Viser innlegg med etiketten Knappar/Buttons. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Knappar/Buttons. Vis alle innlegg

søndag 16. mai 2010

Ein gul knapp…

… eller blå, grøn og raud?

DSCF3094

Eg fann fram knappesamlinga og leika litt i går.

Eg likar best dei gamle glassknappane. Blir alltid litt ekstra ivrig dersom eg finn slike skattar på bruktbutikkane. Dessverre er det sjeldent å finne knappar, dei har visst blitt altfor populære.

DSCF3099

Dei fleste glasknappane var malte originalt. Dessverre så går malinga av i vask, så på mine knappar er det berre nokre malingsrestar igjen her og der.

DSCF3103

Og det spørs vel om desse knappane nokon gong vert brukt av meg. Dei er altfor fine til å sjå på…

--------------------------

I had fun with my button collection yesterday. These are my favourites. Many glass buttons. Unfortunately it’s not often I find nice buttons at the thriftshops now.

But oh, so fun it is when I’m lucky to find some :)

søndag 7. februar 2010

Knappar til samlinga

DSCF2212

Eg hadde flaks ein dag eg gjekk innom bruktbutikken. Ho som jobba der den dagen hadde akkurat henta knappesamlinga si. Knappar ho hadde samla frå avlagde klede. Ho kunne nesten fortelje om kva for kjole nokre hadde vore på – for lenge sidan. Eg venta høfleg på min tur til å kike gjennom posen. Heldigvis var det nokre skattar igjen til meg som knappegal dame nr 3.

Knappar er nok ganske populært for tida, ikkje ofte eg finn slike på bruktbutikkane no. Så der hadde eg flaks.

Gullfatet er også frå “brukten”. No har eg ei lita samling av desse.

-----------------------------

Lucky me. I came in to the thrift shop just as the lady working there took out her button collection. Buttons from clothes she had before. I waited patiently in line to look through the bag. And there were some nice ones left for me, crazy button lady nr 3.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails