakke fra Nøstebarn.
I tillegg får han ein arti liten siklesmekke. Er jo viktig å passe på at han ikkje søler på jakka;)
Måtte berre ta eit bilde av blomstene vi plukka på veg heim barnehagen i går. Massevis med markblomster for tida. Er så trivelig!
tirsdag 4. juni 2013
Strikking i mai
Det blei en god del strikking i mai. Turnè og fridager er ypperlig til strikking. Dette er to av prosjekta som faktisk blei ferdigstilt i mai.
En tøysetopp til min nevø som akkurat har fylt to. Oppskrifta til denne er henta fra Pickles
Det andre prosjektet som blei ferdigstilt er denne mariustunikaen til svigermor.
Takk til alle flyreiser som gjorde det mulig å få den ferdig tidsnok:)
Nesten det beste med å bli ferdig med prosjekter, er å endelig kunne begynne nye prosjekter med god samvittighet:)
Så i dag har eg vore på garnshopping og starta på ei hekla sommerjakke til meg sjølv. ( Eg måtte berre kjøpe nytt garn, det var 30% salg på heile butikken:))
God tirsdag til alle som er innom!
En tøysetopp til min nevø som akkurat har fylt to. Oppskrifta til denne er henta fra Pickles
Takk til alle flyreiser som gjorde det mulig å få den ferdig tidsnok:)
Nesten det beste med å bli ferdig med prosjekter, er å endelig kunne begynne nye prosjekter med god samvittighet:)
Så i dag har eg vore på garnshopping og starta på ei hekla sommerjakke til meg sjølv. ( Eg måtte berre kjøpe nytt garn, det var 30% salg på heile butikken:))
God tirsdag til alle som er innom!
tirsdag 14. mai 2013
Boyflettegenser!
Dette er virkelig ein genser man kan flytte rett inn i:)
Og er veldig fornøgd med fargevalget, er så deilig å ta på seg klær med andre farger enn det eg vanligvis bruker.
Ettersom eg prøver å bruke opp litt restegarn og garn eg har liggande, blei det eit litt anna garn enn oppskrifta.
Har brukt Pickles Tweed og drops alpakka. Funker fint. Billigere og:)
Mønsteret til denne genseren finn du her
mandag 29. april 2013
Enda ein bringebærgenser!
Eg er veldig glad i bringebærenseren. Har strikka to før. Ein i pickles angora og ein i abuelita 3 tråds garn. Abuelitaen var veldig fin ei lita stund, men eg syns ikkje garnet holder seg så godt. Og angoraen både loer og mister formen litt.
Men denne har eg trua på. Bringebærgenser strikka i pickles babymerino. Mitt yndligsgarn! ( veldig trist at det er ute av produksjon..) Eg har trua på at denne skal holde seg både i form og kvalitet!
Denne genseren beli eg faktisk veldig fornøgd med! Er heilt forelska i denne fargen:)Merka at det var litt kjedelig at den ikkje er strikka til meg sjølv( sikkert derfor eg har eit litt misfornøgd utrykk på bildet!:))
Men så er det jo utrulig gøy å gi bort noke man er veldig fornøgd med og då!
Mønsteret til denne genseren er fra dei fantastiske Pickles -jentene. Og du finn det her
Ønsker alle ei fabelaktig veke!
mandag 22. april 2013
Den varme alpakka-jakka er endelig ferdig!
Og no er den altså ferdig. det er 7 plussgrader og sol ute. Spørs om ikkje jakka blit i varmeste laget...
Men då er det jo kjekt å ha ein ferdigstrikka varm jakke til neste år!
Ha ein flott mandag!
søndag 7. april 2013
Genser til meg:)
Garnshoppestoppen holdt visst ikkje heilt ut likevel... Det var nemlig salg på det utgående garnet Pickles baby merino. Eg syns dette garnet er heilt fantastisk. Og best av alt, det er utrulig god kvalitet i dette garnet.
Strikka ein kjekkasgenser til min mann for 2 år sidan, og etter mykje bruk er den fortsatt like fin:)
Derfor måtte eg berre kjøpe dette garnet.
Mønsteret til denne genseren er fra boka Norsk Strikk.
Og ja, det var faktisk bittelitt sol då bildet blei tatt.. No er sola erstatta av snøbyger. Igjen.. Hurra for våren! :)
fredag 22. mars 2013
Danskebåtenstrikk del 2; Mariustunika
Denne tunikaen er strikka i nøstebarn sitt to trådsgarn. Det funka fint! Drops alpakka og sandnes babyull i mønsteret ( restegarn:)).
Rakk akkurat å bli ferdig med denne tunikaen før båten var inne i Oslo. Veldig fornøgd med det!
Hadde begynt på denne tunikaen før turen så, det tok meg i alt 4 dager å strikke denne.
Kjapt og moro prosjekt! ( syns det er så deilig å slippe å strikke ermer!)
No gjelder det berre å få minstejenta som faktisk skal ha denne til å gå med den.. Arg.. det er visst ikkje gøy med kjoler uten snurrefunksjon....
Jaja, eg må finne på noke smart..
No er det snart påske! Hurra! Satser på supervær, ski, sjokolade og kos heile påska!
GOD PÅSKE!
fredag 15. mars 2013
Barselgave
Ei venninne av meg har fått ei lita jente, så då var det berre å ta fatt på pinnene:) Fortsatt garnshoppestopp, så eg tok det eg hadde.
Nøstebarn sitt 3 trådsgarn funka fint til dette settet fra Pickles.
Oppskrifta på dette settet finn du her
Settet var heilt ok å strikke. Orka visst ikkje å strikke ermene til kjolen, så det blei ein tunika..:)
Ellers så var ribb-buksa ikkkje så kjedelig å strikke som eg hadde frykta. Gikk ganske fort!
Og er veldig fornøgd med å endelig ha lært meg å strikke sånn tjukk og fin snor!
God helg!!
fredag 22. februar 2013
Påskegenseren er klar!
Min søster utfordra meg til å strikke ein påskegenser, det skulle nemlig ho og gjere. Og sjølvsagt tok eg utfordringa. Hadde ikkje nok gult garn til heile genseren, så det måtte bli striper. Men syns no den blei påskete likevel.
Denne påskegenseren er forøvrig restegarnprosjekt nr.3. Er veldig stolt over å kun ha brukt restegarn på denne genseren. Litt korte ermer blei det. men men:)
Mønsteret på denne genseren her har Pickles sin bettygenser. Liker det mønsteret så godt!
Og no er det helg! Hurra!!
lørdag 2. februar 2013
Mariuskjole til ei rosafrelst lita jente
"Rosa, rosa, roooosa! Æ elske rosa!! Og no e alt rosa, alt mætscher. E bare heeelt perfekt! Hurra!"
Jepp, så lenge alt er rosa kan det umulig slå feil...
Denne mariuskjolen begynte eg på lenge før jul. Men av en eller anna grunn har den kommet i skyggen av andre strikkeprosjekter.. Men den blei no ferdig til slutt, og Signe er fornøgd. Så då er alt som det skal være:)
God lørdag!
Jepp, så lenge alt er rosa kan det umulig slå feil...
Denne mariuskjolen begynte eg på lenge før jul. Men av en eller anna grunn har den kommet i skyggen av andre strikkeprosjekter.. Men den blei no ferdig til slutt, og Signe er fornøgd. Så då er alt som det skal være:)
God lørdag!
torsdag 24. januar 2013
Restegarnprosjekt nr.1
Restegarnprosjekt nr.1 er ferdig!
Hadde to og et halvt nøste igjen etter at eg var ferdig med bestefartrøyen. Har fortsatt 1 nøste igjen etter at desse var ferdige.. hm.. må finne på noke lurt med det siste nøstet:)
Eit så fint garn må tross alt brukes til noke fint:)
Veldig fornøgd med desse håndleddsvarmerene altså. Oppskrift er fra Marte Helgetun
Og så må eg berre legge med eit solbilde fra i formiddag:)
Det er så deilig når sola endelig kjem inn kjøkkenvinduet igjen! Etter at den har vore borte i 2 måneder, er det virkelig herlig når den er tilbake!
Hadde to og et halvt nøste igjen etter at eg var ferdig med bestefartrøyen. Har fortsatt 1 nøste igjen etter at desse var ferdige.. hm.. må finne på noke lurt med det siste nøstet:)
Eit så fint garn må tross alt brukes til noke fint:)
Veldig fornøgd med desse håndleddsvarmerene altså. Oppskrift er fra Marte Helgetun
Og så må eg berre legge med eit solbilde fra i formiddag:)
Det er så deilig når sola endelig kjem inn kjøkkenvinduet igjen! Etter at den har vore borte i 2 måneder, er det virkelig herlig når den er tilbake!
lørdag 19. januar 2013
Bestefartrøye i superdeilig hexagarn
Ny favorittgenser!
Dette er virkelig ein utrulig deilig genser.
Oppskrifta er fra Marte Helgetun
Enkel og veldig kjapp genser å strikke:)
Ønsker alle ei flott helg!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)