Viser innlegg med etiketten DT-Arnlaug. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DT-Arnlaug. Vis alle innlegg

lørdag 5. mai 2018

Art journaling med mermaidmarkers

Heisann:-) I dag vil eg vise fram artjournaling der eg kun har brukt 3 ulike produktrer, alle fra Jane Davenport. Eg har laga desse sidene i den litle jornalen hennar.  Desse bøkene er heilt fantastiske med nydelig akvarell papir som passer perfekt til mermaidmarkers:-)


Sidene er laga ved at eg rett og slett har leka meg med mermaidmarkers og incredible pen. Desse produkta er ikkje vannfaste og byr på både utfordringer og spennande, herlige resultat:-) Dama til venstre er tegna med incredible pen og fargelagd lett med mermeidmarkers. Siden blekket eg har i pennen ikkje er vannfast er det heilt supert å skyggelegge ved å dra over med ein vannpensel. 


Jentene til høgre er laga ved å stemple med rød mermaidmarkers og eit av ansiktsstemplene til Jane. Det blir ikkje eit perfekt stempeltrykk men eg syns det blir eit veldig levende utrykk og gir rom for variasjon. 


 Eg har brukt paint over pens til litt detaljer og highlights


 Mange av mermaidmarkersene har eit nydelig shimmer i seg. Ikkje så lett å få fram på bilde, men heilt fantastisk nydelig<3


Produkter:



mandag 30. april 2018

Maleri i akrylmaling

Hei hei:-) Endelig er det blitt skikkelig vår her i vest og inspirasjonen bruser:-)

Denne veka blir det mixed media og maling fra meg og i dag vil eg vise eit maleri laga på ei plate fra utskjæret av et paspatur. Genialt å bruke til malerier!


Bilder er laga ved at eg først limte på diverse papirbiter for å skape tekstur i bakgrunnen. Eg digger teksturen fra kakeservietten<3 

Så har eg rett og slett leika meg med farger og laga ulike "merker" i bakgrunnen. Til slutt såg eg denne jenta og malte ho fram;-) Storkosa meg:-) 

Eg har brukt Magic wands (fargeblyanter) fra Jane Davenport til detaljer og litt skribling. 
 Eg har og brukt inkagold fra Viva rundt om kring for å fremheva teksturen. 




Produkter:
Akrylmaling: Amsterdam og Jane Davenport
Matte medium: Jane Davenport
Inkagold fra Viva 



fredag 16. mars 2018

Artjournalingtutorial og månedens utfordring #3

Hei og hopp:-) Då var det helg alt og våren er rett rundt hjørna:-) Guri land kor eg glede meg!

I dag er det tid for ny utfordring og denne gongen blir det

STENSILER

Bruk stensiler på ein eller anna måte på prosjektet ditt. 

Legg inn bidraget ditt i kommentarfeltet, og du har frem til 14.04.2018 kl.23.55

Eg har laga ein slags tutorial på ei artjournal side og har filma heile prosessen då eg laga sida:-) 




Og litt bilder: 






Produkter
Gesso
Maling

Ha ei strålande helg:-) 







onsdag 14. mars 2018

mixed media tag

Hei hei:-)

I dag viser eg fram ein tag som er litt meir tidkrevande å laga enn LOen eg viste fram på mandag, nemlig ein mixed media tag. Eg elsker denne stilen. Den har uendelig med muligheter og er så utrulig fri:-) Du veit aldri heilt korleis resultatet blir og derfor gjer det ingenting om ein gjer noko "feil" for det er ofte med på å gjer resultatet enda bedre enn ein hadde tenkt:-) Så "happy accidents" er veldig velkommen for min del;-)

Denne tagen er laga av restepapir og restemaling og medium etter eit anna prosjekt. Ofte når eg held på med eit større prosjekt har eg ein tag ved sida av til å ha på restene så dei ikkje går til spille.


For å lage tagen har eg limt på rester av papir, tissue, osteklut og washitape. Deretter har eg hatt på eit tynt lag med gesso for så å spraye med glimmermist. Husk å tørke mellom laga. 



Til å pynte tagen har eg brukt eit bilde fra eit utklippsark og ein del av eit gammalt smykke. 

 Pynten gjekk raskt då smykket utgjer mesteparten av den. Ei fjær og litt Papirdesign klistermerker og bånd og vips så var den ferdig:-) 

mandag 12. mars 2018

Clean & Simple

Hei hei:-) No er det lenge sidan eg har hatt innlegg i bloggen, så det skal bli veldig kjekt å få dele litt igjen:-) 

Eg startar veka mi veldig enkelt og greit med ein clean & simple layout. Når eg ikkje held på med mixed media er det nok denne stilen eg likar best. Her får bilete spela hovedrolla og så er det jo kjekt at det går så raskt å laga og;-) 



Denne layouten er laga ved å male på eit akvarellpapir med Jane Davenport mermeid markers. Så tok eg eit panel i kvit kartong og stansa ut ordet. Deretter limte eg arket eg hadde mala på under panelet og limte det så over på ein kvit bazzil. 


 Ellers er det veldig enkelt pynta med litt hyssing, klistermerke og eit hjerta stansa ut av rester fra eit ark eg har brukt tul å testa ut akvarellmaling. 


Produkter:

fredag 8. desember 2017

To interaktive vinterkort, color-slider-kort og shakerkort

Hei:-) I dag vil eg vise dere to interaktive vinterkort, eit color-slider-kort og eit shaker kort. Kosa meg veldig når eg laga desse:-) 

Eg har brukt stempel fra Heartfelt og Papirdesign som hovedmotiv. 

Det første kortet er eit enkelt shaker kort, med ein søt snømann fra Papirdesign. 

 Bakgrunnen er påført distress ink. Eg limte så nokre snøbakkar og trær på og dekka alt med vellum. Så limte eg på ein ny snøbakke og eit tre før eg limte på snømannen. Snømannen er fargelagd med Copics og så klippa ut og limt på. Rundt bakgrunnen har eg brukt 3D tape, det kan være ein fordel med dobbelt lag tape for å få kortet til å shake skikkelig. Eg har berre eit lag på dette kortet. På ramma har eg limt eit lag acetate, så putta eg oppi diverse paljetter og glitter før eg la ramma over 3D tapen. 

Ellers er kortet enkelt pynta med tekst fra samme stempelplate som snømannen og matchende kortbase. 

Så var det color-slider-kortet:

Desse små korta har eg fått heilt dilla på:-) Er så gøy å dra opp den kvite skilleveggen og sjå fargene på kortet skifte:-) Her har eg brukt nydelige stempel fra Heartfelt creations "Woodsy critters", eg har brukt diesen som høyrer til for å kutte ut figurene på framsida av kortet. Her er det veldig viktig å få stemplinga heilt perfekt på bakgrunnen og på acetatet. Litt vanskelig kan det være. Eit tips er å holde det stemplede acetatet på plass over bakgrunnsstempelet med washi tape før du limer på ramma. Så berre drar du ut washitapen etterpå. 

Eg liker å holde desse korta enkle på utsida med få farger. 


 Men når du drar i taben..... 


...kommer fargene fram:-) Eg er ein nybegynner på fargelegging, så det er ikkje så veldig fancy enda;-) 

Produkter: 
Stempel: 

Ha ei strålande helg:-) 



torsdag 7. desember 2017

Raske julekort

Hei hei:-) I dag slår eg eit slag for hurtigscrapp:-) Mange liker å lage julekort og koser seg med det lenge før jul, eg har endelig blitt gla i å lage kort eg og:-) Meeeeeeen..... det er ein kjent sak at julestresset innhenter mange av oss og at det plutselig dukker opp nokon ein har gløymd å lage kort til. Så då er det jo flott å ha raske alternativer:-) 

Eg har laga to ulike typer kort. Ein type med fargelegging, eit med stempling med ein litt "moderne" vri. Begge deler går superraskt:-) 



Dei første korta har eg fargelagt med Copics og Promarkers. Eg er ganske fersk på fargelegging men desse herlige motiva fra Papirdesign gjekk ganske greit å fargelegge:-) Så har eg festa arket med stempeltrykket på kortbaser med farger som fremhever stempeltrykket - enkelt og greit:-) 


 Dei to andre er ganske annerledes. Her har eg stempla eit slags juletre med eit trekantstempel og brukt tre ulike farger. Teksten blei desverre litt utydelig, men eg tenkte eg kunne vise fram ideen uasett, sjølv om ikkje resultatet blei like bra;-) Har du ikkje trekantstempel er dei små gelliplatene fra gelpress supre til dette:-) 


Produkter:
Stempler fra Papirdesign: Nisse med lykt, Kommer nissefar, Det du håper på

mandag 4. desember 2017

Interaktive kort med Lawn Fawn

Hei hei:-) Håpar alle har hatt ei herlig første adventshelg<3

I dag skal eg vise dere to enkle interaktive kort med stempel frå Lawn Fawn. Eg har aldri vært ein kortlager, men ein dag kom eg over kanalen til Lawn Fawn på YouTube og då blei eg brått hekta:-) 
Lawn Fawn sine produkter er som regel ganske små og meint til å passe til eit standard kort. Eg elsker jo alt som er smått og søtt så ikkje rart eg er hekta;-) Og så er det jo veldig kjekt å bruke diesene som høyrer til stemplene då:-) Elsker å poppe dei ferdigfargelagde motiva ut av diesen:-)

Det første kortet er eit Pop-up kort med stempel og dies frå Jump for Joy. Dette var utrulig raskt og morsomt å lage:-) Utsida av kortet er enkelt dekorert med eit "belte" til å holde det igjen, og eit søtt lite stempeltrykk som hadde blitt til overs etter eit anna prosjekt. 


Innsida er laga ved å inke bakgrunnen med Distress ink. Dei søte små dyra frå Jump for Joy koser seg i snøen:-) Dette er egentlig eit høststempel men dyra kan jo brukes året rundt:-) 




Det andre kortet er eit slider kort. Dette er eit litt annerledes julekort:-) Me skal reise vekk i jula, til varmere strøk og bade masse, så då måtte eg berre lage julekort av Duh-nuh stempelet:-) 

Bakgrunnen er igjen laga med Distress ink. Her har eg og dryppa over litt vatn for å få ein litt bedre følelse av sjø. 

Dette kortet knota eg litt meir med. Prøvde først å lage slider mekanismen av sirkler med kartong limt oppå kvarandre, men det blei ikkje tungt nok til at den "slida" skikkelig. I tillegg hadde eg 3D-tapen for nærme toppen av bølgekanten, så halen til haien dunka borti den og laga bråstopp;-) Men bytta ut kartong sirklene med kronestykker og flytta tapen lenger ned så no sklir den ganske så bra:-D



Liten film så du får sjå slideren i funksjon:-) 



Produkter:
Lawn fawn Jump for Joy stempel og dies
Lawn fawn Duh-nuh stempel og dies

Ha ein strålande mandag:-) 





onsdag 1. november 2017

Mini artjournaling ~ minner om utfordring

Hei hei:-) I dag har eg eit raskt innlegg for å minne om utfordringen, som er å bruke maling på prosjektet ditt. Du har enda 14 dager på deg, så du har goooooood tid til å levere inn ditt bidrag å vinne denne nydelige premien:-)



Det er kommet inn mange flotte bidrag, så ta gjerne ein tur innom bloggene til dei andre som har deltatt for inspirasjon (linker i kommentarfeltet på utfordringsinnlegget). 

Du kan jo ha maling på dei aller fleste prosjekter, men eg har, som så ofte nå for tida, ei art journal side. Blei så utrulig inspirert på seinsommeren etter eit kurs med Kate Crane, at eg nesten ikkje klarer å lage noko anna:-) Men vent nokre veker/måneder til så får du sett ei heilt ny side av meg;-) 


Denne sida er laga ved å legge maling lag på lag, først med brayer, så gjennom stensiler. Tok på litt washi tape mellom malingslaga, så dei ikkje blei dekka heilt. 

Så har eg stempla med fleire ulike farger som matcher malingen. 


Har doodla litt rundt om kring med både kvit og svart penn. Til slutt har eg limt på utklippa tegninger og ord. Siste finish er litt stickles her og der:-) 


Produkter:
Diverse stempel, desse fra Tim Holtz er supre til bakgrunnar
Mange ulike farger stempelputer fra Archival ink og Ranger


Ha ein nydelig november dag:-)